Reak­sjo­nært språksyn og mangel på dannelse

–⁠ Jeg er generelt for ett verdensspråk: Det er engelsk, etter dagens forhold. Og jeg skjønner ikke hvorfor vi absolutt skal prøve å bevare norsk som akademisk språk, sa Sosialdemokrat og tidligere hovedstyreleder i Studentsamskipnaden i Oslo, Egil Heinert. Sitatet blei servert i ein språkdebatt i Studentparlamentet, og stod på trykk i Universitas 28.januar.

Same dag hadde Dannelsesutvalget ved Bernt Hagtvet, Inga Bostad, Odd Einar Dørum ein kronikk på trykk i Aftenposten under overskrifta «Hva bør studenter lære i dag?» Noko av bodskapen frå utvalget var: «Gjenreis allmenndannelsen i den høyere utdanningen her i landet!» Det kan med tanke på Heinerts utspel sjå ut som om Dannelsesutvalget bør kaste seg rundt jo før jo heller.

Det er også på sin plass å minne om at dei største kunnskaps- og kapitalmaktene i åra som ligg framfor oss, ikkje er engelskspråklege. Det kan sjå ut til at Heinert trur på mange myter når det kjem til globalisering og menneskas vilje til å tilpasse seg det internasjonale framfor det lokale. Kast eit blikk på EU.

Det har eigenverdi i å behalde norsk som akademisk språk, og ein treng ikkje velge anten norsk eller engelsk i ein internasjonaliseringsprosess ved universitetet. Det går an å ha begge delar. Eit språk er ikkje berre eit språk, men ein kulturpakke med historisk og politisk verdi. Dette handlar blant anna om dannelsen og eit breiare akademisk grunnsyn der andre ting enn konkurransefortrinn har ein eigenverdi. Eg støttar Jens Kihl i denne saka.