Professorens dom: – Å flytte slik som situasjonen er no, er ein for stor risiko. Det er klokt å la vere, seier professor Raino Malnes.
Professorens dom: – Å flytte slik som situasjonen er no, er ein for stor risiko. Det er klokt å la vere, seier professor Raino Malnes.Arkivfoto: Henrik Follesø Egeland

Redd flytting vil gå utover undervising:

–⁠ Studentane er allereie i ein vanskeleg situasjon

Undervisarar ved SV-fakultetet ved UiO meiner studentane har lidd nok, og vil ikkje at flytting og oppussing skal gå utover dei.

–⁠ Det er uklokt å flytte i den situasjonen vi finn oss i no. Det burde leggast på is, for når vår arbeidssituasjon blir dårleg, vil det kunne gå utover studentane, seier professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO) Raino Malnes.

I desse dagar gjer universitetet klart til oppussing av Eilert Sundts hus – og dermed flytting av tilsette. Ifølgje heimesidene til UiO står det at delar av bygget skal pussast opp i 2021–2022.

Nokre underviserar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er misnøgd med at flyttinga går som planlagt i ei tid med ny nedstenging av Oslo og auka smittetal, der allereie digital undervising er vanskeleg nok.

Malnes seier at om flyttinga tar tre veker, vil ikkje dei kunne ha digitale førelesingar frå kontora sine.

–⁠ Mi erfaring med Zoom-undervising heimefrå er dårleg. Utstyret eg har på kontoret, er betre enn det eg har heime, seier han.

Førsteamanuensis i statsvitskap ved universitetet Karin Dokken er einig med Malnes.

–⁠ Studentane kjem til å lide under dette, seier ho og legg til:

–⁠ Studentane lid nok frå før om ikkje dette skal gå utover dei også, seier Dokken.

Difor vil nokre tilsette utsetje flyttinga til juni, for då er undervisinga og eksamenar over.

Les også: Ny Gjeste­lista-leder skal gjøre lista mer seriøs – Men de skal fortsatt være «lættis»

Ope landskap

Dei tilsette blir flytta til eit ope kontorlandskap i Nydalen medan oppussing føregår. Dette meiner Karin Dokken er problematisk.

–⁠ Vi får jo ikkje hatt digital undervising frå ope kontorlandskap. Vi får heller ikkje hatt vanlege studentsamtalar. Dette er mangelfult og kritikkverdig, seier Dokken.

Raino Malnes meiner det opne kontorlandskapet vil gjere arbeidsforholda deira vanskelegare.

–⁠ Studentane er allereie i ein vanskeleg situasjon, og vi burde anstrenge oss til det ytste for ikkje å gjere situasjonen meir vanskeleg. Og det gjer vi med å sørge for at våre eigne arbeidsvillkår når vi driv med digital undervising er så gode som mogleg, seier han.

Vil at arbeidet skal starte raskt

SV-dekan Anne Julie Semb skriv i ein e-post til Universitas at fysisk undervising ikkje skal bli avlyst som følgje av flyttinga.

–⁠ Det er kun 3.–12. etasje i B-blokka som skal bli tømt i flytteperioda. Alle auditoria i 1. etasje vil framleis vere ope. Undervisingsrom vi mistar oppover i etasjane, vil bli erstatta av andre rom på universitetet.

–⁠ Kvifor kan de ikkje utsette flyttinga til juni?

–⁠ Vi klarer ikkje å pakke ned og flytte i løpet av juni månad om vi skal oppretthalde godt smittevern. På same tid skal byggearbeidet starte i juni. Vi vil at arbeidet skal starte raskt, slik at vi får ein så kort periode som mogleg med midlertidige lokaler, skriv Semb.

Ho skriv vidare at om smittesituasjonen fortsatt gjer at det er behov for digital undervising til hausten, antar dei at det også vil vere avgrensa kor mange tilsette som kjem til å vere til stades i dei midlertidige lokala.

–⁠ Når det er sagt, har vi fleire møte- og stillerom i dei midlertidige lokala som kan bli brukt til digital undervising, skriv dekanen.

–⁠ Kan kontorlandskapet i Nydalen gå utover studentane på eit anna vis?

–⁠ Vi har midlertidige kontorlokaler på Ullevål stadion og i Nydalen. Vi er glade for å ha fått eit lokale som ligg så nært campus. Tilsette vil framleis kunne møte studentar i undervisings- og seminarrom på campus. Møteromma i dei midlertidige lokala kan også bli brukt som rettleiingsrom, avsluttar Semb.

Les også: Slik rammer koronapandemien kjønnene skjevt: –⁠ Tradi­sjo­nelle kjønns­roller har blitt forsterket