Faglig vekst: Victor Edén (21) skildrar grafisk design som eit kreativt fag der du blomstrar av å kunne møte andre for å samle og absorbere kreative tankar for å løyse semesteroppgåvene.
Faglig vekst: Victor Edén (21) skildrar grafisk design som eit kreativt fag der du blomstrar av å kunne møte andre for å samle og absorbere kreative tankar for å løyse semesteroppgåvene.

Studentar ved Høyskolen Kristiania betalar 50.000 i semesteret for digital under­vis­ning: –⁠ Latterleg dyrt

Studentar er misnøgd med den digitale undervisninga. No har over 2200 studentar signert ein underskriftskampanje for å endre semesteravgifta ved Høyskolen Kristiania.

–⁠ Det verkar ganske kynisk at dei tar nesten alt vi får i støtte frå Lånekassa når kvaliteten på Zoom og Teams førelesningane er avgrensa. Energien og motivasjonen har fordufta, seier Victor Edén (21).

Sidan i haust har studentar ved høgskulen følt at dei ikkje får det læringstilbodet dei har krav på. Spesielt med tanke på at studentane betalar ei studieavgift på mellom 70.000 til 118.000 kroner per år.

Nokre studentar har difor starta ein underskriftskampanje for å få endra avgifta. Edén studerer grafisk design ved høgskulen, og var tidleg ute med å signere kampanjen.

–⁠ Eg har forståing for at det er utfordrande å drifte ein høgskule under ein pandemi. Likevel blir lunta mi kort når svaret på kva pengane går til er streamingutstyr til digital undervisning, også brukar føreleserane fortsatt fire år gamle appleøyrepropper, seier han til Universitas.

–⁠ Kva får dette deg til å føle?

–⁠ Eg er frustrert. Spesielt når dei ikkje kan kome med ein god grunn på kvifor faget er så latterlig dyrt. Mangelen på openheit frå høgskulen frustrerer ikkje berre meg, men fleirtalet av klassa mi, seier han og legg til:

–⁠ Det har vore ein både positiv og negativ ladd debatt i klassa, men folk er generelt misnøgd med det høgskulen tilbyr.

Les også: Studenter i plaka­ta­k­sjon: –⁠ Vi vil fortsette til SiO reduserer husleien

Mista mykje læring og utvikling

Det er ikkje berre studentane ved grafisk design som har diskutert situasjonen.

–⁠ Vi har diskutert dette heftig i timen. Nokon få er positive, men fleirtalet vil ha ei endring, seier Thea Sofie Gustafson (21).

Ho går andre året på bachelor i musikkteater ved Høyskolen Kristiania, og har også signert underskriftskampanjen.

–⁠ Vi føler vi har mista mykje læring og utvikling på grunn av nedstenginga. Vi meiner det er rart å fortsatt betale 300.000 for tre år, når det kjennast ut som om vi har gått glipp av halvparten, seier Gustafson og snakkar som tillitsvald for klassa.

Artikkelen fortsetter under bildet.

Thea Sofie Gustafson (21) fortel at klassa har hatt songeksamen på Zoom. Det meiner ho gjer ting urettferdig fordi ikkje alle studentar har tilgang på godt utstyr. – Det var nokon eg ikkje høyrde synge ein gong, seier ho.
Thea Sofie Gustafson (21) fortel at klassa har hatt songeksamen på Zoom. Det meiner ho gjer ting urettferdig fordi ikkje alle studentar har tilgang på godt utstyr. –⁠ Det var nokon eg ikkje høyrde synge ein gong, seier ho.

Studentane på musikkteater har likevel vore heldigare enn andre studium. Regjeringa opna campus 1. februar for studentar som er avhengig av tilgang til lokalar for å gjere forsøk eller ferdigheitstrening, slik at dei ikkje blir forseinka i studia sine.

–⁠ Vi er takknemleg for at vi får kome tilbake på campus. Likevel har vi dansa heime på tronge studenthyblar i mange månadar før det. Eg føler eg ikkje har lært noko nytt i dans, seier ho og legg til:

–⁠ Det får meg til å kjenne meg rusten.

Både Edén og Gustafson håpar denne underskriftskampanjen kan føre til redusering eller tilbakebetaling av semesteravgifta, eller å få ei god forklaring på kva pengane går til.

Vi er takknemleg for at vi får kome tilbake på campus. Likevel har vi dansa heime på tronge studenthyblar i mange månadar før det. Eg føler eg ikkje har lært noko nytt i dans

Musikkteater student ved Høyskolen Kristiania Thea Sofie Gustafson (21).

