REVOLUSJON: Lat dei herskande klasser skjelve for ein miljøpolitisk revolusjon, skriv Harald Nordbø.
REVOLUSJON: Lat dei herskande klasser skjelve for ein miljøpolitisk revolusjon, skriv Harald Nordbø.illustrasjon: Øivind Hovland

Studentar, forein dykk for livet på jorda

Viss vi skal ha nokon sjans som helst til å takle klimakrisa, er studentrørsla nøydd til å samle seg og mobilisere.

Det går eit spøkelse gjennom Europa. Det er klimapolitikken sitt spøkelse, og omtrent alle økonomiske og politiske maktar i heile verda har foreint seg mot han. Tida er overmoden no for at studentrørsla i Noreg samlar seg og stiller harde krav til radikal endring.

Éin ting er sikker om situasjonen verda står i dag: Det er krise. Ein russisk despot er i gang med å massakrere eit naboland og har allereie destabilisert den fredelege ordenen som har funnest i Europa sidan siste verdskrig; koronapandemien har mutert til ressurskonfliktar og nye økonomiske kriser over heile verda; og ikkje minst, livsgrunnlaget for jorda står i fare for å bli rasert av kyniske oljefolk, gruveselskap og regjeringar verda over. Spørsmålet er: Kva i alle dagar kan vi gjere med saka?

Les også: «Den studentdemokratiske revolusjon begynner nå»

Det er ikkje nok med klimaseminar på Frederikke annankvar veke og kjøttfri mat i SiO sine kantiner

I tider som denne har historia vist at det einaste som nyttar er samling og kollektiv motstand, ikkje enkeltpersonar sine val. At du personleg kjøper økologiske egg, lever ein kjøttfri livsstil og resirkulerer søpla di på rett måte, kjem ikkje til å løyse klimakrisa. Sjølv ikkje viss alle i verda gjorde det same. Mykje ville blitt endra viss alle bytta livsstil, men vi hadde vore nøydd til å vente på at marknadsmekanismane omstilte seg (som går treigt), all den tid oljebransjen ville fortsett å produsere utslepp. Den tida har vi ikkje. Vi treng radikale, politiske tiltak, og vi treng dei i går. Tida er i ferd med å renne ut no.

Motstanden blant oss unge finst. Dei siste vekene har det til dømes vore markeringar på Frederikke-plassen for akademisk samling i møte med klimakrisa, starta av student og miljøaktivist Jonas Kittelsen og filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen. Initiativet er velkome og sårt tiltrengt, men etter å ha vore på dei to markeringane, sit eg igjen med den same kjensla av avmakt. Eit par taler frå studentar og akademikarar, litt musikk om ulvesaka, og til slutt litt diskusjon i grupper om korleis vi best kan løyse krisa. Er dette alt studentrørsla klarer å få til i 2022?

Les også: «Det handler om liv og død»

Vi må brøle i flokk og krevje endring som flokk

Miljøkampen har eit tungrodd imageproblem. Rørsla har heilt frå byrjinga blitt stempla som ein moralistisk gjeng som sit og krev at du skal sortere matsøpla di riktig og kjøpe dei riktige grønsakene på butikken. Men det er sjølvsagt ikkje det det handlar om. For å ta eit døme, her er to handlingar med miljømessige konsekvensar. 1: Ein trebornsmor på Veitvet bruker kjøttdeig i pastasausen i staden for linser, og tar fly til Mallorca når ho skal på ferie. 2: Ein statsminister opptrer som oljelobbyist på eit internasjonalt klimatoppmøte. Berre éi av disse handlingane er alvorleg miljøskadeleg åtferd og fortener miljørørsla si merksemd. (Hint: det er ikkje trebornsmora.)

Det har nett vore den fyrste ordentlege 1. mai-toget i Oslo sidan 2019. Eg trur at viss demonstrasjonane på Frederikkeplassen og akademisk samling skal overtyde nokon som helst, bør vi lære av den mobiliserande kampånda der. Viss dei som sit på makta skal gjere noko, må vi vise at vi meiner alvor, og at vi meiner det som gruppe, ikkje som enkeltindivid. Studentrørslene på 60- og 70-tallet skjønte dette, og mobiliserte heile studentrørsla til store, slagkraftige demonstrasjonar som stilte makta til veggs. Det er ikkje nok med klimaseminar på Frederikke annankvar veke og kjøttfri mat i SiO sine kantiner. Vi må brøle i flokk og krevje endring som flokk. Vi treng å vise at vi som kjem til å måtte leve med konsekvensane av regjeringa si hovudlause politikk, krev stopp i oljeleitinga, ein plan for nedtrapping av oljeverksemda, og ein seriøs og forpliktande plan for kutt i utsleppa. Alt anna er meiningslaust.

Heldigvis er det ein annan ting enn ung alder vi studentar har til felles: Vi sit, samla sett, på ei enorm mengd kunnskap og ressursar. Vi sit altså ikkje berre på det uheldige ansvaret for å løyse krisa, men òg på nøkkelen til å løyse ho. Då må vi snakke saman og arbeide saman, mobilisere folk til svære demonstrasjonar og kollektiv kamp, ikkje sitje på kvart vårt seminarrom og meine for oss sjølv at «vanlege folk» må skjerpe seg og køyre mindre bil eller ete meir quinoa.

I ei verd der heile den såkalla raudgrøne regjeringa, inkludert klimaminister og Arbeidarpartiet sin klima-stjerne Espen Barth Eide, gjentek den same meiningslause miljøpolitiske floskelen som Frp og Høgre i all tid har nytta – at vi «ikkje kan stenge oljekrana over natta» – må vi studentar danne ei kollektiv røst mot galskapen, og for seriøse tiltak. Lat dei herskande klasser skjelve for ein miljøpolitisk revolusjon. Vi har ingenting anna å tape ved han enn lenkene våre. Vi har sjølvaste livsgrunnlaget på jorda å vinne. Studentar i heile Noregs land: Forein dykk for klimaet!

Les også: «Bustadsektoren er strukturelt skakkøyrd»