Bekymra: Merita Fjetland er uroleg for at dei dyre bustadane skal føre til at det blir umogleg å vere fulltidsstudent.
Bekymra: Merita Fjetland er uroleg for at dei dyre bustadane skal føre til at det blir umogleg å vere fulltidsstudent.

SiOs nye studentbustadar:

Den billigaste bustaden kostar meir enn studie­støtta

–⁠ Det heng ikkje på greip, seier student.

–⁠ Det er eigentleg ekskluderande, fortset Oslomet-studenten Marte Myhr.

Ho snakkar om SiO sine 77 nye studentbustadar i Nydalen. Dei er innflyttingsklare i juni, og var opphavleg eit gammalt spinneri som no er totalrenovert og blitt til bustadar. Det Myhr reagerer på er månadsleiga for desse bustadane.

Om du skal flytte inn i ei leilegheit aleine, kostar det deg mellom 8600 og 9100 kroner i månaden. Det er meir enn dei 8421 kronene studentar får i studiestøtte frå Lånekassen, sett vekk frå storstipendet kvar august og januar. Om du derimot skal flytte saman med kjærasten, er prisen noko lågare. For eit par kostar bustaden mellom 9100 og 13600 kroner.

–⁠ Eg tenkjer at det er altfor dyrt, seier student Myhr.

Det er ho ikkje aleine om å meine. Universitas har snakka med fire andre studentar som alle meiner at husleiga på dei nye studentbustadane i Nydalen er altfor høg.

Trongt: -- Det blir økonomisk trongt at husleiga er så høg. Når ein studerer på fulltid, er det avgrensa kor mykje ein kan jobbe, seier Marte Myhr, som studerer utviklingsstudium ved Oslomet.
Trongt: – Det blir økonomisk trongt at husleiga er så høg. Når ein studerer på fulltid, er det avgrensa kor mykje ein kan jobbe, seier Marte Myhr, som studerer utviklingsstudium ved Oslomet.

Sjå kva meir studentane svarte lengre ned i teksten.

Les også: Rektor truet studenter med politi­an­mel­delse eller utvisning

Høyrer ikkje på studentane

–⁠ Det er heilt sjuke prisar. SiO sitt samfunnsoppdrag er å sikre lik rett til utdanning, at dei byggjer så dyre studentbustadar er bekymrande, seier Merita Fjetland i aktivistkollektivet Reduser Husleia.

Ho seier vidare at det er eit stort behov for bustadar i Oslo som er tilgjengelege for studentar, spesielt dei som ikkje har jobb ved sida av studiet og må leve av stipendet.

–⁠ SiO høyrer korkje på oss eller studentane når vi seier at vi vil ha billige studentbustadar som gjer det mogleg å vere fulltidsstudent. Desse bustadane i Nydalen gjer det umogleg å leve på stipendet når leiga er over 8600 kroner, seier Fjetland.

–⁠ Studentbustadane i Nydalen er heilt nye og veldig moderne, er ikkje det då forståeleg at det kostar å byggje slike leilegheiter og at dei difor er dyrare enn andre studentbustadar?

–⁠ Då tenkjer eg at SiO burde ha revurdert kva for bustadar dei byggjer. Om det er så dyrt å byggje desse leilegheitene, så er kanskje ikkje det rett bygg for studentar når prisen er dyrare enn studiestøtta studentane får i månaden, seier Fjetland og legg til:

–⁠ Eg bur sjølv i SiO-bustad, og føler at det er umogleg å vere fulltidsstudent. Eg jobbar 70 prosent ved sida av studiet for å få ting til å gå rundt.

Leiaren i Venstrealliansen, Pietro Berger, er samd med Fjetland.

–⁠ Eg stussa over prisane fordi det minner meg om den private leigemarknaden. Det er ei rar prioritering av SiO å byggje bustadar som berre studentar med ein jobb kan bu i, seier Berger og legg til:

–⁠ Det hadde vore meir føremålstenleg med bustadar som var mindre i storleiken, eller var ein annan stad i byen, for å få ein meir rimeleg pris.

Les også: Student og fakultetet uenig i om studentene stilte likt til eksamen

Set prisen så lågt dei kan

–⁠ Desse studentbustadane er bygd utan statleg tilskot. Det gjer at dei blir dyrare enn resten av SiO sine bustadar, skriv styreleiar i SiO Stine Johannessen i ein e-post til Universitas.

Vidare skriv ho at SiO har ein brei bustadsportefølje med rundt 9000 studentbustadar, som inkluderer hyblar frå 3500 kroner og oppover. Bustadane i Nydalen er berre 77 av dei 9000.

–⁠ Vi har sett husleiga så lågt vi kan ut ifrå kva det kosta å byggje bustaden, skriv ho.

