"Ein fulltidsstudent har ikkje nok timar til å jobbe ved sidan av studiet sitt, men vi har ikkje råd til å leve som studentar heller," skriver Silje Nathalie Luvåsen.
«Ein fulltidsstudent har ikkje nok timar til å jobbe ved sidan av studiet sitt, men vi har ikkje råd til å leve som studentar heller,» skriver Silje Nathalie Luvåsen.

Gleda blei kort med Borten Moe

«Eg forventa betre levekår for studentar, sidan begge regjeringspartia gjekk til val på «meir til studentane»,» skriver Silje Nathalie Luvåsen i dette innlegget.

Eg blei glad då Noreg fekk ny regjering i haust. Dette har eg venta på i mange år, og endeleg blei det raud-grønt etter åtte år med ein og annan blånyanse. Eg forventa betre levekår for studentar, sidan begge regjeringspartia gjekk til val på «meir til studentane». No har eg venta på at ting skal bli betre sidan 2018, men så kjem utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) med beskjed om at studentar ikkje får auka stipend. Allereie har Senterpartiet brote eit valløfte.

Les også: «Studentenes minister må se studentene»

Allereie har Senterpartiet brote eit valløfte.

Veit Borten Moe kva det vil seie å vere fulltidsstudent? Eg bruker i overkant av 40 timar på studie i veka. Eg står opp 06.00 kvar dag, og sit på høgskolen med bøker og innleveringar til ettermiddagen. Ein har ikkje fri i helger, for dei må ein bruke til skolearbeid, dersom ein skal klare pensumlitteratur, sekundærlitteratur og obligatoriske oppgåver. Korleis skal ein få jobb til å passe inn i kvardagen? Ein fulltidsstudent har ikkje nok timar til å jobbe ved sidan av studiet sitt, men vi har ikkje råd til å leve som studentar heller. Eg har ikkje løysinga på korleis studentar skal klare seg økonomisk.

Straumprisane aukar, matvareprisane aukar, leigeprisane aukar. Alt som ein treng for å leve og bu er i vekst, og samstundes skal ein jo gjerne ha til kollektiv transport, lege, eventuelt psykolog, tannlege og liknande i tillegg. Det er eit reknestykke som ikkje går opp for meg, men eg studerer jo for å bli norsklektor. Eg lurer på om du, Borten Moe, kan vere venleg å rekne ut korleis ein student skal klare seg økonomisk, psykisk og fysisk gjennom tre til fem år som student? Økonomi er nemleg noko som tek på psyken, og i verste fall gjer at ein må gå til psykolog for å få nokre verktøy og hjelpemiddel. Dette blir ein vond spiral, for eigentleg har ikkje studenten råd til psykolog.

Eg veit at mange vel å jobbe ved sida av, men det går utover tida ein har til å lese. Dette er ikkje eit alternativ for alle, fordi det er ikkje alle som kan sjonglere jobb og studie, utan at det går utover normal studieprogresjon. Dessutan kan dette bidra til auka ulikskapar og meir utanforskap i høgare utdanning.

Eg håper verkeleg Borten Moe revurderer stipendordninga og gir oss meir å rutte med, sånn at vi faktisk kan vere fulltidsstudentar, og bli ferdige på normert tid med gode resultat.

Les også: «Vi må slutte å be om økt studiestøtte»