Illustrasjonsfoto: Christian Breidlid

Meir laissez-faire på Blindern.

Det er blåøygd å tru at Frederikkeområdet ikkje skal vere del av allmenn norsk marknad, skriv Andreas Osnes.

Publisert Sist oppdatert

Treng me ein voksesalong på Blindern? Ja.

Etter eit lurvete ordskifte mellom UiO og Wax on Wax off på Frederikke, [tar Jens Lægreid i Grøn Liste](2) til orde for at me legg ned heile salongen og opnar ein brukthandel. Treng me ein voksesalong på Blindern? Ja. Me burde alle vere så laissez-faire av oss å vedgå at verken janting frå dei grøne, eller moralske ideal, kan stå imot marknadskreftene.

La ein ting vere klart: Du ser ikkje meg inne på den salongen, men om det finst folk som vil ta den i bruk, så skal dei få gjere det, utan dårleg samvit. På den andre sida av gangen ligg det ein frisør med plakatar som skildrar eit kvinneideal ingen kan nå. Skal me legge ned den også? Inne på daglegvarehandelen kan du kjøpa kaffi frå undertrykka bønder, og kongereker frå produsentar som raserer mangroveskog i rekordfart. Skal UiO legge føringar hjå dei?

Bakgrunn: UiO nekter skjønnhetssalong å reklamere for brazilian wax

Det er blåøygd å tru at Frederikkeområdet ikkje skal vere del av allmenn norsk marknad, Frederikke må tross alt drive ei slags verksemd dei også. Derimot undrar eg: Korleis i all verda hamna ein voksesalong på Blindern?

Frederikke har eit problem når dei vel å skipe små nisjar på huset. Voksesalongen er stort sett retta mot kvinner, og er noko ein gjer sporadisk. Etter 16.00 og i helgene er Blindern lagt aude. Har salongen eit økonomisk driftsgrunnlag i det heile? På laurdagar er eg på treningssenteret hjå Frederikke og ser ikkje anna enn verksemder som lir. Kva med å få i gang den brukthandelen? Kva med å gjere ramensjappa om til ein bokkafé, med skjenkeløyve og rause opningstider? Då hadde det kanskje eksistert menneske på Blindern utanom kontortid. Då hadde voksesalongen og brukthandelen fått fleire kundar, som er bra for begge: Meir hårfjerning, meir miljøtiltak.

Det er ikkje marknadskrefter ein ser på Blindern nå, det er sovjetisk etterslep. Eg er samd med dei grøne, men med ulikt fortegn. Eg er ikkje samd med UiO. Slepp marknaden inn på Blindern. Og få tilbake Tank burger. Alle saknar Tank.

Powered by Labrador CMS