Narkotika florerer på studentarrangement
Chateau Neuf og Studentenes Hus opplever stadig tilfelle av narkotikabruk. Politiet har kjent til det lenge, men får ikkje bukt med problemet.
– Det føregår ein del bruk av dop her, ja. Og det går mest i kokain, sidan det blir sett på som rikmannsdop og statussymbol, seier «Alex» og «Lars» under eit Hed Kandi-arrangement fredag 20. april på Studentes hus i Nydalen.
Dei ønskjer ikkje å stå fram med namn.
Snorre Storevik, prosjektleiar på Studentenes Hus, stadfestar at det er dop på utestaden til BI-studentane.
– Det ville vera naivt å tru noko anna, seier han.
Han meiner det er vanskeleg å seia kor stort omfanget er, men utelukkar ikkje at det kan vera snakk om kvart einaste arrangement.
– Det er absolutt ikkje greitt, men det bør ikkje overraske nokon at det er slik, med omsyn til kor stort omfanget av dop er i denne byen, seier Storevik.
Ser etter dopteikn
Vaktsjef på Studentenes Hus, Sondre Antonsen, fortel at det vart gjort beslag under fadderveka i fjor haust.
– Etter at ein mann gjekk til åtak på dama si, vart politiet kopla inn, og mannen vedgjekk at han var rusa og hadde hatt «noko småtteri» på seg, seier han.
Studentenes Hus har ein del rutinar for å handtere narkotikaproblemet, til dømes blir doane patruljert og ein ser etter typiske kjenneteikn, som at folk drikk mykje vatn. Politiet blir varsla når ein finn noko mistenkeleg.
– For det meste har vi eit godt samarbeid med politiet, men det har vore vanskeleg å få narkotikaspanarar til å koma hit. Dei dukkar opp tilfeldig, ikkje når vi ber om det, seier Antonsen.
Vaktsjefen kan også fortelja at da Studentenes Hus starta opp i august 2005, var det tilfelle av langarar som heng i stroket, som prøvde å få selt dop til studentane.
– Men det fekk vi slutt på, sannsynlegvis på grunn av betre synleggjering av vakthaldet vårt. Vi har også hatt møte med leiinga ved BI, sidan dei hadde høyrt ryke om dette, og ville vite korleis stoa var.
Stadig beslag
Også Chateau Neuf, som blir drive av Det Norske Studentersamfund (DNS), har hatt tilfelle med bruk og beslag av narkotika. Det kan Geir Ellefsen, fungerande politioverbetjent ved Majorstua politikammer, stadfeste.
– Vi veit at vaktene deira har funne ein god del narkotika på folk før dei kjem inn på arrangementa. I tillegg kjem det jamt meldingar derifrå, både for bruk og for å ha stoffet på seg, seier Ellefsen.
– Har de hatt nokon form for sanksjonar mot uteplassane?
– Som oftast går det på personane det gjeld. Men det er høve til å ilengje utestadane sanksjonar, alt ifrå bøter til stenging. Chateau Neuf har ikkje vorte straffa, sidan det meste er take på utsida. Kva som skal til for at ein uteplass blir take er ei juridisk skjønsspørsmål som varierer frå sak til sak.
Ellefsen meiner også at dei tilsette ved Chateau Neuf har takla dette bra. Dei har nekta folk inngang dersom det blir funne noko på dei. Men han presiserer at det uansett er vanskeleg å finne ut om folk er dopa.
– Korleis løyser de dopproblematikken?
– Vi forsøker å ha politifolk til å vere på arrangement på Chateau Neuf, men det er ikkje alltid muleg på grunn av ressursmangel. Vi har også andre tiltak, men akkurat kva vi gjer og korleis dette skjer, vil eg ikkje gå i detaljar på med omsyn til kartlegginga av bruken.
– Ikke eit problem
Formand ved DNS, Fredrik Kvåle Dørum, seier han kjenner til episodar med narkotikabruk på Chateau Neuf, men oppfattar ikkje at dette er eit stort problem.
– Vakthaldet er godt, og vi er flinke til å takle dei konkrete situasjonane når dei oppstår.
– Har dykk andre tiltak utover dette?
– Nei, fordi omfanget er såpass lite.
– Men politiet har sagt at de har funnet ei god del narkotika, og at det jamt og trutt kjem meldingar frå dykk?
– Dei beslaga som blir gjort, skjer først og fremst utanfor døra. Dermed blir det ikkje eit problem for arrangementa inne på Chateau Neuf, meiner Dørum.