Blikkfang: Lena Trydal målar figurativt, med motiv henta frå populærkulturen satt samen med knæsje fargar.

Kunstnarane som ikkje får plass

Lena Trydal (28) søkte på KhiO sju gonger, men vart aldri vurdert. Ho trur det er grunna fordommar mot det figurative formspråket.

Publisert Sist oppdatert

Figurativ kunst

  • Billedleg framstilling i kunst som
  • førestiller eit motiv bygd opp av

    figurar eller konkrete element.

  • Motsetning til non-figurativ
  • eller abstrakt kunst.

  • Kunst eller visuell kunst som
  • sådan inneber òg mellom anna

    performance, installasjon,

    mediekunst og fotokunst.

    Kilde: snl.no

Ynskjer du å verte kunstnar, risikerer du mykje. Det er hard kamp om plassane på kunstskular og utstillingar. For nokre kan det vere endå vanskelegare.

I haust vart Odd Nerdrum refusert av Haustutstillinga, eit statleg prosjekt der kunstnare kan søke om å få utstilt verka sine i ei gruppeutstilling som skal vise kva norsk samtidskunst har å by på. Då Nerdrum stilte ut måleriet sitt privat, hevda han under avdukinga at modernismen er ein sopp som har teke over vårt samfunn, ifylgje Klassekampen. Han meinte det modernistiske hadde teke over på bekostning av det klassiske. Men korleis står det til med dei figurative kunstnarane? Universitas har teke ein prat med to unge kunstnarar innanfor det figurative formspråket.

Lena Trydal (28) kom inn på kunstakademiet i Haag i Nederland. Då ho ikkje treivst der, drog ho til Oslo for å fortsette utdanninga her. Så lett skulle det ikkje bli.

I atelieret hennar i Storgata, står det eit måleri av Mark Zuckerberg på staffeliet. Han er portrettert som ein heltefigur ikledd kongekappe, med ein dramatisk himmel i bakgrunnen. På golvet står eit gult Grandiosa-måleri og Trydal viser fram eit bilete av ein aubergine i solnedgang. Her skal klisjeane fram og samtidsfenomen parodierast.

Trydal har søkt Kunstakademiet sju gongar. Ikkje ein gong har ho blitt invitert til opptaksprøva. Kunstakademiet er Kunsthøgskulen i Oslo (KhiO) si reine kunstnarlinje. Elles har høgskulen linjer innanfor kunst og handverk, men Kunstakademiet er det store om du vil bli kunstnar.

Lena Trydal måler figurativt, med sterke fargar og motiv frå populærkulturen. Figurativ kunst er ifylgje Store norske leksikon kunst der motivet er bygd opp av konkrete element, i motsetning til det non-figurative og abstrakte. Måleria til Trydal er ofte satiriske.

– Det krev naivitet og pågangsmot.

Lena Trydal, kunstnar

Ho viser stolt fram kunsten sin, men då Trydal fyrst vart avvist av Kunstakademiet, vart ho usikker på eigne evner:

– Ein kan verte veldig sjølvkritisk og tenkje «er det fordi eg er for dårleg?» Men no når eg byrjar å verte ein etablert kunstnar, ser eg at det må vere noko meir.

At ho framleis er kunstnar, har ho jobba for sjølv.

– Det krev naivitet og pågangsmot.

Trydal seier ho møter på ein del fordomar rundt det figurative måleriet i kunstbransjen. Folk som hever på augebryna og trur at ho ikkje har forstått at figurativt måleri er utdatert. Eller bransjefolk på utstilling som ser seg om i rommet etter ein annan å prate med, så fort dei høyrer kva Trydal driv med.

Les også: KhiO kutter i budsjettet: – En reell nedprioritering fra ledelsen

På innsida (nesten)

20 minutt gonge frå atelieret til Trydal, ligg KhiO langs Akerselva. Her jobbar Vebjørn Pedersen (26) som går på linja grafikk og teikning. I ein krok langsmed ein fellesgang har han sin arbeidsstasjon. Bibelen står framme, og bileta har ein gjennomgåande bibelsk tematikk. Nett no jobbar han med ein kopi av Rubens’ «Massakren på dei uskuldige» frå 1600-talet.

– Eg trur eg er den einaste på skolen som jobbar med dette formspråket.

Vebjørn Pedersen, student på tegning og grafikk ved KhiO

Pedersen målar innanfor det såkalla klassisk-figurative. Her fylgjer han ein tradisjon som har utvikla seg over mange hundreår.

– Litt av grunnen til at eg jobbar på denne måten, med studie og kopiar, er fordi det ikkje er ein betydeleg del av undervisninga her.

Pedersen har søkt ein gong på Kunstakademiet med eit figurativt, men ikkje klassisk uttrykk. Han er glad for at han ikkje kom inn, fordi han har høyrt at det er lite fokus på fag der.

– Det er definitivt ikkje noko klassisk. Eg trur eg er den einaste på skolen som jobbar med dette formspråket.

