Dresscode: – Det er faktisk akkurat dette skjerfet eg brukar til å ha på hovudet når eg er i Kabul, seier Kristin Solberg og viser korleis skjerfet skal sitta. Lange bukser, ein genser eller kåpe som dekker rumpa, og langarma genser er også essensielt for å unngå merksemd i ein av verdas farlegaste hovudstader.
Dresscode: – Det er faktisk akkurat dette skjerfet eg brukar til å ha på hovudet når eg er i Kabul, seier Kristin Solberg og viser korleis skjerfet skal sitta. Lange bukser, ein genser eller kåpe som dekker rumpa, og langarma genser er også essensielt for å unngå merksemd i ein av verdas farlegaste hovudstader.

Gjennom mørke linser

Fyrste gongen Kristin Solberg skulle gå undercover i burka, tryna ho i trappa. Men etter seks år som utenrikskorrespondent for Aftenposten har ho lært seg alle triksa i boka.

Få fritidssysler: – Eg har eit veldig einsforma liv. Eg har ingen hobbyar, hobbyen min er jobben min, fortel Kristin Solberg om sin kvardag i Kabul.
Få fritidssysler: – Eg har eit veldig einsforma liv. Eg har ingen hobbyar, hobbyen min er jobben min, fortel Kristin Solberg om sin kvardag i Kabul.

–⁠ Eg er eigentleg ganske redd av meg. Eg har til dømes flyskrekk, seier Kristin Solberg.

Akkurat det er det vanskeleg å tru på. Like før ho møtte oss, i ambassadestrøket på Frogner i Oslo, plukka ho opp visumet sitt til Afghanistan. I morgon sett ho seg på morgonflyet til ein av verdas kanskje farlegaste hovudstader, Kabul. Dei markante blå augo hennar er det einaste som røper hennar norske etnisitet. Det svarte sjalet hennar går nesten i eitt med det mørke håret.

30-åringen er blitt van med bomber og granatar. Til tross for sin låge alder har ho allereie vore seks år ute i oppdrag. Ho starta i India som 25-åring, og har dekka naturkatastrofar, krigar og politiske krisar i nesten heile Sør-Asia. I dag har ho fast bupæl i Kabul, der sikkerhetssituasjonen er alt anna enn sikker. Det er Solberg klar over. Men ifølge ho er det er forskjell på å vera redd når ein er seg sjølv, eller redd når ein er på jobb.

–⁠ Hvis nokon hadde sagt til meg at eg skulle vera på jobb når eg flyr, og skulle ha intervjua alle passasjerane, så hadde eg ikkje vore redd i det heile tatt. Då hadde eg berre gjort jobben min og ikkje tenkt noko meir over det. Men når eg har tid til å sitta der og tenka, så er det krise. Eg har nok litt angst.

No har dama fra Skjetten pause frå utenriksartiklar i Aftenposten, og har vore i Noreg nokre veker på bokskrivepermisjon. Hennar fyrste bok, Rapport frå Pakistan. Gjennom de renes land, kom ut i 2011. I boka tar Solberg for seg situasjonen Pakistan er i i dag, og gjer eit forsøk på å forklara det samansatte og komplekse landet. For å finna svar, reiste ho fra India i øst til Afghanistan i vest og intervjua flyktningar, journalistar, politifolk og politikarar.

Under arbeidet med boka måtte Solberg flykta frå Pakistan. Valet Aftenposten tok av å publisera Mohammed-teikningane gjekk ikkje i god jord hjå alle pakistanarane. Stemninga var til å ta og føla på i gatene, og Solberg vart evakuert på ynskje frå Aftenposten. Hadde det vore opp til ho, hadde ho blitt.

–⁠ Eg satt midt i feltarbeidet til boka mi, så eg var veldig forbanna på at eg måtte dra. Eg var kjempelei meg. Eg tenkte at draumen min om å skriva bok ikkje kom til å bli noe av likevel, seier Solberg.

