DEMONSTRASJON: Tysdag 10. februar demonstrerte om lag 40 000 av studentane og dei universitetstilsette i Paris. - Demonstrasjonen gjekk roleg for seg, seier Claire Guichet (i midten av biletet), presidenten i studentorganisasjonen laFAGE.
DEMONSTRASJON: Tysdag 10. februar demonstrerte om lag 40 000 av studentane og dei universitetstilsette i Paris. –⁠ Demonstrasjonen gjekk roleg for seg, seier Claire Guichet (i midten av biletet), presidenten i studentorganisasjonen laFAGE.

Opprør i Europa

Studentar og tilsette demonstrerer på tredje veke i Frankrike. –⁠ Kan få ein liknande situasjon i Noreg, seier Arvid Ellingsen i Forskarforbundet.

Tysdag denne veka demonstrerte studentane på ny i Paris. Demonstrasjonane mot ei ny reform starta for to veker sidan, og stadig fleire delar av landet vert involvert i protestane.

–⁠ Det vi reagerer på er at reforma vart gjennomført utan at studentane og dei tilsette ved universiteta sine meiningar vart høyrde, seier Claire Guichet, president i den franske studentorganisasjonen Fédération des Associations Générales Etudiantes (laFAGE). Ho fortel at opprøret starta som ein bevegelse frå dei tilsette ved universiteta.

FRYKTAR OPPRØR: Kommunikasjonsrådgivar i Forskarforbundet, Arvid Ellingsen, var deltakande i den norske studentopprøret i 1993. Han meiner det er sannsynleg at ein kan kome til å sjå liknande tilstandar i løpet av våren.
FRYKTAR OPPRØR: Kommunikasjonsrådgivar i Forskarforbundet, Arvid Ellingsen, var deltakande i den norske studentopprøret i 1993. Han meiner det er sannsynleg at ein kan kome til å sjå liknande tilstandar i løpet av våren.

Ifølgje Arvid Ellingsen, kommunikasjonsrådgivar i Forskarforbundet, er det ikkje usannsynleg at opprøret kan spreie seg til Noreg.

–⁠ Ved universitet i Aust-Europa, Skandinavia og Noreg kan ein allereie sjå utviklinga av reformer som tek sikte på at ein i større grad skal nytte eksterne midlar frå næringslivet. Innføring av liknande reformer i Frankrike er det som har utløyst den store mobiliseringa bland studentane, seier Ellingsen.

Fryktar streik i mai

Universiteta i over 20 franske byar er ramma av streiken blant dei tilsette. Dei to siste vekene har det om lag dagleg vore demonstrasjonar blant både tilsette og studentar, som krev at styresmaktene løyvar meir pengar til universiteta slik at ein ikkje må seie opp tilsette.

–⁠ Vi fryktar at denne reforma kan føre til aukande arbeidsløyse og tap av verdifulle fagtilsette dersom den vert gjennomført slik myndigheitene vil, seier Guiche.

Agnes Walton tek årsstudium i fransk ved Universitetet i Oslo. Ho deltok på ein av demonstrasjonane i Paris 29. januar. Demonstrasjonen innehaldt store folkemassar i gatene, omfattande politistyrkar og tåregass.

–⁠ Dei mest framtredande var elevorganisasjonane, anarkistar og pøblar. Folk kasta og brann ting, fortel Walton.

Arvid Ellingsen var ein aktiv del av den omfattande studentbevegelsen som aksjonerte for betre finansieringsordningar for studentar i Noreg i 1993.

–⁠ Kva meiner du er sannsynet for at vi i Noreg kan kome til å oppleve noko tilsvarande som i Frankrike?

–⁠ Dersom ein får ei kopling mellom studentar, fagbevegelse og politiske grupper, og dersom ein slår saman ulike institusjonar i universitets- og høgskulesektoren, slik Stjernø-utvalet skulle ta sikte på å gjere, så ville ein fort kunne få ein liknande situasjon i Noreg, seier Ellingsen.

Ellingsen i Forskarforbundet meiner at fleire kontroversielle saker samtidig, i tillegg til ein ustabil situasjon som finanskrisa, vil kunne føre til store reaksjonar i Noreg.

–⁠ Det eg fryktar at kan skje i år, er at forhandlingane om offentleg pensjon i mellomforhandlingane vil føre til at vi kan få ein streik i Noreg frå mai. Partane vart ikkje samde om offentleg pensjon i hovudforhandlingane, og dei skal no ut i forhandlingar med streikerett.

–⁠ Noreg mindre spontan

Ein har i løpet av dei fire siste månedane sett studentopprør både i Hellas og Italia. I Italia hadde studentane i månadsskiftet oktober-november eit omfattande opprør knytt til vedtaket om ei lov som blant anna kutta i løyvingane til utdanningssystemet (jf. Universitas 29. oktober).

Idar Helle, stipendiat på forskingsprosjektet «Dei kollektive bevegelsar si historie» ved Forum for samtidshistorie, meiner at den politiske kulturen ein kan sjå i Hellas, Frankrike og Italia skil seg frå den norske, då det tradisjonelt har vore ein sterkare og meir spontan protestkultur i desse landa.

–⁠ I norsk samanheng kan Tyskland vere eit nøkkelland å følgje, då ein finn noko av den same politiske kulturen der, som i Noreg, seier Helle. Han meiner at den økonomiske krisa kan skape større grobotn for at opprør kan oppstå, då den kan føre til hardare levekår både for studentar og arbeidarar.

–⁠ Det gjenstår å sjå om dette vert eit transnasjonalt opprør, den økonomiske krisa har slått ut likt og hardt i dei fleste land. Det er mogleg ein ser ein forløpar no, men situasjonen kan komme til å tilspisse seg ytterlegare i løpet av eitt til to år.

Helle meiner at dersom talet på arbeidslause aukar, kjem det til å verte desto fleire som kjem til å ville ta utdanning. Auka tal på studentar vil kunne føre til auka mobilisering innanfor sektoren.

–⁠ Slik eg ser det no er studentane politisk passive. Eg trur meir på ei langsiktig effekt der den strukturelle utviklinga ved at ein får fleire studentar gjer at det spissar seg til innanfor akademia.