Sneversynt Studentparlament

Publisert

Vonde tunger hevdar at Studentparlamentet er eit supperåd utan reell påverknad i saker som gjeld utdanningspolitikk. Etter å ha lese saka Stemte ned norsk i Universitas 28. januar, tek eg meg i å tenkja at det stundom er like greitt.

Studentparlamentet vil nemleg ikkje vedta å arbeida for å sikra norsk som akademisk språk. Representant for sosialdemokratane Egil Heinert skjønar ikkje kvifor ein «absolutt skal prøve å bevare norsk som akademisk språk», og vil heller bidra til å gjera engelsk rikare gjennom ord som «fjords». Det beste hadde nemleg vore om det berre fanst «ett verdensspråk», meiner han.

Om ein slik tenkt situasjon, der engelsk har utrydda dei seks tusen andre språka i verda, får ein meina kva ein vil – eg, for min del, tykkjer det hadde vore tragisk, for ikkje å snakka om anti-demokratisk og totalitært – men trur verkeleg Heinert at dette er i ferd med å henda, heilt seriøst? I so fall seier det mykje om røyndomsoppfatninga og det politiske gangsynet hans.

Men no er det korkje naturkrefter eller overnaturlege makter som styrer språkutviklinga: Mykje vert gjort gjennom politiske vedtak, eller mangelen på desse. Ved å nekta å markera seg som forsvararar av norsk akademisk språk og i forlenging av dette norske studentar og akademikarar, syner Heinert & co. ei haldning overfor dei studentane dei har teke på seg å representera som i beste fall er ureflektert, i verste fall kynisk.

Dette handlar nemleg om meir enn stoda for norsk i akademia, jamvel om den problemstillinga er viktig nok. Korleis, til dømes, skal studentar på dei små, nedleggingstrua språkfaga kunna stola på at Heinert og hans likesinna gjer det dei kan for å sikra at dei får eit fullverdig tilbod, når sistnemnde har gjeve uttrykk for at andre språk enn engelsk ikkje er viktige? Korleis skal utanlandske nordiskstudentar kunna stola på at dei får sjansen til å læra norsk fagspråk, når ikkje ein gong studentrepresentantane ved det største universitetet i landet tykkjer det er verd å læra?

Som leiarspalten i det same nummeret av Universitas peikar på, fører språkbarrierar til større klasseskilnader og til at færre får sjansen til å ta utdanning. Om Heinert verkeleg er sosialdemokrat, bør slike argument gjera inntrykk på han, jamvel om verdien av språkleg og kulturelt mangfald ikkje gjer det.

Det er farleg å spå om framtida, men eg tør likevel påstå dette: Universitetet i Oslo vil aldri stå attmed Oxford, Cambridge og Harvard som internasjonalt eliteuniversitet i den engelskspråklege verda. Eg skjønar at dette kan vera tungt å svelgja, men til gjengjeld kan UiO framleis verta ein framifrå bastion for norsk akademisk språk, so vel som ein pådrivar for ekte internasjonalisering, der andre språk enn engelsk har ein plass. Dette er nemleg viktig for mange av oss, om enn ikkje for Egil Heinert.

Powered by Labrador CMS