Ureflektert om språk
Utspelet frå Egil Heinert den 28. januar har vorte kritisert av mange. Heinert bør spørja seg om han verkeleg vil gjera seg til nyttig idiot for anglo-amerikansk språkimperialisme og verta slegen i hartkorn med organisasjonar som U. S. English, som arbeider for eittspråklina i USA, og elles er best kjend for rasistiske utsegner om innvandrarar. Samanhengen mellom nasjonalisme og ynsket om å vareta norsk fagspråk er heller ikkje innlysande.
Det viktigaste som ikkje enno er sagt om Heinert sitt syn, er likevel at han ser ut til å få viljen sin uavhengig av kva folk meiner: Engelsk språk vert stadig meir dominerande i norsk akademia. Meir konstruktivt verkar det difor å snu problemstillinga, og ta utgangspunkt i at ein skal kunna studera på norsk i Noreg. Kva føreset dette?
– Forlaga må ha høve til å gje ut faglitteratur på norsk. Hveem noterer seg at det «må […] finnes innføringsbøker på norsk i alle fag», og akademikarar som ynskjer å arbeida mot dette målet, bør difor gjevast økonomiske insentiv.
– Teljekantsystemet må modifiserast slik at det løner seg like mykje å publisera på norsk som på engelsk.
– Der engelsk språk dominerer, dominerer òg anglo-amerikansk tenking. Norske studentar må kunna andre framandspråk enn engelsk. Universiteta bør få ressursar til å arrangera språkkurs i dei viktigaste språka, og opplæring i andre framandspråk bør ta til tidleg for å sikra at folk får eit solid utgangspunkt i språka.
– Det er påfallande kor lita vekt Heinert tillegg undervising i, og ikkje på, engelsk. Universiteta må kunna tilby kurs og undervising i engelsk akademisk skriving, fagspråk og effektiv munnleg framstelling.
– Universiteta bør løyvast ressursar som gjer dei i stand til å tilby eller subsidiera profesjonelle omsetjingstenester for norske studentar som ynskjer å konkurrera på line med engelskspråklege akademikarar, men som ikkje nødvendigvis orkar å bruka like mykje tid og krefter på den språklege utforminga av avhandlinga eller artikkelen som på det faglege innhaldet.