–⁠ Kvifor byggjer de ikkje billigare studentbustadar då?

–⁠ SiO byggjer vanlegvis med tilskot, noko som gjer at vi tilbyr studentbustadar til ein lågare pris enn privatmarknaden. Alle studentar er forskjellige, dei har ulike ynske og behov når det gjeld å velje bustad, skriv Johannessen.

Ho forstår at studentar synest det er dyrt å bu i Oslo, og ho deler Merita Fjetlands bekymring om dei auka bustadprisane, men ho peikar på at det er den månadlege studiestøtta som bør endrast på.

–⁠ Dette er eitt av fleire døme på at det kanskje er på tide å sjå på nivået på studiestøtta, skriv ho og legg til:

–⁠ Studiestøtta har ikkje følgt same hastigheit som bustadprisane har gjort. Dette gjer at det blir ei skeivfordeling for dei fleste studentar som bur i Oslo, uansett om dei bur hos SiO eller private aktørar.

Fire på campus Pilestredet om prisane

Nikolai Mong Andreassen (27), studerer grunnskulelærar 5.-10. trinn ved Oslomet

–⁠ Kva tenkjer du om månadsleiga på SiO sine nye studentbustadar i Nydalen?

–⁠ Eg tenkjer ho er altfor høg.

–⁠ Kva tenkjer du om at bustadane kostar meir enn studentar får utbetalt av Lånekassen i månaden?

–⁠ Då blir det forventa at du må jobbe, og det er det ikkje alle som har høve til. Det er mange studentar som slit nok med å kome gjennom eit studie.

–⁠ Har du råd til, eller kunne tenkje deg, å betale den summen for en SiO-bustad?

–⁠ Råd: ja, kunne tenkt: nei. Du får ikkje akkurat luksus for den prisen, og du kan finne betre leilegheiter meir sentralt, og til ein lågare pris.

William Leren (22), studerer byggingeniør ved Oslomet

–⁠ Kva tenkjer du om månadsleiga på SiO sine nye studentbustadar i Nydalen?

–⁠ Det høyrest litt dyrt ut, om dei er så små som dei plar å vere.

–⁠ Kva tenkjer du om at bustadane kostar meir enn studentar får utbetalt av Lånekassen i månaden?

–⁠ Det er jo litt tåpeleg. Dei legg opp til at du må ha ein jobb ved sida av.

–⁠ Har du råd til, eller kunne tenkje deg, å betale den summen for ein SiO-bustad?

–⁠ Det kjem heilt an på. No har jo ikkje eg sett bustadane, men om dei er store og fine nok, så kanskje. Det er dyrt i Oslo, men det var jo litt å ta i for ein studentbustad. Eg trudde det skulle vere billigare med studentbustadar.

Marte Dreng (22), studerer utviklingsstudium ved Oslomet

–⁠ Kva tenkjer du om månadsleiga på SiO sine nye studentbustadar i Nydalen?

–⁠ Eg synast ho er litt for høg, iallfall for eit studentbudsjett.

–⁠ Kva tenkjer du om at bustadane kostar meir enn studentar får utbetalt av Lånekassen i månaden?

–⁠ Eg meiner det ikkje gir heilt meining. Mange som går fulltidsstudium bruker all tid på det, og då er det ikkje så mykje rom for å jobbe kvar dag. Eg trur det er vanskeleg å få råd til det, med mindre ein har ein deltidsjobb ved sida av.

–⁠ Har du råd til, eller kunne tenkje deg, å betale den summen for ein SiO-bustad?

–⁠ Nei. Eg trur ikkje eg ville fått det til å gå rundt, også finn ein jo billigare stadar som kanskje er av like god kvalitet.

Maria Antonsen (22), studerer grunnskulelærar 5.-10. trinn ved Oslomet

–⁠ Kva tenkjer du om månadsleiga på SiO sine nye studentbustadar i Nydalen?

–⁠ Det var veldig dyrt, i kvart fall for dei single. Det er jo dyrt i Oslo, og eg tenkjer at dei SiO-bustadane bør vere billigare enn marknaden elles.

–⁠ Kva tenkjer du om at bustadane kostar meir enn studentar får utbetalt av Lånekassen i månaden?

–⁠ Det er ikkje bra. Det skal jo vere gratis å gå på skule i Noreg og likt for alle. Då må du anten ha ein jobb, eller få ressursar heimanfrå. Det kan bli urettferdig for dei som har mindre.

–⁠ Har du råd til, eller kunne tenkje deg, å betale den summen for ein SiO-bustad?

–⁠ Nei. Det er altfor dyrt.

Les også: Shampa (33) ble koronafast i Bangladesh: Betalte 33.484 kr for en SiO-leilighet hun aldri har bodd i