Får ikkje det dei har krav på.

Heile planlegginga og gjennomføringa av underskriftskampanjen har føregått i Facebook-gruppa «Semesteravgift HK». Gruppa har i skrivande stund 523 medlemmar.

–⁠ Initiativtakarane til underskriftskampanjen har meldt frå om at studentane føler dei ikkje får det læringstilbodet dei har krav på, seier Kristoffer Myklebust Egset, leiar for Studentunionen ved høgskulen.

Artikkelen fortsetter under bildet.

Kristoffer Myklebust Egset, leiar for Studentunionen ved Høyskolen Kristiania.
Kristoffer Myklebust Egset, leiar for Studentunionen ved Høyskolen Kristiania.FOTO: Sivert LIndahl

Vidare fortel han at høgskulen reklamerar for aktive klasser, god kontakt med forelesar og høg kvalitet på utdanning, men studentane meiner at dette ikkje er tilfellet når mesteparten av undervisninga skjer digitalt.

–⁠ Desse underskriftene representerer ikkje berre studentar som vil betale mindre pengar for utdanninga si, dette er ein tydeleg beskjed til myndigheitene om at studentane no treng tilgang til campus, utstyr og arbeidsplassar for å få ei kvalitetssikra og god utdanning, seier Egset.

Universitas har vore i kontakt med initiativtakarane bak underskiftskampanjen. Dei har ikkje svart på vår førespurnad.

Nytt digitalt utstyr

På grunn av pandemien har Høyskolen Kristiania investert i nytt digitalt utstyr i undervisningsklasseromma. Det var ikkje slikt utstyr i klasseromma frå før.

–⁠ Eg har aldri sett dette utstyret bli brukt. Det er rart at semesteravgifta klassa mi betalar skal delvis gå til utstyr vi ikkje ser noko til, seier Lukas Krogvold (20).

Han går første året på tekst og skribent ved høgskulen, og har signert kampanjen.

–⁠ Sjølv om vi får mykje sympati, kjenner vi oss lite prioritert. Både av stat og høgskulen. Eg håpar denne kampanjen førar til at folk ikkje berre snakkar om kor vanskeleg digital undervisning er, men korleis vi skal løyse problema som råker oss, seier Krogvold.

Prorektor for utdanning ved høgskulen Sander Sværi skriv i ein e-post til Universitas at det nye utstyret er til streaming av fysiske undervisningar, og legg til:

–⁠ Med ein gong vi har lov til å opne campus for studentar, vil vi bruke dette utstyret til å tilby både digital og fysisk undervising.

Eg håpar denne kampanjen førar til at folk ikkje berre snakkar om kor vanskeleg digital undervisning er, men korleis vi skal løyse problema som råker oss

Lukas Krogvold, student på tekst og skribent ved Høyskolen Kristiania

–⁠ Vi har ingen ting å skjule

Leiaren for studentunionen og administratorane av Facebook-gruppa har hatt eit møte med prorektor Sværi om underskriftkampanjen og den digitale undervisninga.

–⁠ Det var eit fint møte med reflektert og løysingsorienterte studentar. Dei hadde mange gode forslag til korleis vi kan gjere studiekvardagen betre, fortel Sværi og legg til:

–⁠ Vi har tatt med oss alle forslaga, og jobbar saman med leiinga og fagstaben for å innfri dei fleste ynskja. Nokon klarer vi å løyse raskt, andre tar lenger tid å utfylle.

Sværi utdjupar at han set stor pris på at studentane engasjerer seg i undervisninga.

–⁠ Vår høgaste prioritet er at studentane skal få moglegheita til å oppnå forventa læringsutbytte på normert tid. Det er ikkje grunnlag for reduksjon i studieavgifta slik situasjonen er i dag, uttalar han.

Vidare skriv han at lågare studieavgift vil bety dårlegare lokalar, og færre flinke føreleserar. Det ville ikkje vore bra for korkje studentane eller høgskulen.

–⁠ Høyskolen Kristiania og Fagskolen Kristiania har minst like høge kostnadar som før pandemien. Vi har som tradisjon å vere opne med studentane om budsjetta våre, og vil gjerne gi studentane innsikt i dette. Vi har ingen ting å skjule, seier Prorektoren.

Kva for tiltak som vert satt i gong og korleis vegen vidare blir for studentane på Høyskolen Kristiania er ikkje avgjort enno, men det skal vere eit oppfølgingsmøte mellom partane over helga.

Les også: Mange vil ha deltids­job­bene – dette er eksper­tenes beste tips til studentene