Viser vilje: NSO-leiar Anders Kvernmo Langset synest regjeringa med 2000 nye studentbustader viser vilje til å satsa på studentane. Arkivfoto: Hans Dalane-Hval
Viser vilje: NSO-leiar Anders Kvernmo Langset synest regjeringa med 2000 nye studentbustader viser vilje til å satsa på studentane. Arkivfoto: Hans Dalane-Hval

–⁠ Ei klår og offensiv satsing på studentane

Studentleiarane er godt nøgde med at regjeringa går inn for å byggja 2000 nye studentbustader neste år. Det er fleire enn nokon gong tidlegare.

Natt til fredag vart regjeringa og støttepartia KrF og Venstre samde om statsbudsjett for 2015. Her går regjeringa med på å leggja 500 studentbustader til dei 1500 dei hadde sett av pengar til i det opphavelege framlegget til budsjett for komande år.

–⁠ Dette er eit godt første budsjett for regjeringa. Me vil rosa KrF og Venstre, som i forhandlingane har vore klåre på at studentar må prioriterast, men det er regjeringa som skal ha rosen for budsjettet, seier Leiar Anders Kvernmo Langset i Norsk studentorganisasjon (NSO).

Les også: Innfrir ikke boligløftet

Lange køar

I sommar stod over 15 000 studentar, fleire enn nokon gong tidlegare, i bustadkø då studieåret starta. Langset meiner byggjesatsinga er fornuftig, sjølv om han gjerne skulle sett at ho var endå sterkare. Kravet NSO stiller til regjeringa er at det må byggjast 3000 nye bustader kvart år.

–⁠ 2000 bustader i året er ikkje nok, men det er ei offensiv og klår satsing, og me forventar at det vert følgd opp med meir. Det skal iallfall mykje til at det vert bygd mindre i dei komande åra, trur Langset.

Leiar Kaia Marie Rosseland i Velferdstinget er samd i at regjeringa med dette tek eit steg i riktig retning, men også ho hadde gjerne sett at dei gjekk endå lengre.

–⁠ Me ynskjer eigentleg 4000 studentbustader i året. No har dei auka til 2000. Dette viser at regjeringa ser verdien av å satsa på studentane, og det er veldig bra, seier ho.

–⁠ Studentane er vinnarar

I Framstegspartiets Ungdom (FpU) meiner dei dette plasserer studentane mellom årets budsjettvinnarar.

–⁠ Me har kjempa for dette sidan starten, og er glade for at det kjem inn i denne budsjettrunden. Dette vil gjera det lettare for studentar å få bustad, særleg i pressområda som regjeringa har sagt dei vil prioritera, seier FpU-leiar Atle Simonsen.

Kvernmo Langset gjev han medhald i at bustadsatsinga er prisverdig, men synest framleis regjeringa har ein jobb å gjera for studentane.

–⁠ Bustadsatsinga kompenserer ikkje på nokon som helst måte for den svake studiefinansieringa via Lånekassen, så det er det neste regjeringa må innfri på.