Kygo treng ikkje Norges musikkhøgskole
Kulturredaktør i Universitas, Morten Schwencke, uttalar seg onsdag 16. februar krast om studietilboda ved Norges musikkhøgskole (NMH), og startar ut med det spissformulerte spørsmålet [«Hvor er Oslos Kygo-skole?» i tittelen](1).
Schwencke stiller spørreteikn ved om NMH er oppdatert i høvet til arbeidsmarknaden for musikarar, og kritiserer institusjonen for ikkje å ha eigne studeretningar for «den moderne» og kommersielle musikkbransjen, der det er mogleg å ha laptop som hovudinstrument. Universitetet i Agder og privatskolar i Oslo som Westerdals og NLA i Staffeldtsgate blir nemnd som utdanningar med slike tilbod. Det antydast som eit problem at stortselgande artistar som Kygo, Thomas Dybdahl og Astrid S. ikkje har vore studentar ved NMH. Det spørs om dei sjølve syns problemet er så stort.
Vi hadde gjerne sett at Schwencke gjorde rede for kva han bygger dei skråsikre påstandane om studietilboda ved NMH på, utover det å ha delteke på ein opptaksprøve. Sjølv om det kunne vore fristande å gå laus på alle unøyaktigheiter og absoluttar i kommentaren, velger vi å sjå den som eit insentiv til ein konstruktiv debatt.
Slik var Dagnys vei til suksess: – Du kan ikke gå på skole for å finne ditt eget uttrykk, din egen stemme
Kritikken av det som blir oppfatta som utestenging av visse sjangrar tangerer ein sentral diskusjon som i Noreg har pågått sidan 1970-talet (og derfor har utspelt sin provokative kraft): Kva for musikkuttrykk og -kulturar får plass i institusjonane? Er ungdommens musikkultur henvist til gata og garasjen? Kan det sjåast som ei demokratisering av musikklivet å innlemme rock, jazz, folkemusikk, elektronika, bluegrass og visesong på skolane, eller fører det til ei uheldig akademisering av sjangrar som gjer at dei stivnar og mister si opprørske sprengkraft? Dette er viktige spørsmål, og er gjenstand for stadige diskusjonar innanfor høgre musikkutdanning i Noreg. Den musikkpedagogiske forskninga har dessutan kome lenger enn å redusere dei til enkle motsetningar. Frå ein utdanningspolitisk ståstad er biletet nemleg meir samansett enn Schwenke kanskje er klår over.
For det første kan det studentane faktisk får tilgong til av erfaring på ein institusjon vere vanskeleg å lese ut av studieplanar. Rett nok er til dømes sjangernemninga «improvisert musikk/jazz» ved NMH eit medvite val med tanke på kva profil institusjonen ønsker å signalisere. Men vel så viktig som sjangerprofileringar er det med fleksibilitet i møte med studentane sine interesser. NMH har allereie uteksaminert bachelorstudentar med laptop som sitt musikalske hovudinstrument, og den som følger eksamenskonsertane på Nasjonal Jazzscene kvar vår vil oppleve eit stort antall med element av live electronics. Den sjangerrikdomen NMH representerer samlast ofte i ei improvisert tilnærming til å skape musikk.
For det andre er det ikkje automatikk i at fordi èin institusjon har profilert seg på eit felt der dei har tilsette med høg spisskompetanse (til dømes UiA), så skal andre institusjonar av den grunn ile til og tilby det same. Dei utøvande musikkinstitusjonane i landet diskuterer faktisk om dei i større grad skal konsentrere seg om å utvikle ulike spesialiseringar, for å nettopp sikre nasjonal breidde og høg kvalitet på utdanningane.
Til slutt vil vi berøre det at Schwenke later til å ta for gitt at kommersiell verdi i musikk er eintydig positivt, og den viktigaste drivkrafta bak å utdanne seg på området. Her må vi minne om offentlege kunstutdanningsinstitusjonar sitt mandat: Dei skal på den eine sida «levere» arbeidskraft som samfunnet har behov for. Om ein drar forståinga av denne dimensjonen langt kan ein kanskje tenke at kommersiell musikk er uttrykk for eit slikt samfunnsmessig «behov». Likevel må ein spørre om statlege utdanningsmidlar skal finansiere det Youtube, X-factor og Urørt tar seg av. Poenget er at kommersiell etablering allereie har mange kanalar, og Kygo har ikkje hatt behov for NMH. Det har derimot unge musikarar innan mange andre sjangrar.
Thomas Dybdahl om studietiden: – Jeg var skeptisk til pensum og til foreleserne
På den andre sida skal institusjonane utgjere ei motvekt og utfordre majoritetssamfunnet, medrekna kommersielle interesser. Institusjonar skal ikkje berre respondere på kva som til ei kvar tid selger mest. NMH forvaltar tradisjonar og kunnskap som er utvikla over tid. At institusjonar endrar seg langsomt og ikkje hoppar på forbigåande trender kan derfor vere positivt, dersom dei samstundes greier å vere plastiske i møtet med studentane sine eigne musikkulturar. Her er dømet med Kygo i overskrifta ypparleg egna for å illustrere vårt poeng: Utan å dra fram kvalitets- og autentisitetsdiskusjonar her, vil vi understreke at Kygo ikkje nødvendigvis er representativ for all musikk folk vil ønske å utøve eller bruke/lytte til i framtida. Ein kan tvert i mot hevde at denne hyper-kommersielle sampling-musikken er smal musikk, fordi den kan opplevast eindimensjonal og forflata.
Men å oppleve den som energirik og verdifull er akkurat like legitimt. Og det å kunne reflektere kritisk og nyansert over slike forhold, og å bruke denne refleksjonen inn i sitt musikalske utøvande virke, er kanskje det aller viktigaste læringsmålet for utdanningsinstitusjonar i musikk.