Må rive 226 bad
Studentboligene må rive alle baderomma på Grünerløkka studenthus. Prislappen blir truleg på over 30 millionar kroner.
– Det ser ut til at vi må inn og renovere alle bad, seier direktør i Studentboligene Tom Olstad.
Som følgje av konstruksjonsfeil på toalettcisterner, kunne Universitas i fjor haust avdekke at det var store fuktskader i enkelte av bustadene på Grünerløkka studenthus, også kjent som siloen. Den gong sa Ole Erik Carlson, rådgjevar i fukt- og muggekspertfirmaet Mycoteam, at det neppe ville vere noko problem å rette opp i skadane. No kan det sjå ut til at problemet er større enn først venta. Alle bada i siloen er bygd på same måte, og vil difor bli ramma av dei same konstruksjons- og byggingsfeila. Betre blir det heller ikkje av at membranen på bada er for tynn. Med for tynn membran vil fuktskadane kunne spreie seg raskare. Truleg må ein no byte ut kvart enkelt bad.
– Vi har estimert at renoveringsarbeidet totalt vil koste mellom 20 og 30 millionar kroner, forklarar Olstad.
For tida står seksti bustader i siloen tomme, tjue av dei har konsulentfirmaet Mycoteam tilrådd å stenge på grunn av muggsoppkonsentrasjon. Reisten av bustadene har ein latt vera å leige ut på ny, etter kvart som leigetakarane har flytta ut.
Skuldar på tidspress
AS Anlegg stod som totalentreprenør under bygginga av siloen, og hadde ansvar for alt av arbeid og materiell. Selskapet er i ettertid kjøpt opp av Reinertsen, som no har motteke forliksklage av Studentboligene.
– Vi synes det er ordentleg trist at røyrleggjaren vår kan ha levert cisterner som ser ut til å lekke. Det blir opp til dommarane å avgjera om vi skal erstatte eller ikkje, uttalar Eivind Wium, prosjektleiar i Reinertsen AS, Divisjon Engineering.
Men burde de ikkje ha sjekka av cisternene var i orden?
– Cisternene var godkjente, og vi fekk dei gjennom ein av Noregs leiande leverandørar. Vi stola på leverandøren. Det var vi nøydd til, sier han.
Reinertsen meiner også at tidspresset var stort, og peikar på at siloen vart oppført på berre ti månader, inkludert planlegging. Han vil likevel ikkje svare på om Studentboligene må ta ansvar for å ha stilt for strenge krav.
– Eg vil ikkje koma med negative uttalingar om kundane våre. Feil kan oppstå, men entreprenørane let seg presse av byggetid og anna hastverk, sier han.
Må ta ansvar
På spørsmål om kor mykje tid ein burde hatt på byggeprosjektet, vil Reinertsen ikkje koma med noko konkret tall.
– Eg vil berre uttale meg på generelt grunnlag. Alle prosjekt går for fort. Vi tek ansvar, men her blir det utfordringar, sier han.
Tom Olstad meiner Reinertsen er erstatningsansvarleg for alle skadene som har oppstått, og avviser at Studentboligene gjorde for dårlege vurderingar før bygginga av siloen vart sett i gang.
– Dette var ein gammal kornsilo, og det var første gong vi bygde om noko slikt til bustad. Vi var ekstremt opptekne av at kvaliteten skulle vera på plass, seier han.
Leiar for Velferdstinget i 2007, Stine Minde, legg heller ikkje skulda på Studentboligene.
– Eg går ut ifrå at entreprenøren tek ansvar, seier ho.
Det er uklart når ein eventuell rettsleg avgjerd om erstatningsansvar fell.
Har pengar på bok
Tom Olstad veit ikkje kor lang tid det vil ta før renoveringsarbeidet er ferdig.
– Vi startar opp rett etter påske, og skal leggje ei plan slik at det blir føreseieleg for leigetakarane. Dei vil forløpande bli informert, sier han og følgjer opp:
– Vi vil ta lærdom av dette, og vera ekstra påpasselege ved andre nybygg eller restaureringar. Vi vil følgje tettare opp og stille større krav.
Studentbustader som står tomme medfører tapte leigeinntekter. Olstad forklarar at storleiken på tapa avheng av tida det tek å gjennomføre arbeidet, men at noko av det vil bli dekke gjennom forsikring.
Ettersom drifta av bustadene er sjølvfinansierande, fryktar ikkje Stine Minde dei store ringverknadene for reisten av samskipnadstilbodet. Ho utelukkar likevel ikkje at det kan få konsekvensar, dersom SiO sjølv må dekke delar av tapet.
– Eit muleg skrekkscenario er at husleigene går opp som følgje av dette, meiner ho.
Tom Olstad avviser blankt at noko slikt kjem til å skje.
– Vi har kapital å tære på, slår han fast.