Han opplever at lærarane ikkje har den kompetansen som trengst for å fylgje han opp. I vurderingar med lærarar frå alle linjene på Kunst og Handverk, seier dei at det er vanskeleg å gi han tilbakemelding. Pedersen trur KhiO kunne hatt godt av å trekkje inn det klassiske i undervisinga.

– Uansett om du jobbar figurativt eller abstrakt, er det dei same reglane for farge, spenning og komposisjon. Om du terpar på klassisk kunst, så vil du bli ein betre kunstnar, uansett om du har tenkt til å jobbe figurativt eller abstrakt, seier Pedersen.

Les også: Kunstnerportrett: En selverklært prettyboy

Politikk trumfar estetikk

Lena Trydal opplever at det har vore vanskeleg å kome dit ho er i dag, med fordomane ho meiner finst i kunstverda. Ho trur det skiljast mellom høgkulturell og lågkulturell kunst. Det figurative vert sett på som amatørmessig, meiner ho. Det er ikkje alltid heilt feil. Ho undrar seg på om det finst ein del uproffe figurative målarar fordi det ikkje er ein plass til dei på akademiet.

– Det treng ikkje å vere ein negativ ting. Det er eit kort ein kan spele på. Eg har eit veldig interessant publikum, det er litt sånn «alle» folk, seier Trydal.

Ho måtte jobbe sjølv for å få eit publikum. På akademiet kunne ho knytt nettverk og fått anerkjenninga som høyrer med.

Vebjørn Pedersen trur noko av grunnen til at Kunstakademiet har gått vekk frå det klassiske og figurative ligg i politikk og kultur, heller enn i estetikk.

– Det er ein del av eit postkolonialistisk prosjekt som har gjort eit inntog i universitet i heile Vesten. Denne typen kunst har vorte drive av hovudsakeleg kvite menn.

Når ein ynskjer eit større mangfald, trekkjer ein seg gjerne unna den kunstnariske tradisjonen som er utvikla utan eit slikt mangfald, meiner Pedersen.

Kunstnaren bryr seg lite om kva slags retning KhiO går i for sin eigen del. Det er mange vegar å gå om ein vil bli proff. Han opplever at han får god respons på dei tinga han stiller ut, men denne kjem heller frå folk utanfor kunstfeltet.

– I Noreg i dag har vi briljante figurative kunstnarar innanfor alle uttrykk, og dei er ikkje diskriminert

Øivind Storm Bjerke, kunsthistorikar ved UiO

Offermentalitet

Lena Trydal ynskjer å ta til orde for mangfald i kunstmiljøet fordi ho trur at figurative talent gir opp før dei har prøvd.

Øivind Storm Bjerke er kunsthistorikar, og meiner det ikkje er noko synd på dei figurative kunstnarane.

– I Noreg i dag har vi briljante figurative kunstnarar innanfor alle uttrykk, og dei er ikkje diskriminerte, seier han.

Bjerke meiner det ligg ein offermentalitet til grunn når figurative kunstnarar seier det ikkje er plass til dei. Han fortel at kunstbransjen er knalltøff og konkurranseprega, og at ein kvar slit med å lukkast.

Lena Trydal ynskjer ikkje å vere offer, men meiner det er uheldig for mangfaldet i kunsten viss nokre uttrykk vert utelukka. For Trydal sjølv byrjar det å gå greitt.

Les også: Krass kunstkritikk på Khio: – Jeg tror ikke folk tør å si høyt det man mener på denne skolen

Eg kallar det kunst

Når det nye Nasjonalmuseet skal opne i sommar, er ho del av opningsutstillinga. «Jeg kaller det kunst» skal vise fram verk av 150 kunstnarar som ikkje er kjøpt inn i samlinga til museet. Her skal dei ta opp «hva som er utenfor og innenfor i kunsten». Trydal stiller med eit satirisk gruppeportrett av kongefamilien. Ho synst det er kult av Nasjonalmuseet å ha ei sjølvransakande utstilling der dei stiller spørsmål ved si eiga makt. Ho håper at det kan verte meir aksept for det figurative elles i kunstverda.

– Det er synd at dei figurative kunstnarane har så mykje lenger å gå for å verte akseptert, for no kjenst det som den døra er litt stengd.

Pedersen meiner også at det er tøffare å etablere seg som kunstnar i Noreg med eit figurativt, og særleg eit klassisk-figurativt uttrykk. Han får lite hjelp innanfrå kunstmiljøet, men synst ikkje det er eit problem. Han er nøgd med å gå sin eigen veg.

– Eg ser på det som ei utfordring som er verd å ta. Eg trur det er positivt. Viss du går motgongen i møte, blir du sterkare av det.

Han meiner at det blant nokre kunstnarar er ein tendens til å innordne seg etter kva slag kunst som gir stipend og aksept. Slikt vil han ikkje ta del i.

Powered by Labrador CMS