DYREBART AREAL: Bilen gjer krav på mangelfullt og dyrebart areal, som med betre byplanlegging kunne gått til å utvikle verdiskapande område til trivsel og velvære for innbyggjarane, skriver Tord Magnus Håland Dyrkorn.

Bilen har ingen plass i Oslo

Som student er det all grunn til å ville bilen til livs.

Publisert Sist oppdatert

Det går mot vår, og snart kjem eit av dei sikraste vårteikna Oslo har å by på. Når graset er isfritt tek studentar att byens parkar etter månadar med frost. Eg må sei eg gler meg. Det er ikkje mykje som slår den fyrste parkpilsen ein crisp aprildag som eigentleg er for kald.

Gleda er likevel ikkje udelt. Gjennom latteren til venar skjer larmen, vegstøv fyller lungene og trafikken gjer deg svimmel. Kvar vår sprekk idyllen brått, eine og aleine på grunn av éin ting: bilen.

Les også: "Slutt å spørre meg hva jeg skal bli"

Å vere bilist er tross alt eit dyrt privilegium øyremerkt dei som lever over fattigdomsgrensa.

Kvifor må det vere slik? Det er det fremste spørsmålet unge urbanistar burde spørje seg. Svaret? Det finst ikkje, og argumenta mot bilen er mange.

Det fyrste og viktigaste: Bilen drep. I tillegg til at han er ein fare med den høge farta, forureinar han lufta med støv, CO2 og støy òg. Sjølv om fleire og fleire køyrer elbil, vert ein god del av reisene i Oslo gjort med fossilbilar og fører dermed til ei uansvarleg stor mengde helseskadelege partiklar og gassar som vert sleppte ut i lufta som barn, vaksne, eldre og sjuke skal puste inn.

For det andre: Bilen får alt for stor fysisk plass i bybildet. I ein by kor kvadratmeterprisen når nye rekordar kvar månad, krev nokon løyve til å setje ifrå seg ein åtte kvadratmeter stor metallklump vederlagsfritt i byens vegar og gater. Ein parkeringsplass med plass til 50 bilar kan, viss bygd om til park, virke som ein offentleg samlingsstad for fleire tusen menneske i eit lokalmiljø. Bilen gjer krav på mangelfullt og dyrebart areal, som med betre byplanlegging kunne gått til å utvikle verdiskapande område til trivsel og velvære for innbyggjarane. På dette punktet er elbilen eit like stort problem som vanlege fossilbilar.

For det tredje: Bilen bidreg til å auke forskjellane. Ifølgje Ruter manglar 21 prosent av Oslos innbyggjarar tilgang på bil, og er dermed heilt avhengig av gode gang- og sykkelvegar og kollektivtransport. Vi studentar utgjer ein stor del av dei. Å vere bilist er tross alt eit dyrt privilegium øyremerkt dei som lever over fattigdomsgrensa. Når insentiva til å velje bort kollektivtransport vert større, bidreg den bileiande delen av innbyggjarane til å svekkje det allmenne mobilitetstilbodet for oss studentar og andre utan bil. Dette gjeld òg elbilistar som også tek kundar frå kollektivtilbodet. Altså: Fleire bilar på vegen fører til færre buss-, trikk- og baneavgangar.

Les også: "Utepils med bismak"

Bilen får alt for stor fysisk plass i bybildet.

Tre gode grunnar til å forby bilen i delar av byen. Men kva med motargumenta?

Det er urealistisk å fjerne bilen, seier du. Feil: Svært sjeldan ser ein folk ønske seg attende til ei tid kor bilen fekk endå meir plass enn i dag. Kan du sjå føre deg eit Oslo kor Rådhusplassen er byens gjennomfartsåre for biler? Eller kor Folketeaterpassasjen er ein biltunnel mellom Storgata og Youngstorget? Heller ikkje eg, men slik har det ein gong vore.

Viss gater vert stengde for bilen fører det til at det vert meir trafikk kor bilen framleis vert tillaten, seier du. Feil: All erfaring taler for at færre bilvegar inneber færre biler, og omvendt.

Kollektivtilbodet er for tregt og dårleg, seier du. Tja. Oslo har allereie eit tilbod i verdsklassa, men det kan utan tvil verte betre. Kva trur du skjer viss pengane frå nokon av dei 733 000 daglege bompasseringane går til Ruter-billettar? Jo fleire som vel kollektivtransport, jo betre tilbod får vi; jo færre som vel bil, jo raskare kjem bussen og trikken fram.

Som student er det faktisk ingen grunn til å forsvare bilens plass i Oslo. Han bidreg til å øydeleggje klimaet vi skal arve, han representerer eit stort økonomisk skilje mellom oss og dei meir bemidla eldre, og han er til generelt bry for oss. Dessutan er vi kanskje ein av dei siste generasjonane som kjem til å vurdere å gå til innkjøp av privatbil i byen, noko som er heilt naturleg når talet på bilkollektiv-tenester går opp, samstundes som at færre unge tek førarkort i byane, ifølgje tal frå Statens Vegvesen.

Privatbilen har ingen plass i ein moderne by, i alle fall ikkje i dei befolkningstette delane. Heldigvis ser det ut som at mange av byens lokalpolitikarar er med på den tanken, i alle fall delvis. Byrådet i gang med å fjerne parkeringsplassar og stenge gater for biltrafikk. No er det viktig at arbeidet ikkje stoppar! Byrådet må få fart på arbeidet med å stenge deler av Oslo for privatbilen. Det er det beste for folkehelsa, trivselen, nærmiljøet og klimaet.

Våren og gjenopninga er her. Dra ut og nyt byen, men hugs òg at bilen ikkje gir deg noko som helst, og at vi først kan nå full fridom i byen når privatbilismen døyr.

Les også: "Dannelse, ikke bare utdannelse"

Powered by Labrador CMS