Studere i utlandet ?

Publisert

Er du reiselysten? Vil du oppleve noko nytt og spanande? Nye land og nye kulturar? Sjå fjerne strok som ein berre har lest om i bøker? Få skrubbsår på nesa av alt for dårlege surfekunnskapar, eller ny innsikt i den komplekse politikken i Aust-Europa? Kva med afrikansk konfliktløysing-studiar?

Alt dette kan du få med deg om du vil, eit godt tips er då å sette i gang med å undersøkinga av kva studiar ein får godkjent og ikkje. For slikt tar tid. Det finst mange ulike utvekslingsprogram ein kan reise under. Dei fleste institusjonane i Noreg har avtalar med ulike andre universitet om utveksling av studentar. Ofte er desse avtalane knytt opp mot spesifikke fagmiljø, men det treng alltid ikkje vere slik. Lånekassa gir heller ikkje berre tilskot til studentar som vel å reise under program som ERASMUS og NORDPLUS. Det finst gode fagtilbod og finansieringsordningar for dei som ønskjer å reise utanom dei store etablerte programma. NSU ønskjer også at fleire studentar må ta sjansen til å studere i utviklingsland ved å delta i utvekslingsprogram, som mange norske institusjonar har.

Fleire og fleire vel å ta eit opphald i Australia, USA, Canada og England. Stipendtildelinga frå Lånekassa til desse landa har dei tre siste åra dobla seg, frå 300 millionar til svimlande 600 millionar norske kroner. Dette viser kor populære desse landa er, og kor god finansieringsordningar som finst. Samstundes kan dette også indikere at nokre institusjonar har svært flinke og profesjonelle utvekslingsagentar til å promotere enkelte studiar. Sjølvsagt skal alle ha rett til å velje sin eigen studiestad, men det er likevel verdt å understreke at god reklamering er ikkje nødvendigvis samanfallande med god kvalitet på utdanninga. Det er då eit ønske om å fokusere på kor viktig det er å få ei så brei geografisk og fagleg spreiing av studentane som mogleg.

Det er ikkje lenge igjen til neste semester startar. Ved å vere tidleg med å leite etter ønska studiestad, kan ein betre dukke ned i den store informasjonsstraumen som finst, få snakka med fagpersonar på institusjonen der ein går, unngå alt for uskolerte konsulentar på utvekslingskontora, samt ikkje la lysten og engasjementet bli drepe av det tidkrevjande skjemaveldet ein møter.

Internasjonale kontaktar gir nye perspektiv og vidare horisont. Det å skulle ta eit semester eller fleire ved universitet i eit land kan bidra til auka forståing av eigen fagleg og sosiale situasjon, samt at ein kan ta med seg nye impulsar til det norske fagmiljøet ved heimreis. Så nok ein gong: Start nå og ikkje gi opp for tidleg!

Powered by Labrador CMS