Fleire i boligkø: I Oslo står 3529 studentar i bustadkø. Det er 80 fleire enn på same tid i fjor, trass i at Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) har bygd 600 nye studentbustader det siste året.
Fleire i boligkø: I Oslo står 3529 studentar i bustadkø. Det er 80 fleire enn på same tid i fjor, trass i at Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) har bygd 600 nye studentbustader det siste året.

Rekord­mange i bustadkø

15 626 norske studentar ventar på å få tildelt studentbustad. Det er fleire enn nokon gong før.

–⁠ Fredag stod 15 626 studentar i kø for å få studentbustad. Det er det høgste talet NSO nokon gong har målt, og meir en 1000 fleire enn den same dagen i fjor, seier Anders Kvernmo Langset, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), til Universitas.

Berre i Oslo stod 3529 studentar i bustadkø då tala vart samla inn. Det er 80 fleire enn på same tid i fjor, trass i at Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) har bygd 600 nye studentbustader det siste året.

–⁠ Regjeringa har gått til val på å byggja fleire studentbustader. Me forventar at dei skal oppfylla det dei sjølve har gått til val på. Samskipnadene er klare til å byggja meir, men manglar tilskotet som trengst for å kunna starta bygginga, seier Langset.

NSO krev minst 3000 studentbustader i statsbudsjettet i haust.

Les også: Flest boliger til Oslo-studentene

Lause lovnader

Leiar for Velferdstinget i Oslo og Akershus, og for tida husvert for vennen Monica Haugen (se sidesak), Kaia Marie Rosseland, er samd med NSO-leiaren.

–⁠ Dekningsgraden går nedover, leigeprisane på den private marknaden går oppover, og studentøkonomien går nedover. Det er uheldig. Om ein hadde hatt ein dekningsgrad på 20 prosent ville det òg ha redusert presset i den private marknaden, og gjort det lettare også for andre studentar, seier Rosseland.

Også ho håpar at regjeringa no tek bustadsituasjonen for studentar på alvor.

–⁠ Eg håpar dei vil setja bustadsituasjonen meir på dagsorden og realisera det dei har sagt.

Når ein har ei Høgre-regjering som ynskjer å satsa på kunnskap håpar eg dei ser at rimelege bustader er ein føresetnad for prinsippet om lik rett til utdanning. Alle må ha råd til å studera, seier no.

Prioriteringsspørsmål

Bjørn Haugstad (H), statssekretær i Kunnskapsdepartementet (KD), meiner at bustadsituasjonen ved studiestart er slik han brukar å vera, altså ikkje god nok.

–⁠ For mange står i kø utan ein stad å bu til ein fornuftig penge. Det har me gjort noko med og det vil me gjera meir med, seier han.

Når han får høyra om den rekordlange bustadkøen som no er eit faktum, har han dette å seia:

–⁠ Dette viser at det framleis er behov for å byggja studentbustader. Det har vore bygd ganske mykje dei sisteåra, men talet på studentar aukar òg. Me er samde med NSO og samskipnadene i at det framleis er store udekte behov.

Samstundes meiner han at det finst moglegheiter for å finna bustader til ein grei pris på den private marknaden. Han kjem og med eit lett spark til studentar som insisterer på å bu midt i byen.

–⁠ Litt reiseavstand gjer det nok enklare å finna noko til ein rimeleg penge. For ein del vil nok det å flytta seg vekk frå Grünerløkka, Frogner og Majorstua kunna gjera det enklare å finna seg tak over hovudet.

Fagre løfter

Framfor Stortingsvalet i fjor haust samla Universitas inn partia sine måltal for bygging av nye studentbustader. Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet gjekk inn for høvesvis 3000 og 2000 nye bustader i året.

I sitt første statsbudsjett løyvde regjeringa Solberg likevel ikkje pengar til meir en 1259 nye krypinn.

Haugstad er ikkje kjend med valløftet hans eige parti kom med i Universitas i fjor, og vil heller ikkje lova å innfri det.

–⁠ Me meiner at betre studentvelferd er viktig for at fleire studentar skal kunna konsentrera seg meir om studia. Men det er mange tiltak å setja i verk, og me må balansera studentbustader mot andre prioriteringar, slik som auka studiestønad og meir midlar til forsking, seier han.

Stadig trangere kår

Ei undersøking Nordea nyleg offentleggjorde synte at prisane på den private leigemarknaden har stige med 1000 kroner i månaden – berre det siste året. Langset i NSO meiner det er ei viktig årsak til at stadig fleire ynskjer seg ein studentbustad.

–⁠ Det viser at det er enno vanskelegare enn nokon gong før for studentar å finna ein bustad som dei har råd til å betala for, seier han.

I snitt går 74 prosent av studiestønaden no til å dekkja buutgifer.

–⁠ Det gjer at dei aller fleste studentane må jobba ved sida av studia, og mange må jobba så mykje at me fryktar det går utover studiekvaliteten, sidan studentane ikkje får tid nok til å vera studentar, seier Langset.

Han påpeikar at studentsamskipnadene ikkje har profitt som føremål, og dermed bidreg til å halda prisane nede. NSO meiner ein bør byggja bustader så 20 prosent av nye studentar kan få tilbod om studentbustad. Per i dag er dekningsgraden 13,83 prosent.

Leiligheits-lotto

–⁠ Me trudde jo me skulle greia å finna noko før me kom hit, seier Monica Haugen når Universitas møter ho på veg til første dag på Blindern.

Saman med kjærasten har ho flytta frå Trondheim til Oslo for å ta master i medievitskap ved Universitetet i Oslo (UiO). Bustadjakta viste seg å verta vanskelegare enn forventa.

Dei første dagane får Haugen bu hjå velferdstingsleiar i Oslo og Akershus, Kaia Marie Rosseland, som er ei veninne frå heimbyen Kristiansand. Vidare har ho fått tilbod om å låna eit rom i eit kollektiv i ei veke eller to.

–⁠ Det kjennest litt som om eg er på ferie og litt som om eg ikkje bur her. Eg er heldig som har nokon å bu hjå, men ein slappar meir av når ein har sitt eige enn når ein føler at ein er på besøk, seier Haugen.

I staden for rolege dagar med opplading til studiestart i ny by, er det no bustadsituasjonen som opptek Haugen mest. Både ho og kjærasten har jobba full tid i sommar, og har ikkje kunna reisa til Oslo og gå på visningar. Å senda kjenningar har ikkje hjelpt.

–⁠ Samanlikna med Trondheim er det mykje tøffare å komma inn på leigemarknaden i Oslo, meiner Haugen, som er budd på å punga ut med fleire tusen kroner ekstra for ei leiligheit i hovudstaden.

Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) prioriterer internasjonale studentar og førsteårsstudentar når dei deler ut studentbustader. Dermed har ein masterstudent som Haugen små sjansar. Sjølv søkte ho ikkje i det heile.

–⁠ Ein kan jo søkja, men det er litt som å kjøpa Flax-lodd, seier Haugen.