
Vil bygga studentbustader med lågare standard
Forbrukerrådet, NSO og SiO vil ha nye reglar som kan gi fleire studentbustader. For studentene betyr det meir bråk og dårleg utsikt.


Me manglar over 13 200 studenthyblar i Noreg, og berre i Oslo står 3865 studentar i bustadkø. Regjeringa vedtok å auka utbygginga, men framleis går det for sakte. Fagdirektør for bustad i Forbrukerrådet, Thomas Bartholdsen, vil endra på krava for å bygga studentblokker. Ein grå tysdagsmorgon står han i ei rundkøyring nær Ullevaal Stadion og viftar med armane. Her vil han at studentar skal kunne bu.
– Sentrum er nesten utbygd, det er ikkje så lett å tenkja seg mange nye blokker der. Men om ein ser i Oslo og andre byar, finn ein fort tomter der det ikkje er interessant å bu permanent.
– Det blir lettare å bygga studenbustader om ein firer litt på desse krava
Thomas Bartholdsen, fagdirektør for bustad i Forbrukerrådet
Desse tomtene har nokre fellestrekk. Dårleg utsikt, ein del støy og trafikk, mellom anna. Men dei er ofte nær utdanningsinstitusjonane – og egnar seg godt til studentblokker, meiner Bartholdsen. Målet er å gjera bygging av studentbustader til eit eige punkt i plan- og bygningslova.
– Umogleg etter dagens lovverk
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) jobbar no med nye byggtekniske forskrifter, som skal vera klart til 2017, og er ansvarleg for plan- og bygningslova. Statssekretær Per-Willy Amundsen (Frp) fortel at departementet ønskjer å vurdera å endra krava for studentbustader – men ei slik lovendring kan ikkje komma utan vidare.
– Det å regulera for spesielle brukargrupper, som studentar, er umogleg etter dagens lovverk. Me har eit likebehandlingsprinsipp som har blitt fulgt i alle år, som kan setta spørsmålsteikn ved om dette er rett framgangsmåte, seier Amundsen.

Men han understrekar at departementet ser at det er mogleg å redusera krava.
– Eg har også blitt gjort merksam på nokre krav som blir stilt til bustader i dag, som ikkje nødvendigvis er naudsynte for studentar.
Unngår byråkratikverna
Thomas Bartholdsen gjekk ut med ønskjet om å lempa på krava for studentbustader i Dagsavisen i førre veke, og har fått god respons. Norsk studentorganisasjon (NSO), til dømes, jubla.
– Me har lenge ønska å gjera studentbustader til eit eige arealføremål i plan- og bygningslova. Det vil føra til at studentbustadene automatisk blir unntatt frå reglar som
ikkje blir sett på som relevante, sa NSO-leiar Therese Eia Lerøen til Dagsavisen.
Studentbustader kan også byggast med unnatak i reguleringsplanen etter dagens lovverk, men då må det gjennom det Bartholdsen kallar ei byråkratisk kvern.
– Men det tek tid og fordyrar heile prosessen. Heile poenget er eigentleg at ei raskare og meir effektiv utbygging av mange studentbustader vil gjera dei lettare å få tak i, seier Bartholdsen til Universitas.
Les også: Vil bygge 2200 studentboliger i året
Blir det trist?
Bilane køyrer konstant gjennom rundkøyringa på Ring 3, mellom Ullevaal Stadion og Nordnorske elev- og studenthjem. Av og til må me heva stemmene for å nå fram.
– Vil ikkje bråket vera forstyrrande i eksamenstida?
– Det er lett å flytta. Er du veldig oppteken av at det skal vera heilt stille, kan du til dømes bu på Kringsjå, seier Bartholdsen, som understrekar at aktuelle tomter må utgreiast.
– Men vil ikkje den samla summen av lågare krav senka levestandarden til studentane?
– Det blir lettare å bygga studentbustader om ein firer litt på desse krava. Alternativet for mange er å leiga privat – ofte nær ein trafikkert veg eller uteplassar, med dårleg utsikt og lysforhold, kanskje er det også brannfarleg.
Regeljungel
Lisbeth Dyrberg, administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Oslo (SiO), støttar forslaget til Bartholdsen, og håpar på endringar i plan- og bygningslova.
– Det er eit komplisert regelverk som primært er utarbeida for ordinære bustader, me er opptekne av at det skal tilpassast det spesielle med studentbustader, seier Dyrberg.
I snitt bur studentar på ein hybel i 18 månader – då er ikkje uteareal og utsikt det viktigaste.
– Men det skal byggast med god kvalitet. Dei fleste som bur i store byar aksepterer litt fortetting og tek konsekvensen av det med lyd- og lysforhold. Men det er klart det må vera tilpassa, studentar skal også leva.