Etter seks veker i Noreg reiste ho tilbake til Pakistan, men vart verande berre for ein kort periode. Situasjonen måtte roa seg endå meir for at det skulle vera trygt for ein av Aftenposten sine journalistar å gå i gatene. Den korte perioden var likevel nok til at Solberg følte ho hadde nok på blokka, og draumen om bok vart til røynd. No er ho i gang med bok nummer to, der ho har fulgt ei knippe jordmordstudentar i utdanninga dei tar. Ifølge Solberg, er dei mykje tøffare enn ho sjølv.

Det å skriva om livet til mannen i gata verkar å oppta Solberg. Difor skriv ho om jordmordstudentar, korleis Libanon fungerer som ein slags fristad for homofile, og kor mykje ein brudekjole kostar i Afghanistan. Det er det kvardagslege livet som beskriv best korleis situasjonen i landet er, meiner ho.

Og no sitt me altså her, på ein kafé, omgitt av ambassader. Og det er ho som blir intervjua. Ikkje omvendt. Ho vekslar mellom å sjå ned på notatblokka mi som ligg på bordet, og å sjå meg rett inn i augo. Ho gir ikkje heilt slepp på journalistrolla enno.

–⁠ Eg må berre retta på ein ting, seier ho bestemt, og pekar ned på notatblokka mi.

–⁠ Eg er dessverre ikkje 29 år lenger. Eg har blitt 30. Rett skal vera rett.

Etter eit sommarvikariat i Aftenposten som 24-åring, var Kristin Solberg lei. Ho var lei av å skriva om økonomi og boligmarkedet, og ho var lei av å springa og be om å få skriva nettsaker når det skjedde noko spanande i utlandet. Ho ville dit det skjedde.

Men utlandstrangen kom ikkje heilt plutseleg. Den hadde ho hatt frå ho var liten. Allereie etter vidaregåande drog Solberg til England for å ta utdanninga si. Ho tok ein bachelor i journalistikk, ein master i internasjonale relasjonar på prestisjeskulen London School of Economics, og hadde innimellom eit vikariat i ei libanesisk avis. Planen var eigentleg at ho skulle få fast jobb i den libanesiske avisa, men så byrja krigen mellom Hezbollah og Israel, som gjorde at den libanesiske økonomien vart merkbart dårlegare.

Eg såg at dei fleste utenrikskorrespondentane var litt eldre enn meg, ganske mye eldre enn meg.

Kristin Solberg, utenrikskorrespondent for Aftenposten i Sør-Asia

–⁠ Eg såg at dei fleste utenrikskorrespondentane var litt eldre enn meg, ganske mye eldre enn meg, eigentleg. I alle fall då, for då var eg jo berre 24 år. Men eg hadde ikkje lyst å sitta og venta i Noreg på at noko skulle skje, så eg måtte berre dra.

Solberg drog til India. Ho snakkar om det som om det var verdas mest naturlege val. Eller så var det kanskje det det ikkje var, for ho var det ikkje snakk om eit val. Ho måtte berre gjera det.

–⁠ Eg var skikkelig freelanser i byrjinga. Eg måtte dekka alle utgifter sjølv, og visste ikkje om det kom til å gå rundt i det heile tatt. I byrjinga tenkte eg at så lenge det går rundt så vidt, så er det ok. Og at om eg faktisk tapte pengar på reportasjane eg gjorde, så fekk det berre vera sånn. Så eg farta rundt i dei billigste bussane i India i tolv timar berre for å komma til ein sak, og budde på lugubre hotell som ingen ville ha trivst med å bu på. Det var utruleg slitsomt, det er eg veldig glad eg er ferdig med, seier ho, og legg til:

–⁠ Men så balla det på seg. Eg var veldig heldig.

2009 var året. Etter to år med heimekontor på eit rom i eit kollektiv i Dehli, følte Solberg at ho endeleg hadde kome til eit vendepunkt: ho byrja å skrive stoff som blei lagt meir merke til i Noreg. Det blei mange reisar til Pakistan, som er hakket meir uroleg enn India. Då ho ein kveld fekk ein mail frå Aschehoug Forlag, var ho sikker på at det måtte vera tull.

–⁠ Eg hugsar den kvelden endå. Eg dansa rundt på rommet mitt, og eg dansar aldri. Heldigvis var eg aleine. Neste morgon måtte eg sjekka mailen eg hadde fått ein gong til, for å vera sikker på at det ikkje var ein draum.

