Rasa over kjønns­fors­king og dagens­prisar

KVEN: Preben Z. Møller

STUDERTE: Master sosiologi, bachelor psykologi

NÅR: 2000-2006

AKTUELL MED: Har gitt ut boka «Pen søker trygg» og debattert feminisme og mannsideal i Aftenposten.

–⁠ I starten var det spennande og nytt, og eg hadde inntrykk av å vera ein plass med mange kloke hovud. Etterkvart oppdaga eg at nokon folk ikkje var så smarte likevel.

Denne skytsa rettar Preben Z. Møller mot professorane som underviste i kjønn og makt på sosiologi da han studerte ved Universitetet i Oslo.

–⁠ Politikk kom i vegen for den kritiske sansen, meiner han.

Møller tok eit kurs i likestilling innan samfunnsvitskapeleg metode, som einaste mannen i kullet sitt.

–⁠ Likevel var eg den einaste som stilte spørsmål gjennom heile

forelesingsrekkja. Det var ein skikkeleg indoktrineringsleir, meiner forfattaren.

Denne kjensla vart ytterlegare forsterka da masteroppgåva var i hamn. Det skulle nemleg ta tre sensurkommisjonar før Møller fekk den endelege karakteren sin.

–⁠ Syttitals-feministprofessorar prøvde å gravleggje masteroppgåva mi, seier han.

Konklusjonen av arbeidet hans var at kvinner er med på å oppretthalde destruktive mannsideal.

–⁠ I kommisjon nummer to ville mannen ha meg opp, og dama trekke meg nord og ned. Så ho kjørte på og vann fram. Men mannen anka, fortel Møller, og opplyser om at denne episoden førte til permanent endring av universitetet sine rutinar.

Idag må begge sensorar skrive under på godtak av karakter.

I studietida jobba den omstridde sosiologen mykje, og hadde mellom anna eit arbeidsopphald på Gaustad psykiatriske sykehus.

–⁠ Der var verda snudd opp ned. Studentane som jobba der var som oftast dei smartaste, men stod likevel lågast på rangsstigen, seier han.

Møller meiner mange av dei psykiatriske sjukepleiarane hadde eit slags behov for å markere overfor dei stakkars studentane kven som var sjefen.

–⁠ Men det var mange hyggjelege sjukepleiarar også, legg han til.

Det var forøvrig ikkje dei kvinnelege medstudentane som inspirerte Møller til å stille spørsmål ved mannsidealet. Han seier han hadde mange kule venninner, og fann seg godt til rette sosialt, sjølv om det vart færre festar etter kvart som pensummengdene auka. Av Blindern-fasilitetane var han spesielt kritisk til prisane på Dagens middag. Møller er sjølv utdanna kokk, og meiner innteningspotensialet vart kraftig utnytta.

–⁠ Blindern-kantinene tener grovt. Dei burde kunne kutte prisane med tjue prosent og framleis gå med overskot, hevdar han.

–⁠ Kva saknar du med å vera student?

– Å vera meir naiv. All politikken, alle agendaene, det veit ein lite om.

–⁠ Hadde du engasjert deg i mannsdebatten dersom du ikkje hadde studert sosiologi?

–⁠ Nei, eg hadde nok ikkje det. Så staten har fått god valuta for den investeringa.