Fulgte interessen: – Elektro var meir spennande enn studiespesialisering. Eg hadde ingen klar idé om kva eg ville bli, om det ikkje skulle ha vore elektro, seier student ved Fagskolen Oslo Jakob Kvalum (25).
Fulgte interessen: – Elektro var meir spennande enn studiespesialisering. Eg hadde ingen klar idé om kva eg ville bli, om det ikkje skulle ha vore elektro, seier student ved Fagskolen Oslo Jakob Kvalum (25).

Vil heve status for yrkes­fagleg utdanning

Fagskolen Oslo vil heve statusen med å likestille akademisk og yrkesfagleg utdanning. Likevel er ikkje studentane på fagskulen opptatt av status.

–⁠ Eg kan seie på vegne av mange som går yrkesfagleg høgare utdanning, at vi er mest opptatt av innhaldet i utdanninga og moglegheitene den gir. Ikkje kva for status den har, seier student ved Fagskolen Oslo Jakob Kvalum (25).

Han går siste året på elkraft og seier at det ikkje er å legge skjul på at yrkesfag har ein lågare status enn akademia.

–⁠ Likevel er heilheitsinntrykket mitt at dei fleste er ganske reflekterte og synast det er kult at ikkje alle går den akademiske vegen, seier Kvalum.

Les også: Redd flytting vil gå utover undervising:– Studentane er allereie i ein vanskeleg situasjon

Nødvendig å heve status

Regjeringa skriv på heimesida si at i framtida vil både bedrifter og offentleg sektor ha eit stort behov for dyktige arbeidarar med fag- og yrkesutdanning. Difor meiner dei at det er nødvendig å heve statusen til yrkesfaget.

–⁠ Alle snakkar om kor viktig yrkesfagleg utdanning er, men likevel har Noreg hatt ein tradisjon om at det er den akademiske utdanningsvegen som blir verdsatt, seier Anne Kristine Eggen Lervik, leiar for strategisk innovasjon og kommunikasjon ved Fagskolen Oslo.

–⁠ Kvifor vil de likestille akademisk og yrkesfagleghøgare utdanning?

–⁠ Det gir ein viktig anerkjenning å vise at utdanningane er likestilt. Det vil gjere den yrkesfaglege høgare utdanninga meir kjent, seier Lervik og legg til:

–⁠ Eg trur også det å kunne veksle mellom yrkesfagleg og akademisk utdanning vil kunne betre utnyttinga av kompetanse på tvers av miljøa.

Det gir ein viktig anerkjenning å vise at utdanningane er likestilt

Anne Kristine Eggen Lervik, leiar for strategisk innovasjon og kommunikasjon ved Fagskolen Oslo

Auke i studentar

–⁠ Eg trur at statusen er på veg til å endre seg. Det skjer mykje positivt no, seier Lervik.

Det forklarar ho med at fagskulen oppleve ei kraftig auking i søknadar. Fagskulen har plass til 813 studentar, og i april 2020 var talet på søkjarar oppe i 2634.

–⁠ Det er ein heilt annan interesse for høgare yrkesfagleg utdanning no enn det har vore nokon gong. Det trur eg er på grunn av eit behov frå arbeidslivet, seier Lervik.

Ho fortel at utdanninga har eit tett samarbeid med arbeidslivet.

–⁠ Det er ein positiv ting å ha både ingeniørutdanning og fagbrev når ein skal søkje jobb. Då kjenner du heile verdisystemet innanfor produksjonen. Har du fagbrev og tar fagskuleutdanning, får du ein spesialisering som baserar seg på den erfaringa du har frå før, seier Lervik.

Lervik fortel vidare at 65 prosent av studentane som tar studiet på heiltid medan dei er i jobb, går tilbake til same jobb eller ein annan type jobb på same arbeidsplass. Vidare fortel ho at 30 prosent av dei resterande som tar studiet på heiltid, er i jobb etter tre månadar eller meir.

Oslomet skriv på si heimeside at ni av ti får relevant jobb to år etter endt studium, medan Kandidatundersøkelsen i 2018 ved Universitetet i Oslo viser at 86 prosent var i jobb etter seks månadar.

Les også: Ny Gjeste­lista-leder skal gjøre lista mer seriøs – Men de skal fortsatt være «lættis»

Aldri negativt å vise til fagbrev

Mette Manus i Manus Motivasjon er karriererettleiar og seier til Universitas at det er vanskeleg å setje universitetsutdanning opp mot fagskule og fagbrev når det kjem til kven som har størst sjanse for jobb.

–⁠ Vi kan meine at dei med fagbrev står sterkare fordi dei har praktisk kunnskap i botnen, men personar frå dei forskjellige utdanningane søkjer som oftast på forskjellige stillingar, seier ho.

Eg er nøgd med vegen eg har gått

Jakob Kvalum, student ved Fagskolen Oslo

Leiar for Karrieresenteret ved UiO Gisle Hellsten seier at arbeidsgivar som oftast er opptatt av heilheita av kompetanse når dei vurderar kandidatar.

–⁠ Det å ha ein yrkesfagleg bakgrunn vil til noko stillingar framstå som veldig relevant, medan i andre stillingar vil du kanskje ikkje få like mykje telling for det, seier Hellsten.

Både Hellsten og Manus seier at fagbrev aldri vil vere negativt å vise til.

–⁠ Yrkesfagleg utdanning gir mykje verdifull kompetanse og erfaring. Slik eg ser det, vil det aldri vere ein negativ kombinasjon i seg sjølv, seier Hellsten.

Et skritt videre

–⁠ Eg er nøgd med vegen eg har gått. Fagskulen er perfekt for dei som har fagbrev. Då kan du bruke kunnskap du har frå før, og bygge vidare på den, seier Jakob Kvalum.

Med fagskule, fagbrev og jobberfaring på cv-en trur Kvalum at han har fått ein god forståing for faget som han kan ta med seg når han skal søkje jobb etter sommaren.

–⁠ Eg har veldig lyst å jobbe innanfor elbillading. Det utviklar seg heile tida, og eg trur det kan utfordre oss på korleis vi er vant til å tenkje. Det er veldig spennande, avsluttar han.

Les også: Slik rammer koronapandemien kjønnene skjevt: –⁠ Tradi­sjo­nelle kjønns­roller har blitt forsterket