Tapar pengar til NSO

Studentparlamentet ved UiO vil få mindre å rutte med i Norsk Studentorganisasjon. Dei håpar difor på draghjelp frå universitetet.

Publisert

*Kampsaker:*

  • Dette er de viktigste sakene den nye organisasjonen vil kjempe for:
  • Heve kvaliteten, attraktiviteten og relevansen til bachelor-utdanningen.
  • Fremme studentengasjement i kommune- og fylkestingsvalget i 2011, gjennom aktiv bruk av sosiale medier og deltakelse i debatter.
  • Arbeide for elleve måneders studiefinansiering med ti prosent økning av totalbeløpet.
  • Bygge 1000 nye studentboliger i 2011, og en fremtidig økning av dette tallet.
  • Skape en ny ordning med pensjonspoeng for høyere utdanning.
  • Skaffe et bedre kollektivtilbud, med studentrabatter uavhengig av alder.
  • Motarbeide innføringen av moms på elektroniske bøker, journaler og tidsskrifter.

Ein større del av semesteravgifta som studentar betalar inn vil no gå rett i lomma på Norsk Studentorganisasjon (NSO). På grunn av Universitetet i Oslos mange studentar, vil aukinga i medlemsavgifta føre til ei større belasting enn hjå dei mindre institusjonane.

– På grunn av overskot dei siste to åra har vi ein økonomisk buffer. Men ein kan ikkje belage seg på å gå med overskot for alltid. Dersom avgifta kjem til å auke ytterligare kan ein verte tvinga til å redusere drastisk i aktivitet, seier Mari Helén Varøy, leiar i Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo.

Ved at NSO har vedtatt å auke medlemsavgifta til 35 kroner per student frå 33 kroner som Oslo-delegasjonen meinar er smertegrensa, medfører dette eit kutt i Studentparlamentets inntekt på om lag 300 000 kroner. Studentparlamentet vil difor frigjere seg frå banda til Studentsamskipnaden i Oslo (SiO), og forsøke å få til ein avtale med Universitetet i Oslo (UiO) sentralt.

– Vi håpar vi kan verte mindre knytt til SiO, og heller gå inn i eit tettare samarbeid med universitetet. Slik kan UiO verte med og ta ein større del av kostnadane, og på den måten kan ein hindre ustabilitetar i Studentparlamentets drift. Det er naudsynt med ei endring i avtalane mellom Studentparlamentet, Velferdstinget og Universitetet i Oslo, seier Mari O. Mamre i Studentparlamentets arbeidsutval.

Dette er også Varøy samd i.

– Vi ønskjer å finne korleis vi kan verte meir avhengig av pengar frå universitetet, slik som studentdemokratia i Bergen og Trondheim er organisert.

– Det vil gjere at ein vert mindre avhengig av pengane som kjem inn over semesteravgifta, og dei pengane som vert fordelt gjennom Velferdstinget. Det vil også gjere at Velferdstinget vil ha færre partar å ta omsyn til i budsjettkampane, seier Varøy, men påpeikar at dette er endringar som ligg tidlegast to år fram i tid.

Powered by Labrador CMS