Halvgrøne utdanningar
Over to år etter at alle offentlege verksemder skulle ha ein plan for miljøleiing gjennom Grøn stat, står det framleis mykje igjen for fleire av utdanningsinstitusjonane.
I ein stortingsproposisjon frå 2001 vart alle offentlege verksemder i Noreg inkludert i prosjektet «Grøn stat». Målet var at innan 2005 skulle alle verksemdene ha eit enkelt miljøleiingssystem, som skulle integrerast i styringa av kvar enkelt eining. Dei fire satsingsområda var særleg kjeldesortering, energiøkonomisering (enøk), redusering av transportutslepp og miljøvennlege innkjøpsavtalar.
Ved utgangen av 2005 var det berre 20 prosent av verksemdene som hadde ein plan for gjennomføring av Grøn stat. I dag, over to år seinare, heng framleis dei fleste av dei høgare utdanningsinstitusjonane etter.
– Det har vore eit spørsmål om prioritering, og mange omsyn som skal takast, fortel direktør Einar Fagerås ved Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo.
Han er usikker på kor stort potensiale skulen har til å setje i gong store tiltak, og trur det er meir i det små at endringar kan gjerast. Tanken er uansett at dei skal verte betre på miljøtiltak.
Omsyn til studentane
Fagerås forklarar at ein av grunnane til at dei ligg så langt etter, er omsyn til studentane.
– Vi har mange studentar som arbeider på kvelds- og nattestid, og det må såleis vere døgnkontinuerleg ventilasjon på lesesalane. Av omsyn til deira arbeidsmiljø kan vi ikkje gjennomføre ein del tiltak som kunne ha ført til mindre energibruk, seier han. For Kunsthøgskulen i Oslo (KHiO) sin del har miljøtiltaka måtte vike noko, medan ein ventar på byggetrinn to av dei nye lokale til skulen. Ifølge Jan Myhr, seksjonsleiar for bygnadsdrift, innkjøp og IT ved skulen, er tanken at det nye bygget skal markere overgongen til ein meir miljøretta kunsthøgskule, både i produksjon, tilrettelegging og bruk.
– I det nye bygget vil ein mellom anna få fjernvarme for oppvarming av bygget, og gassoppvarming av keramikkomnar, seier han.
I tillegg vil dei setje i gong radikale tiltak for å få tilsette og studentar på KHiO til å nytte kollektivtransport. Det er berre prosjektert fem parkeringsplassar til heile skulen.
– Dette er sjølvsagt for å få folk til å setje bilen heime, seier han.
UiO og NMH best
Den som har integrert Grøn stat i størst grad er Universitetet i Oslo (UiO) og Noregs musikkhøgskule (NMH). Direktør Frode Meinich ved Teknisk avdeling ved UiO seier dei har hatt fokus på å få miljøtiltaka inn i leiingstankegongen, og at dei jobbar kontinuerlig med dei fire satsingsområda i Grøn stat.
Jorulf Silde, leiar for seksjon for helse, miljø og tryggleik på UiO, seier det har vorte viktig å ta miljøomsyn på alvor.
– Vi handlar inn for omlag én milliard kroner i året i ordinære innkjøp, og då har det mykje å seie at vi vel mest mogleg miljøvennlege varer, fortel han.
Seksjonssjef Knut Jarbo ved NMH fortel at dei arbeidar særleg med energisparing.
– Vi har to store bygg, og det utgjer ein skilnad om vi greier å økonomisere straumbruken. I tillegg har vi kjeldesortering av avfall, og er medvitne på at det vi kjøper inn i størst mogleg grad skal vere miljømerka.
Pris før miljø
Trass framgang har dei færraste av skulene fullt implementert alle delane av Grøn stat. NIH er berre i startgropa når det gjeld kutt i transportutgifter og -utslepp. Noregs veterinærhøgskule (NVH) må innrømme at pris gjerne går framfor miljømerking når innkjøp skal gjerast. Teknisk sjef ved NVH, Kjetil Oftebro, innrømmer at skulen kunne verte betre, men understrekar at skulen alt no har sett i gong ei rekke tiltak.
– Det at det ikkje finst miljømerka varer på marknaden, har noko å seie for at innkjøp ikkje alltid kan vere miljøretta, seier Oftebro.
Meinich ved UiO seier det kostar mykje pengar å legge om til meir miljøretta drift.
Jarbo på NMH trur på si side at skulen kan spare pengar på miljøtiltak.
– Når vi greier å få ned energibruken, er det klart det er ein økonomisk vinst i det, seier han.
Baard Wist, direktør ved Noregs idretthøgskule (NIH), seier seg einig.
– Vi har alt kutta energibruken veldig og leverer mykje meir sortert avfall enn tidlegare, noko som gjev økonomisk vinst.
Silde ved UiO fortel at dei siste åra har det vore lettare å kunne tenkje på miljø i tillegg til pris – både fordi det er eit større tilbod, og fordi dei har eit ansvar som ein stor institusjon.
– Utgjer ein skilnad
– Det er inga tvil om at slike tiltak som vert realisert gjennom Grøn stat har ein viktig miljøeffekt, fortel Haakon Lindahl, miljørådgjevar i Grønn Hverdag, men understrekar at det forutset at det faktisk vert gjennomført.
Lindahl fortel at den norske kjeldesorteringa sparar miljøet for omlag like mykje utslepp tilsvarande kva fire gasskraftverk slepp ut. Han framhevar særleg kva moglegheit dei store utdanningsinstitusjonane har til å skape presedens når det gjeld miljøvennlege innkjøp, og meiner det er klart at store institusjonar må ta det ansvaret dei har.
– Om ein stor institusjon som UiO berre kjøper inn miljømerka elektronikk til dømes, vil det både ha ein stor miljøeffekt, og gjere mange brukarar merksame på at slike produkt fins, forklarar han.