PÅ VENT: Juhani Silvani (f.v.), Hans Martin Austegard og Erlend Viken hadde håpa å få spele vidare saman på masternivå. No ventar dei på at klagen deira skal handsamast.

Opptaksrot på Musikkhøgskulen

Studentar ved Noregs musikkhøgskule føler seg urett handtert etter årets masteropptak. No sender dei klage til skulen. Studentutvalet på NMH har fått fleire klagar på at fagpersonar i opptakskomiteen favoriserar søkjarar dei har tilknyting til. Studentrepresentantane i juryane tør ikkje å seie i frå.

Publisert Sist oppdatert

Hans Martin Austestad, Erlend Viken og Juhani Silvani utgjer gruppa Sterke-Nils. Saman ville dei søke opptak til ein ny master i folkemusikk og kammermusikk med ensembleopptak ved Noregs musikkhøgskole (NMH), som dei meiner administrasjonen har førespegla at skulle opprettast til hausten.

Frå september av øva dei fram mot opptaksprøven på det dei trudde var ein ny master, for så å gjennomføre prøven i mars i år. I mellomtida hadde dei vorte tilsendt studieplan for masterstudiet dei ville søkje, og laga ei prosjektskisse for kva dei ville utrette i løpet av studiet.

– Håpet var at vi skulle kunne fordjupe oss i eit repetoar, og gje det ut på plate, fortel Silvani.

Men då resultata frå masteropptaket kom, synte det seg at dei var komme på venteliste på master i utøvande musikk, som er eit anna studie enn det dei meinte dei hadde søkt på. Frå administrasjonen har dei gjennom fleire møter den siste månaden fått opplyst at det var utøvande master dei hadde søkt på, og at dei til eit slikt opptak hadde vorte vurdert riktig.

Dette meiner studentane ikkje er i samsvar med beskjedar dei tidlegare har fått, og no har dei sendt klage til studieadministrasjonen.

Flaut

Studentane får støtte av Iselin Holmedal Gjelstad, studentutvalsleiar ved NMH.

– Det er flaut frå skulen si side at dette skjer, og det er ekstra trist at dei har vorte oppfordra av ein seksjonsleiar til å søkje, seier ho.

Ifølgje studentane var det nemleg seksjonsleiar ved NMH, Tom Willy Rustad, som først oppfordra dei å søkje opptak til master i folke-/kammermusikk.

Rustad vil ikkje kommentere saken, og syner vidare til studiesjef ved NMH, Kjetil Solvik. Han seier det studentane har søkt ikkje er ein ny master.

– Det er berre ein annan variant av utøvande musikk-masteren, med tittelen folkemusikk. Dette for å syne at det handlar om folkemusikk, ikkje at det er ein stor vesensforskjell, argumenterar han.

Solvik kan fortelje at denne varianten av master høgst truleg vert oppretta av studieutvalet om nokre veker. Han meiner og studentane har søkt og vorte vurdert til utøvande musikk-master.

Utan studieplass

Dette er informasjon studentane meiner dei aldri fekk.

– Vi har ikkje fått formel beskjed frå skulen om at masteren ikkje ville verte slik vi trudde, seier Austestad.

Han tykkjer det er rart det ikkje kom ei oppklaring då dei leverte prosjektskildring som tydeleg retta seg mot ein master i folke-/kammermusikk.

– Det verkar som søknaden vår ikkje har vorte lesen, seier han.

Studentane i Sterke-Nils håpar no på raskt svar på klagen, slik at det vert klargjort kva som kjem til å skje framover. Slik det er no står dei utan studieplass til hausten.

Favoriserar kjende?

Iselin Holmedal Gjelstad, studentutvalsleiar på NMH, kan fortelje om misnøye med mulig inhabilitet rundt opptaksprøvane til bachelorstudia på NMH, og meiner skulen har ein jobb å gjere.

– Det har hendt at personar som søkjer opptak som har tidlegare tilknyting til nokon av fagpersonane i juryen, til dømes som elevar, har lettare for å få opptak. Dersom dette skjer så veit man riktig nok ikkje om det skjer bevisst eller ubevisst, seier ho.

Holmedal Gjelstad fortel at det er studentrepresentantar i juryen som skal hindre at slikt skjer, men ho trur dei tykkjer det ofte er vanskeleg å seie ifrå, sidan dei sit der med eigne lærarar, og i frykt for konsekvensar for dei sjølve seinare. Fleire studentar har kome til ho i ettertid og fortald om det dei har oppfatta som favorisering av søkjarar med tilknyting til fagjuryen.

Eirik Birkeland, rektor ved NMH, meiner at det er ein ryddig praksis ved NMH når det gjeld opptaksprøver.

– Inhabilitet vert vurdert fortløpande, og vi ser ikkje dette som eit problem, seier han.

I klagen til studieadministrasjonen som Hans Martin Austegard, Juhani Silvani og Erlend Viken har sendt, tek dei og opp dette. Dei krev etiske retningsliner for opptaksprosessen, og gruppa ber om at studentar sine rettar i opptakssamanheng vert klargjort. I dag er dei for vage, meiner dei.

Powered by Labrador CMS