Profilering av Noreg som studie- og forskingsland

Publisert

I kjølvatnet av OECD-rapporten «Education at a Glance» har mange uttala seg i media. Nokon røyster freistar å gi eit bilde av Noreg som sinke når det gjeld å tiltrekke seg utanlandske studentar. Men faktum er at Noreg som studiedestinasjon aldri har vore så populær som i 2007. Sidan 2000 er talet på utanlandske studentar dobla og nærare 12 000 internasjonale studentar er i dag registrert ved norske universitet og høgskular, mot 6100 i 2000.

For å nå måla for internasjonalisering, må Noreg hevde seg på ein internasjonal marknad kor det er ein knallhard kamp om studentane.

For å nå måla for internasjonalisering, må Noreg hevde seg på ein internasjonal marknad kor det er ein knallhard kamp om studentane. Sidan 2004 har Senter for internasjonalisering av høyere utdanning (SIU) hatt det nasjonale ansvaret for å profilere norsk høgare utdanning og forsking. Profileringsarbeidet vert utført i tråd med utanrikspolitiske og kunnskapspolitiske prioriteringar når det gjeld satsingsland og tematisk tilnærming.

Målet med SIU sitt profileringsarbeid er å bidra til å sette Noreg på kartet som kunnskapsnasjon. Dette arbeidet er viktig ettersom undersøkingar viser at studentar vel land før dei vel utdanningsinstitusjon. I 2005 blei den verdibaserte merkevara «Study in Norway» utvikla. Studiekvalitet i kombinasjon med unike natur- og kulturopplevingar er definert som våre «unique selling points.»

Kva er det unike Noreg har å by på? Norske utdanningsinstitusjonar tilbyr 200 masterprogram på engelsk, har spisskompetanse og eit godt internasjonalt renommé på ei rekke akademiske felt som petroleumsfag, energi, fiskeri, likestilling, fred og forsoning. Samstundes viser våre undersøkingar blant utanlandske studentar at førestellinga om eksotiske naturopplevingar er ein av grunnane til at dei vel Noreg i staden for andre land.

Alle som marknadsfører utdanning fokuserer på kvalitet og eksellense, og difor må me tilby noko meir. Me meiner altså det er kombinasjonen av liv og lære, kunnskap og opplevingar som gjer at Noreg er eit unikt land å studere i. Merkevarebygging i akademia er eit forholdsvis nytt omgrep i Noreg. Norske universitet og høgskular har relativ kort erfaring med å marknadsføre seg i utlandet. Dei siste åra har innsatsen auka kraftig, og me ser stadig ei større profesjonalisering på området.

Powered by Labrador CMS