Brutalt: Statsuniversitetet i Moskva vart bygd av straffangar, i såkalla Stalin-gotisk stil. No må russiske ungdommar læra å heidra eit nytt regime før dei slepp inn gjennom dørane. Foto: Tobias Günther/Wikimedia Commons
Brutalt: Statsuniversitetet i Moskva vart bygd av straffangar, i såkalla Stalin-gotisk stil. No må russiske ungdommar læra å heidra eit nytt regime før dei slepp inn gjennom dørane. Foto: Tobias Günther/Wikimedia Commons

Tvinger russarane til patrio­tisme

Forholdet mellom Russland og Vesten er kjøligare enn på lenge. Heime legg russiske styresmakter stadig nye planar for å oppdra ungdommen til å verta gode patriotar.

Russland

–⁠ Ideen om å undervisa i patriotisme luktar sterkt sovjetisk og verkar veldig fortidsorientert, seier journalist Ksenia Sjaykhutdinova. Ho er ikkje imponert over framlegget frå det russiske ministeriet for utdanning og forsking.

I juli i år skreiv den russiske avisa Izvestia at ministeriet ville innføra testing av avgangselevar i skulen sine «personlege resultat». Denne nye standarden vil tyda at elevane må visa at dei har russisk borgaridentitet, er patriotiske, respekterer folket sitt og symbola på staten, og dessutan kjenner ansvar overfor Russland.

Les også: Mer enn Putin

Det har vorte snakka mykje, og stadig meir, om patriotisme frå Moskva dei seinare åra. I tillegg til framlegget frå juli har politikarar argumentert både for «patriotisk oppdraging» av borgarane, mot spreiing av «anti-patriotisk propaganda» overfor born og for forbod mot kritikk av Sovjetunionen si rolle i den andre verdskrigen.

I fjor tok president Vladimir Putin sjølv til orde for å få laga eitt, einskapleg historieverk til bruk i russisk skule. Slik vil han sikra at skuleborn får den «riktige» forståinga av historia.

Positivt omgrep

Kåre Johan Mjør, forskar ved Uppsala universitet. Foto: Uppsala universitet.

–⁠ Omgrepet «patriotisme» er veldig positivt ladd i Russland. Det vert gjerne sett i motsetnad til «nasjonalisme». Ein skal vera stolt, men ikkje sjåvinistisk, forklårer Kåre Johan Mjør, forskar ved Centrum för Russlandsstudier ved Uppsala universitet.

Han seier at nasjonsbyggjing i tradisjonell forstand er vanskeleg i eit multietnisk samfunn som det russiske. Terpinga på «patriotisme» frå offentleg hald fungerer såleis som ei breiside til den framveksande etnonasjonalismen.

Langt der ute på høgresida finn ein haldningar om at Russland er for russarar. Folk som sluttar seg til slike synspunkt meiner gjerne at Russland godt kunne klart seg utan «problemområde» som Nord-Kaukasus, med mangfaldet av folkegrupper som held til der.

Idéar om stordom

I praksis vert også patriotisme-omgrepet likevel ekskluderande, meiner Mjør.

–⁠ Ein byggjer ein myte om det russiske og staten som det sentrale i historia, godt støtta av den russisk-ortodokse kyrkja. Dei andre nasjonalitetane får mest vera med som følgje av russisk godheit. Det har ikkje vore klima for å diskutera historia til den russiske staten i post-sovjettida, seier han.

Les også: Utdanning mot terror i Russland

Denne retorikken er mykje brukt av Putin sjølv. Han kalla ein gong Sovjetunionens fall «den største geopolitiske katastrofa i det 20. århundert», og har mange gonger åtvara mot at heile den stolte, russiske føderasjonen kan koma til å gå i oppløysing utan ordentleg styring.

–⁠ Kva vert konsekvensane av utviklinga?

«Det vert færre og færre arenaer for kritisk refleksjon kring Russland si historie og samtid. Akademiske institusjonar vert arenaer for ideologiproduksjon og patriotisme.»

Kåre Johan Mjør, forskar ved Centrum för Rysslandsstudier ved Uppsala universitet

–⁠ Det vert færre og færre arenaer for kritisk refleksjon kring Russland si historie og samtid. Akademiske institusjonar vert arenaer for ideologiproduksjon og patriotisme, seier Mjør.

Historie på bestilling

Det manglar ikkje på døme. I vår vart historieprofessor Andrej Zubov sparka frå prestisjeuniversitetet Moskvas statlege institutt for internasjonale relasjonar (MGIMO), etter å ha samanlikna annekteringa av Krim med Hitlers «Anschluss» av Austerrike og Sudetenland i 1938.

Institutt for russisk historie ved Det russiske vitskapsakademiet har fått i oppdrag å skriva historia om Novorossia, området i Aust-Ukraina, inkludert Krim, der konflikten står i dag. Mjør ventar seg ikkje nokon kritisk omgang med fakta på ein slik arena. Slike «bestillingsverk» er vanlege, meiner han.

Dersom patriotisme vert eit krav for å få vitnemål på vidaregåande, ein føresetnad for å komma seg vidare til studiar på høgare nivå, vil det innskrenka den akademiske fridomen ytterlegare, trur Mjør.

–⁠ Sjølv om han vil finnast på papiret, vil det ikkje liggja til rette for å stilla kritiske spørsmål. Putin er heller ikkje ein mann som meiner at politisk diskusjon er noko mål i seg sjølv, seier han.

Fiktiv fridom

Sjaykhutdinova på si side trur ikkje at framlegget om patriotisme-testing vil få store konsekvensar.

–⁠ Eg trur framlegget vil verta implementert. Men på grunn av byråkratiet, late elevar og fordi det er heilt latterleg, reknar eg med at det vil verta trekt tilbake etter ei stund, og uansett aldri vil verta teke seriøst, seier ho.

Jekaterina Vasiljeva, masterstudent i kulturstudiar ved Statsuniversitetet i Moskva, synest framlegget om patriotisme-testing er tåpeleg, men heller ikkje ho er ikkje særleg uroleg.

–⁠ Eg trur ikkje dette vil verta som då foreldra våre måtte pugga marxist-leninistisk teori for å koma inn på univeristetet, seier ho.

På spørsmål om framtida for russisk akademia feller ho likevel ein knallhard dom.

–⁠ Eg trur ikkje dette vil påverka korkje den russiske akademiske fridomen eller ytringsfridomen på nokon måte, for slikt har ikkje eksistert i Russland. Korleis kan ein då øydeleggja det?