Rasar mot «House of Cards«-manøver

• Venstrealliansen seier dei nå umogleg kan samarbeide med Sosialdemokratene, etter at dei vart snytt for sin plass i Arbeidsutvalet ved UiOs studentparlament.

• – Me kan ikkje halde oss til folk som ljug, seier Venstreallianse-leiar Mari Heglum.

–⁠ Det som vart gjort, gir kanskje kortsiktig vinning for Sosialdemokratene (SD), men det skadar studentdemokratiet, seier leiar for Venstrealliansen (VA) Mari Heglum.

Før valet av Arbeidsutvalet til Studentparlamentet nyleg hadde dei ulike listene forhandla fram ein avtale om korleis utvalet skulle sjå ut. Avtalen var blant anna at nyvalde Marianne Andenæs (SD) vart leiar, og at VA sin representant Daniel Sandbakken Nilsen vart sikra ein plass i Arbeidsutvalet. Frå parlamentsvalet er VA den nest største lista, med hårfint fleire stemmar enn SD.

Men resultatet vart ikkje som avtalt. Då valet av maktposisjonane skulle gjennomførast stilte Knut Frydenlund (SD) til valg, såkalla benking. Han vart vald inn, Andenæs vart leiar – og VA enda opp utan representantar i Arbeidsutvalet. Både SD og VA er representert med fem mandatar i Studentparlamentet i Oslo..

«Dette fører til at heile systemet må endrast, for no har tilliten forsvunne»

Mari Heglum, Venstrealliansen

–⁠ Dette er ikkje House of Cards. Me er trass alt tillitsvalde, og då må ein vera tillitsvekkande. Dette fører til at heile systemet må endrast, for no har tilliten forsvunne. Alt er basert på tillit, seier Heglum.

Ønskjer forklaring

–⁠ Det er Knut sin fulle rett å benka meg om han vil det, men det er på sin plass at ein seier ifrå når ein gjer sånne ting. Det var eit sjokk, seier Daniel Sandbakken Nilsen til Universitas.

VA-leiar Heglum er like sjokkert – og irritert.

–⁠ Sosialdemokratene fekk oss til å stemma inn kandidatar etter den felles avtalen, og etter at me hadde holdt vår del av avtalen, svikta dei på sin del. Det var eit bevisst og strategisk val å ikkje varsla på førehand.

Ikkje planlagd

SD og leiar Marianne Andenæs beklagar at ting vart gjort som dei vart, og avviser at vendinga var planlagd.

–⁠ Knut valde å stilla like før møtet. Me tek kritikk for at me ikkje ga beskjed når me fekk vita det, og det var ein dårleg prosess. Forhandlingane er ein uformell avtale mellom alle listene som tradisjonelt sett har blitt fulgt, men den hindrar ikkje andre folk frå å stilla, seier Andenæs.

Knut Frydenlund, som vart vald inn i staden for VA sin innstilte kandidat, legg seg flat.

–⁠ Det var ein idiotisk måte å gjera det på, og veldig klumsete. Hadde eg gjort det på nytt, hadde eg gjort det annleis, men eg ville framleis stilt til val, seier Frydenlund.

Han fortel at han rett og slett ikkje rakk å tenkja seg ordentleg om i prosessen.

–⁠ Eg tenkte at dei andre kanskje ville føla seg lurt, men eg bestemte meg for å stilla to timar før valet. Eg ville ikkje at alt me hadde forhandla fram, skulle bryta saman.

–⁠ Har ikkje tillit

–⁠ Samarbeid går jo ikkje no, seier Mari Heglum frå VA.

–⁠ Me kan ikkje halde oss til folk som ikkje snakkar sant. Eg har personleg blitt logen rett i ansiktet, legg ho til. Både Heglum og Sandbakken Nilsen er skeptiske til samarbeidet med Sosialdemokratene i framtida.

Det tykkjer Marianne Andenæs er synd.

–⁠ Eg håpar me kan sjå framover, ikkje bakover. Me får ikkje endra på det som har skjedd. Eg trur at det er fleire som tykkjer at prosessen var dårleg, men eg trur me kan stå for resultatet som kom fram, og jobba vidare med det.

Den første anledninga for samarbeid kjem på handlingsplanseminaret, når politikken for det neste året skal planleggast. Tidlegare leiar for Studentparlamentet, Stian Skaalbones, trur Andenæs får ein vanskeleg jobb som leiar i året som kjem.

–⁠ Det som er veldig synd med denne saka er at ho må bruka det neste året på å bygga tillit igjen, og det er tid ho ideelt sett skulle brukt på å skapa gjennomslag for studentane. Som øvste tillitsvald på landets største Universitet er ho avhengig av å ha tillit hjå sine tillitsvalde, og det har ho ikkje no, seier Skaalbones.

Til dette svarar Andenæs at ho forstår at tilliten er svekka.

–⁠ Samstundes kan alle gjera feil, og eg håpar at Venstrealliansen og resten av Studentparlamentet vil vera med på å føra ein konstruktiv debatt, og at eg viser meg tilliten verdig.