DEN NESTE KRISA: – Det å få folk ut av fattigdom og vanskelege leveforhold er den beste måten for å få folk til å vere meir motstandsdyktige for den neste krisa, seier professor i psykologi ved UiO Tilamann von Soest.

Pandemien råka grupper ulikt

Tilamann von Soest har samanlikna korleis ungdom hadde det under pandemien med korleis dei hadde det før pandemien. Han fann at nokre grupper klarte seg betre enn andre.

Publisert Sist oppdatert

— Ungdom som i utgangspunktet hadde mindre ressursar, til dømes dei som har foreldre med låg utdanning eller dårleg råd, har slite meir under pandemien enn ungdommar generelt.

Det stadfestar Tilmann von Soest, professor i psykologi ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo.

Von Soest har saman med forskningsgruppa si på instituttet og Anders Bakken, som jobbar på forskningsinstituttet NOVA ved Oslomet, forska på dei psykososiale forholda til ungdommar under pandemien. Dataene er henta frå Ungdata-undersøkinga til NOVA, som snakka med ungdom mellom 13 og 18 år.

— Ungdata gir unike mogelegheiter då det er ei undersøking som har vore gjennomført årleg i mange kommunar i Noreg sidan 2014. Siste datainnsamling var i 2021, altså under pandemien. Då kan du byrje å samanlikne korleis ungdom hadde det under pandemien med korleis dei hadde det før pandemien, fortel von Soest.

Les også: Vaksineskepsis på hellig grunnlag

Gjennomsnittet klarte seg bra

Sidan forskarane har målingar heilt tilbake til 2014, kan dei sjå på tidstrendar gjennom ein lengre tidsperiode.

— Skjermbruk, til dømes, går opp heile tida, så om du finn ein skilnad i skjermbruk frå rett før pandemien og under, så er det ikkje sikkert at auka skjermbruk har skylda i pandemien, seier han.

Også nivået på depresjon til aldersgruppa har stige ganske jamt, særleg blant jenter.

— Så då er det ikkje berre å sjå på i kva grad det var ei auking under pandemien, men i kva grad det var ei auking etter kva vi elles ville venta.

Ungdommane rapporterer om litt meir depressive plager enn det forskarane hadde venta ut frå tidstrenden, men aukinga var lita.

— Bodskapet mitt er at den gjennomsnittlege ungdom, som sikkert hadde det ganske bra før pandemien, har klart seg bra. Ein skal ikkje vere så bekymra for desse, som var godt sosialt integrert og har støttande foreldre, seier von Soest.

– For ungdom flest skal ein ikkje vere så bekymra, men dei ein kanskje skal fokusere på, er dei som i utgangspunktet hadde det verre

Tilmann von Soest, professor i psykologi ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo

Sosiale skilnadar

I tillegg til å sjå på ungdom generelt, utforska forskarane om det var nokre grupper ungdommar som hadde det verre enn andre under pandemien. Det dei fann, var at ungdom frå familiar med mindre ressursar sleit meir enn gjennomsnittet. Forskarane fann også at jenter sleit meir enn gutar.

— For ungdom flest skal ein ikkje vere så bekymra, men dei ein kanskje skal fokusere på, er dei som i utgangspunktet hadde det verre.

Kriser generelt råkar dei som i utgangspunktet allereie slit hardare, særleg økonomiske kriser. Von Soest forklarer at for eksempel dei med høg utdanning ofte jobbar på eit kontor, kor det høvevis er enkelt å omstille til heimekontor, slik at ein klarer seg ganske bra under pandemien. Dei som derimot fyrst mistar jobben i økonomiske kriser er dei som har jobbar «på golvet».

— Det kan også vere tilfellet her. Du blir hardare råka på forskjellige typar måtar, òg økonomisk. I utgangspunktet har du ein meir usikker økonomisk posisjon, og då er slike kriser spesielt vanskelege for deg.

I denne samanhengen er det snakk om foreldrer. Dersom foreldra har dårleg råd bur ungdommane kanskje i ei lita leilegheit, der det er meir trongbudd.

— Det gjer det mykje vanskelegare for deg å følgje undervisning, og livet kan generelt bli vanskelegare under ein pandemi når det er trongt.

Eit naturleg eksperiment

Slike forhold meiner von Soest er ein indikasjon på at vi må sjå på korleis vi hjelper ungdom, og også andre grupper, for at dei langsiktige effektane av pandemien ikkje blir så store.

— Skal ein kanskje ikkje tenkje på heile befolkninga, men dei som i utgangspunktet hadde lite ressursar, når vi ser på langtidseffektane av pandemien?

— Det du eigentleg seier er at dette er ein del av eit større strukturelt problem? Då må det vel ganske sterke tiltak tilfor å kunne gjere noko med saka?

— Ja, eg er einig i at det er ei strukturell utfordring, og kanskje må ein finne løysingar på eit strukturelt nivå. Å faktisk ha eit fokus på dei som er sårbare i ei slik krise, og også støtte desse gruppene økonomisk.

Han føreslår å fokusere på grupper som oftare slit økonomisk, for eksempel aleineforeldre og innvandrarfamiliar.

— Det å få folk ut av fattigdom og vanskelege leveforhold, er den beste måten for å få dei til å vere meir motstandsdyktige for den neste krisa. Og det må ikkje vere ein pandemi, det kan òg vere økonomisk nedgangstid.

Forskarane har sett på det psykososiale, ikkje korleis ungdom klarar seg økonomisk. Dette psykososiale aspektet ved kriser er det mindre forsking på.

— Pandemien har hatt veldig mange negative sider, men den har også gitt nokre moglegheiter. Pandemien er jo eit gigantisk naturleg eksperiment, kor du faktisk kan studere effektar av ein slik type krisesituasjon. På mange måtar er det reint forskingsmessig spennande.

Les også: Å forstå det grå

Powered by Labrador CMS