Spynorsk og nynorsk i musikalformat

Spynorsk. The Musical. er ei solid musikaloppleving. Samstundes er det vanskeleg å vite kva satiren eigentleg spottar.

Publisert Sist oppdatert

Kva: Musikal

Kor: Det Norske Teateret

Av: Are Kalvø (historie) og Ingrid Bjørnov (musikk)

Regi: Ivar Tindberg

Med: Julie Moe Sandø, Frank Kjosås, Pål Christian Eggen m.fl. 

Kva tid: 13.april – 15.juni 

Med ei mottaking som ein vanlegvis forbinder med eit ungpikeidol, opnar Spynorsk. The Musical. med ei hyllest av Ivar Aasen (Frank Kjosås). Ein treng ikkje ha stålkontroll på verken livsprosjektet til Aasen eller vidare nynorskhistorie for å forstå opningsscena, då ein får ei god og særs morosam forklaring gjennom song. 

Spynorsk, ein term av og til nytta av bokmålsbrukarar for å markere at dei ikkje liker nynorsk, er no blitt til ei rørsle i sentrum av ein satirisk musikal skriven av Are Kalvø, med musikk av Ingrid Bjørnov.

Sjølve handlinga skjer på to parallelle plan. Den første tek oss gjennom livsprosjektet til Aasen, som her er framstilt som ein slags superhelt. Jamt over er denne delen farga av grandiose nummer som gjer assosiasjonar til rockemusikalar. I eit spesielt morosamt augeblikk, lærer me bøyinga av verbet ‘å symje’, på ein nesten sexy måte dei fleste ikkje er vand med frå skulen. 

Den andre, og dominerande, historia, tek stad i 2042. Etter ei rekkje avgåtte regjeringar og statsministrar, har samfunnet blitt dominert av likegyldigheit og manglande engasjement. Etter å ha arva ei gammal nynorsk ordliste og ein biografi om Aasen, skjønar derimot vår hovudperson Aase Ivarsen (Julie Moe Sandø) i likskap med nynorsken sin far, at nordmenn treng noko dei kan brenna for. Med dette bestemmer ho seg for å fremje viktigheita av dette, då dette gjer verda til ein betre stad. 

Det er ingen tvil om at stykket er både morosamt og godt spelt. Ofte sit latteren laust, og ein kan ikkje unngå å verte radig imponert av musikalnumra. Kalvø og Bjørnov leiker med sjangernormer og tek oss med gjennom dei fleste typane musikalar i løpet av historia. Dei harselerer med bygdebuarane og byfolk hipp som happ, samt nordmenn på tvers av generasjonar.

Skodespelarpresentasjonane er det heller ingenting å seie på. Spesielt Sandø skin i hovudrolla som Aase Ivarsen. Ho utstråler den nesten uuthaldelege positive haldninga til figuren i både song og tale på ein imponerande måte. Vidare gjer òg Kjosås ei god og morosam tolking av Ivar Aasen. I tillegg til å vere i sentrum av handlinga på 1800-talet, sit han ytst på scena elles i handlinga og kjem tidvis med kommentarar og innspel til Sandø si Aase. Det er òg verdt å framheve Pål Christian Eggen i rolla som Geir, den første følgjaren, og seinare høgrehanda, til Aase. 

Samstundes er eg ikkje heilt sikker på kva moral eg skal sitje igjen med etter å ha gått ut av teatersalen. Kalvø og Bjørnov tek oss innom litt for mange tema i løpet av den tida førestillinga varar. Dette gjer det vanskeleg å vite kva som eigentleg er målet med historia, eller kva motivasjon figurane eigentleg har. 

Trass i at begge dei parallelle historiene er veldig gode på eit reint teknisk og musikalsk nivå, gjer faktumet at dei skal stå saman at ein ikkje vert så engasjert i nokon av dei. Sidan framstillinga av Aasen og prosjektet hans òg er mest til for å kontekstualisera Aase Ivarsen sitt prosjekt, er det ikkje heilt godt å vite kvifor det er med, sidan dei to prosjekta eigentleg ikkje har så mykje til felles. 

Det er likevel tydeleg at Kalvø og Bjørnov saman har klart å lage ein fengande musikal med eit høgt produksjonsnivå og særs gode skodespelarprestasjonar. Difor er det verdt å ta turen til Det Norske Teateret før sommarferien. Om så berre for å verte inspirert til å engasjere deg meir, og å lære korleis du bøyer ‘å symje’.

Powered by Labrador CMS