Pensumkluss på juss
Pensumendring i statsforfatningsrett fører til fortviling blant andreavdelingsstudentar ved Det juridiske fakultetet. – Ei svært studentvenleg handling, seier avdelingsansvarleg Aslak Syse.
– Slike endringar må skje i tide. Det er veldig ergeleg når folk har sete heile jula og lest, seier Aksel Hillestad, leiar i Juridisk Studentutval (JSU) ved Det juridiske fakultetet.
Da lista over hovudlitteratur i statsforfatningsrett på andre avdeling rettsvitskap vart endra i midten av januar, hadde mange av studentane allereie kjøpt og lest tidlegare oppgitt pensumlitteratur.
– Det blir lagt opp til at du har lest stoffet på førehand for å få utbyte av førelesingane, fortel Hege Jordbakke, medlem av JSU og andreavdelingsstudent.
Ho meiner informasjonen rundt endringa var utilstrekkeleg.
– På emnesidene til statsforfatningsrett vart det opplyst om at ei ny bok var «under vurdering», og at eventuelle endringar berre vil påverke eksamen hausten 2008. Dei kunne til dømes skrive at pensum enno ikkje er klarlagt, seier ho.
Aslak Syse, avdelingsansvarleg ved andre avdeling, tek ikkje kritikken inn over seg.
– Eg meiner dette var ei svært studentvenleg handling frå fakultetet. I 2007 kom talrike grunnlovsendringar av viktig karakter, og ingen av dei var dekka i den gamle læreboka, seier han.
– Du synes ikkje det er beklageleg at endringa i litteraturlista kom så seint?
– Kan ein legge opp ei bok som enno ikkje er utgitt? Den eine boka kom først ut i januar 2008. Eg ser det er muleg å kritisere prinsippet, men det er ikkje lett å dra ei halvtrykka bok ut av forlaget.
Syse forklarar at det er gjeldande rett som er pensum, ikkje bøker, men Hillestad meiner at det ikkje er så enkelt.
– I prinsippet veit vi at pensum er gjeldande rett, men i sensorrettleiingar finn ein direkte referansar til sider i litteraturen, så alle er klare over at realiteten er ein annan, seier han.
Endelege vedtak om pensumendring vart fatta av Finn Arnesen, studiedekan ved Det juridiske fakultet. Han leier programrådet for masterstudiet i rettsvitskap.
– Dette var ei fagleg vurdering som eg overlèt til lærarane i statsforfatningsrett. Eg såg ingen grunn til å gå imot deira syn, seier han.
Arnesen forklarar at omsynet til studentane som allereie hadde kjøpt pensum var eit moment i vurderinga, men at han meiner dei vart godt nok ivaretake gjennom meldinga på nettsida.
– Kan du love at noko slikt ikkje vil skje igjen?
– Nei, dersom dei faglege grunnane veg tungt nok, så kan det skje.