Draumen om å bli utenrikskorrespondent var oppfylt, og no skulle Solberg få oppfylt draum nummer to, å bli forfattar. For å gjera det, forflytta ho seg vestover. Ho bevegde seg frå fredelege India, vidare til ganske ustabile Pakistan, før ho endte i det veldig ustabile Afghanistan. Det kom gradvis, ifølge ho sjølv. Gradvis farlegare og farlegare.

–⁠ Anser du deg sjølv som ein tøff person?

–⁠ Ikkje i det heile tatt.

–⁠ Men du bur i Kabul, og dekkar krigar og katastrofar?

–⁠ Ja, det er eg klar over. Men det eksisterer sjølv om eg ikkje er der. Det at eg lukkar augo for det, det hjelper ikkje. Det er jo der likevel. Så eg føler meg ikkje tøffare fordi at eg utsett meg for den påkjenninga det er å se det.

Fyrste gongen Solberg skulle ha på seg burka, enda det med eit blått auge. Vanlegvis går ho berre med eit sjal på hovudet, lange bukser, og ein genser som dekker rumpa, men denne gongen skulle ho gjera eit intervju på ein restaurant der utlendingar ikkje er velkomne. Solberg tok alle forholdsreglar, og gjekk til innkjøp av ein burka.

–⁠ Eg var på ein restaurant, og måtte gå ned ei trapp for å gå på toalettet. Så tryna eg. Det er vanskeleg å gå med burka. Då skjønte alle at eg i alle fall ikkje er afghansk fødd.

Flaks var det kanskje at Solberg kom uskadd i frå burka-trynet. No har ho lært seg teknikken, mest ved å herma etter andre. Det er den beste læremåten for å tilpassa seg livet i Kabul, å sjå på andre kva dei gjer og gjera det samme, ifølgje Solberg.

Flaks var det kanskje også då ho møtte mannen ho no bur saman med i Kabul. Solberg hadde besøk av bror sin, og hans sambuar. Dei var på ein restaurant i Dehli, nøye plukka ut, med tanke på at besøket hennar ikkje skulle bli matforgifta. I samme restaurant fekk ho augekontakt med ein mann på andre sida av rommet, som ho ikkje klarte å få augene vekk frå. Etter ei stund forsvann han, han kunne jo for all del ikkje «make a move», Solberg hadde med seg ein mann, som då tilfeldigvis var bror hennar.

Både bror hennar og sambuaren låg sjuke i to veker med matforgiftning etter restaurantbesøket.

På ein bursdagsfest til ei veninne ei stund etterpå møtte ho mannen att. Heilt tilfeldig. Eller kanskje ikkje så tilfeldig, sidan han er ein kollega av Solberg. Den indiskfødte mannen, og no kjærasten til Solberg, er dokumentarist og fotograf.

–⁠ Det er veldig vanskeleg å oppretthalda forhold og venskap når eg har den jobben eg har. Men kjærasten min reiser mykje han også, så han har stor forståelse for det. No har me ikkje sett kvarandre på seks veker, så det blir periodar der me rett og slett ikkje ser kvarandre, fortel ho, og tar ei slurk av kaffelatten.

–⁠ Eg gler meg til å komma tilbake til Kabul.

Men samtidig er ho litt stressa. Forrige gong ho var i leiligheita si i Kabul fekk ho nemlig beskjed om at dei var kasta ut. Sonen til han som eig leiligheita hadde gifta seg, og fekk leiligheita i bryllupsgåve.

–⁠ Min fyrste tanke var: herregud, me har jo kontrakt på tre månaders oppsigelse, med unntak hvis det er terrorhandlingar, då er det berre ein månad. Men dette er Afghanistan, så det var ingenting me kunne gjera. Huseigaren kunne ha kasta oss ut dagen etter hvis han hadde hatt lyst til det.

Solberg skal altså rett på leiligheitsjakt når ho kjem til Kabul. Men fyrst skal ho gjera eit par ærend.

I kveld skal ho i bryllup, og må finna ein kjole. Og så må ho kjøpa kontaktlinser. Brune. Det er ikkje vits å se meir vestleg ut enn ein treng.