Misforstår grønn politikk:
Akk og Veberg
Grøn ungdom og Grøne studentar svarar på debattredaktøren sin kommentar om MDG sin suksess i Oslo.
Anders Veberg tek for seg Dei Grønes vippeposisjon i Oslo, og gjentek påstandar som har hagla mot oss i valkampen. Å lese svara våre kan han neppe ha brydd seg med.
Vi vil ikkje ha bråstans i oljenæringa, men fase ut produksjonen over 20 år. Midlane som blir investerte i nye oljefelt, må flyttast til næringar vi kan leve av i framtida. Oljeeventyret tek slutt, enten på grunn av klimapolitikk eller fallande oljeprisar. Vi treng nye økonomiske bein å stå på.
Les Anders Vebergs nyhetskommentar: Når de grønne våkner
Skal verda unngå 2°C oppvarming, må 4/5 av kol, olje og gass bli i bakken. Vi har tent godt på olje, men vi kan ikkje basere oss på å øydeleggje livsgrunnlaget. Det er korkje rettferdig eller fornuftig.
Økonomisk vekst må skje innanfor jorda sine tålegrenser. Dei Grøne føreslår i sitt statsbudsjett meir enn 10 milliardar til å drive fram grønt næringsliv på område der vi har spesiell kompetanse eller naturgitte fortrinn. Gir vi desse næringane gode vilkår, står ingenting i vegen for å bygge det næringslivet vi skal leve av i framtida.
Vi har tent godt på olje, men vi kan ikkje basere oss på å øydeleggje livsgrunnlaget. Det er korkje rettferdig eller fornuftig
Økonomisk vekst er knytt til vekst i forbruk av naturressursar. Det materielle forbruket vårt ligg høgare enn tålegrensa, og i Noreg er det andre ting som vil gjere dei fleste meir lykkelege. Nesten 70 prosent ønsker seg kortare arbeidstid framfor auka kjøpekraft. Dette tek vi på alvor, og vil la folk ta ut effektivitetsvekst i meir fritid heller enn reallønsvekst.
Internasjonale forhandlingar er viktige. Men skal Noreg kunne dra nytte av sin sjølvstendige posisjon i forhandlingane, må vi ha noko å komme med. I vårt statsbudsjett føreslår vi ei CO2-avgift på 1000 kr per tonn. Dette er, som Veberg påpeiker, ikkje lokalpolitikk. Men kommunane må vere med på omstillinga. Det er der folk bur. Å flytte midlar frå veg til sykkel og kollektivt er viktig.
Det er elles interessant at Veberg meiner å vite kva som vil skje i Oslo, før forhandlingane mellom partia er ferdige. Vi gler oss til å sjå korleis Dei Grøne i Oslo nyttar posisjonen sin til å skape ein by som er klar for ei framtid utan fossil energi.