Blanda kjensler: Therese Eia Lerøen er nøgd med fleire studentbustader, men saknar meir studiestøtte. – Forslaget sørgjer for at studentane ikkje får dårlegare råd til neste år, men det burde strengt tatt vore ei sjølvfølge. Arkivfoto: Adrian Nielsen
Blanda kjensler: Therese Eia Lerøen er nøgd med fleire studentbustader, men saknar meir studiestøtte. –⁠ Forslaget sørgjer for at studentane ikkje får dårlegare råd til neste år, men det burde strengt tatt vore ei sjølvfølge. Arkivfoto: Adrian Nielsen

2200 nye student­bu­stader og 316 kroner meir i månaden – her er Stats­bud­sjettet 2016

Ei sterk auke i bustad, men lite konkrete planar for studiestøtta. NSO har blanda kjensler til årets forslag til statsbudsjett.

–⁠ Kvar enkelt studentbustad som blir bygd er med på å sikra fleire gode buforhold og betra økonomi for studentane, skriv Therese Eia Lerøen, leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), i ei pressemelding som reaksjon på det ferske forslaget til statsbudsjett for 2016.

I budsjettet er det lagt planar om ei kraftig auke i utbygging av studentbustader. Det betyr ei samla satsing på 5700 nye studentbustader i perioden til Solberg-regjeringa.

Det er NSO nøgde med, og har vore eit etterlengta krav frå studentane.

Også Velferdstinget i Oslo og Akershus (VTOA) reagerer på statsbudsjettet.

–⁠ Det er positivt at regjeringa si satsing på studentbustader held fram, men me er enno ikkje i mål, seier Sigrid Mæhle Grimsrud, som er leiar for VTOA.

Lite konkrete planar for studiestøtta

Studiestøtta blir òg auka, men her saknar NSO større ambisjonar. I forslaget til regjeringa aukar studiestøtta med 3,1%, noko som tilsvarar 316 kroner meir i månaden. Det er langt under kva NSO krev.

–⁠ Me veit ikkje kva regjeringa meiner er eit godt nivå på studiestøtta. Forslaget sørgjer for at studentane ikkje får dårlegare råd til neste år, men det burde strengt tatt vore ei sjølvfølge, seier Therese Eia Lerøen. Kravet til NSO er at studiestøtta blir auka til 1,5G og blir fordelt over 11 månader.

I dag får studentar med full studiestøtte 100 920 kroner i året, og i regjeringa sitt forslag blir den auka til 104 080 kroner. Skulle studiestøtta bli auka til 1,5 G i dette statsbudsjettet, ville det vore ei støtte på 135 102 kroner i året, ifølgje pressemeldinga frå NSO.

Ein liknande reaksjon kjem frå VTOA.

–⁠ Med ei årleg auke på 3% vil det ta 15 år før me når målet. Det er ikkje haldbart, seier VTOA-leiar Sigrid Mæhle Grimsrud.

Meir til forsking

I tillegg vil regjeringa styrka forskingsinnsatsen i statsbudsjettet med 2,1 milliardar kroner, og 1 milliard blir sett av til lærarløftet.

Forskarforbundet er glad for å sjå at regjeringa brukar meir enn nokon gong på forsking, men trur ikkje budsjettforslaget vil vera positivt for heile akademia.

–⁠ Dei fleste institusjonane kjem likevel til å oppleva mindre føreseielegheit fordi stadig meir av finansieringa er knytt til tidsavgrensa prosjekt. Det betyr at det blir vanskelegare for desse å tilby forskarane fast jobb, dyrka fram gode forskingsmiljø og investera i kvalitet i utdanningane, seier Peter Aaslestad, leiar i Forskingsforbundet, i ei pressemelding.