Universitas søkjer nye journalistar!
Universitas er på utkikk etter unge, engasjerte og skriveføre journalistar med nynorsk som føretrekt skriftspråk.
Universitas er ei av Europas største studentaviser, med rundt 30 utgåver i året. Vi dekker i dag alle lærestadane knytt til Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus. Vi er stolt av å tilby dei viktigaste nyhenda om utdanning og akademia og dei beste studentrelaterte lesaropplevingane i Noreg.
I 75 år har Universitas vore ein viktig døropnar inn i mediebransjen for talentfulle journalistar, skribentar, fotografar og sidedesignarar. Totalt jobbar ca. 50 personar i Universitas. Vi satsar aktivt på å bringe fram det beste hos kvar enkelt av medarbeidarane våre.
Universitas er vaktbikkje, kulturorgan og debattforum for over 70.000 Oslostudentar. Vi treng idérike, skriveføre journalistar som brenn for å leite fram og skrive spennande saker innan ulike stoffområde og sjangrar, som nyhende, kultur, feature, essay, meldingar, kommentar og analyse. Du bør vere engasjert og villig til å setje av tid.
Opplys gjerne om kva for stoffområde du helst vil arbeide med.
Spørsmål om stillinga kan rettast til redaktør Endre Ugelstad Aas: endreuaas@gmail.com / 901 95 375
Send søknad, CV og arbeidsprøver til endreuaas@gmail.com. Søknadsfrist: 06. februar 2022.