Limbo: Det er fortsatt ikkje nokon løysning i sikte i kulturstreiken. Likevel gir ikkje Tuva Marie Jansen Sverkeli opp Amadeus-draumen heilt enda.

Streik i kultursektoren:

- Føler meg veldig makteslaus

Songaren Tuva (22) tok permisjon frå studia for å vere med på forestillinga Amadeus. På grunn av streik i kultursektoren er forestillinga avlyst. No veit ho ikkje korleis dei neste månadene ser ut.

Publisert Sist oppdatert

Kven streiker?

  • 8. september vart 435 medlemmar i CREO, NTL og Fagforbundet teke ut i streik.
  • 22. september vart den trappa opp til 556 personer.
  • Bakgrunnen for streiken er krav om ny pensjonsordning. Arbeidstakarane ønskjer hybridpensjon som varar livet ut i staden for innskuddspensjon, som er den noverande ordninga.
  • Her er det streik i Oslo: Den Norske Opera og Ballett, Det norske teatret, Nationaltheatret, Oslo Nye Teater.

– Sånn som situasjonen er no, føler eg meg veldig makteslaus. Eg har jo teke permisjon i eit heilt år, og så ender eg eigentleg opp utan erfaring og utan jobb, seier Tuva Marie Jansen Sverkeli

Sverkeli har teke permisjon frå studia ved Norges musikkhøgskole for å satse alt på frilanskarrieren. Det fekk ein bråstopp 8. september, då 435 kulturarbeidarar vart teke ut i streik. Som følge av streiken, der både musikarar og scenearbeidarar er teke ut, vart produksjonen ho var ein del av avlyst.

For Sverkeli, som er songar, var det ei rolle i forestillinga Amadeus i Kilden konserthus som var hovudgrunnen til å søkje permisjon frå studiet i Oslo. Som mange andre i produksjonen er ho frilansar og midlertidig tilsett, og kan dermed ikkje bli teke ut i streik. Etter vekesvis med innøving vart premieren avlyst. Ho skulle etter planen jobbe på produksjonen frå 6. august til 16. oktober, men no er situasjonen svært usikker.

– Eg har satt livet på pause. No bur eg i Kristiansand utan å ha noko studieplass å gå tilbake til eller andre jobbtilbod eg kan hive meg på.

Les også: Statskupp på 1-2-3

Mistar viktig moglegheit

Brynjar Onsøien er nyutdanna sangar frå Barratt Due musikkinstitutt og skulle vore med på same produksjon. Onsøien har jobba som frilansar gjennom heile studiet, men i Amadeus skulle han endeleg ha ei større rolle som solist.

– Sjølv om eg har lina opp meir jobb framover, er det surt at eg ikkje får den eksponeringa. Det er liksom den fyrste ordentlege solistjobben etter studiet.

Usikkerheit er eit ord som går igjen hos begge, og dei er prega av å ikkje vite kva dei neste vekene bringar.

– Eg har sette livet på pause. No bur eg i Kristiansand utan å ha nokon studieplass å gå tilbake til eller andre jobbtilbod eg kan hive meg på.

Tuva Marie Jansen Sverkeli, sanger og student ved NMH

– Det verste med det er at sidan vi ikkje er teke ut i streik, så er det usikkerheit rundt ei eventuell kompensasjonsordning. Altså: Det går utover oss som arbeidstakarar. Og så vert vi satt i ein litt sånn rar situasjon der vi sjølvsagt støttar streiken, men det er vi som tek støyten som frilansarar, seier Onsøien.

Les også: Dette er studentledernes krav til den nye regjeringen

Går utover frilansarar

Både Sverkeli og Onsøien er fagorganisert i CREO. Dei støttar kollegaenes kamp for ein betre pensjon, men prisen er høg, og Sverkeli påpeikar at frilansarane fell mellom to stolar. Dei kan verken streike eller nyte godt av pensjonsordninga det streikes for.

– For min del er ein sånn avlysing ein veldig høg pris å betale.

Sjølv om ho har tillit til fagforeininga, etterspør Sverkeli ein heilt konkret grunn til at streiken er positiv for frilansarar.

– Vi vert satt i ein litt rar situasjon der vi sjølvsagt støttar streiken, men det er vi som tek støyten som frilansarar.

Brynjar Onsøien, sanger og frilanser

Nestleiar i CREO Christine Thomassen synes det er ekstra leit med streik etter eit og eit halvt år med pandemi. Ho er tydeleg på at streiken er siste utvei i ein konflikt, som ho skildrar som uforståeleg og eit løftebrudd frå arbeidsgivarane.

– Sjølv om mange føler seg direkte skadelidande no, og difor kanskje synes det er blodig urettferdig, noko vi har stor forståing for, så er det indirekte ein kamp for heile kulturlivet. Men eg forstår at det ikkje føles sånn, seier Thomassen.

Maren Sofie Nyland Johansen er studentrepresentant i CREOs fylkesstyre i Oslo. Ho oppfordrar studentar til å støtte streiken, og er einig med Thomassen i at det handlar om heile kulturlivet.

– Viss frilansarar tek oppdrag i til dømes Operaen på kontrakt, vil dei også få ei pensjonssparing som er meir gunstig for dei. Så vi streiker for framtida vår. Det er jo ingen som vil streike, så ein skal ikkje tvile på at det er viktig når dei fyrst gjer det, supplerer Nyland Johansen.

Les også: På utveksling i egen stue

Gir ikkje opp

Sjølv om dette er ein skikkeleg hump i vegen, angrar ikkje Sverkeli på valet om å ta permisjon. - Eg ser absolutt lyst på året framover, og heier på at kulturlivet skal kome seg vidare. På spørsmål om motivasjonen for å satse på ein frilanskarriere er svekka, er svaret klart.

– Motivasjonen min for å satse som frilansar er om nok endå større slik som ting er no, fordi eg veit at vi treng eit nettverk av dyktige frilansarar for å forbetre forholda i yrket. Det ser eg på som eit viktig samarbeid mellom bransjefolk som eg er stolt av å vere ein del av.

Powered by Labrador CMS