Konsentrasjon: -Eg kan ikkje sitje og lese i sofaen, då sovnar eg, seier Mathilde Spieler Palmers. Ho sit heller på ein hard stol ved stovebordet.
Konsentrasjon: -Eg kan ikkje sitje og lese i sofaen, då sovnar eg, seier Mathilde Spieler Palmers. Ho sit heller på ein hard stol ved stovebordet.

Les heller heime

På høgskulen les dobbelt så mange studentar heime som på lesesalen.

–⁠ Eg sit nok oftare heime enn på skulen, seier Mathilde Spieler Palmers. Ho er førsteårsstudent i medier og kommunikasjon ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), og kjenner seg igjen i tala som viser at HiOA-studentar lest droppar lesesalen og jobbar med pensum heime.

Fire av ti studentar på HiOA oppgir at dei bruker lesesalen, medan heile 84 prosent les heime. Dette går fram av Campusundersøkinga som vart lagt fram før helga.

Fullt og bråkete

I tillegg til leiligheita i Markveien, har Palmers også tatt i bruk Deichmanske bibliotek på Grünerløkka for å finne ro og konsentrasjon til lesing.

–⁠ Når eg set meg for å lese på skulen er det ofte veldig fullt og mykje støy. Mange sit og driv med andre ting enn skule, som å sjå på seriar, og det er distraherande, seier Palmers.

Ho trur ho ville brukt campus meir om det var fleire leseplassar tilgjengeleg. Undersøkinga viser at to av tre HiOA-studentar ønsker seg fleire lesesalplassar på lærestaden.

Leseplassar

Styreleiar i SiO, Tone Standal Vesterhus, meiner funna viser at læringsmiljøet til studentane ofte har blitt nedprioritert ved utdanningsinstitusjonane.

–⁠ Institusjonane må ta på alvor at det trengst fleire leseplassar på campus. Det heng saman med trivsel, og vi veit av andre undersøkingar at trivsel er avgjerande for gjennomføring av studiet, så fleire leseplassar er vinn-vinn, seier Vesterhus.

Ho understrekar at folk lærer på ulike måtar, og at det å lese heime kanskje er det beste for nokon.

–⁠ Men det må i alle fall vere ei moglegheit, slik at studentane ikkje lar vere å dra til campus fordi det manglar eit tilbod, seier Vesterhus.

Plassmangel

Ane Larsen Mjøen, læringsmiljøansvarleg i Studentparlamentet ved HiOA er klar på at det trengst meir plass til lesing på høgskulen.

HiOA har veldig lite plass per student samanlikna med andre institusjonar»

Ane Larsen Mjøen, læringsmiljøansvarleg i Studentparlamentet ved HiOA

–⁠ Dette er noko av det studentane oftast tar opp, og som studentdemokratiet jobbar mykje med. HiOA har veldig lite plass per student samanlikna med andre institusjonar, seier Mjøen.

Ho seier Studentparlamentet har god kontakt med eigedomsavdelinga for å få fleire plassar tilrettelagt både for samarbeid og stille lesing.

–⁠ Mange sit og jobbar i mingleområde eller på cafear, men der blir det fort slitsamt og mykje støy. Nokon har behov for å vere meir skjerma, og då drar dei heller heim, seier Mjøen. Ho meiner det er uheldig at mange må dra bort frå høgskulen for å finne leseplass.

–⁠ Vi er opptatt av at studentane skal vere på campus. Det skapar tilhøyrsle til høgskulen og eit betre studiemiljø når folk kan møtast etter førelesing og for eksempel ha kollokvium, seier Mjøen.

Fikk du med deg? Studenter på høyskolen flykter til Espresso House for å lese

App til hausten

–⁠ Dette er ikkje noko overraskande. Det er ting vi har fått med oss, og som vi jobbar aktivt med, seier Marianne Brattland, studiedirektør ved HiOA, om tala frå undersøkinga.

I november sa Brattland til Universitas at høgskulen mellom anna jobbar med å utvikle ein app der studentane kan finne kart over campus og informasjon om tilgjengelege leseplassar. Dette tilbodet er no like om hjørnet, seier ho i dag.

–⁠ Appen skal testast i Pilestredet 35 til hausten, stadfestar Mariann Hole, eigedomsdirektør på HiOA. Ho meiner betre informasjon er eit viktig tiltak.

–⁠ Eg trur at til ei kvar tid så er det ledig leseplass, men at det er vanskeleg å finne fram. Vi har eit stort campus spreidd over mange bygg, seier Hole.

–⁠ Dødssmart

Ane Larsen Mjøen i Studentparlamentet trur også at betre oversikt vil gjere at plassen blir utnytta betre enn i dag.

–⁠ Folk bruker gjerne lesesalane i bygga der dei har førelesing, og er ikkje kjent med korleis det ser ut oppover i etasjane eller i andre bygg. Vi ser jo også at lesesalar står tomme midt på dagen, seier Mjøen.

Student Mathilde Spieler Palmers likar ideen om ein campus-app.

–⁠ Det er dødssmart. Heilt perfekt, seier ho.