LEGEFRAKK I LØYPA: Nora Sanness fortel at det er fyrste gong ho går på ski med legefrakk.

Idrettsmentaliteten inn i medisinstudiet

Etter ein sjetteplass på femmila må langrennsløpar Nora Sanness (24) tilbake til den hektiske studiekvardagen som medisinstudent. Pause frå trening får ho aldri.

Publisert

– Eg kom vel ut av dopingkontrollen rundt kvart over tre og skulle rekke eit fly frå Værnes halv seks. Så det var berre å kome seg avgarde på første dag med praksis, fortel Sanness om dei 24 timane etter femmila. 

Nora Sanness ser tilbake på ei intens veke i Trondheim, der ho og resten av langrennseliten fekk kjenne på kor krevjande vèrskifte kan vere. VM avslutta 9. mars med femmila for menn og kvinner. Sanness kom sjølv på sjette plass. 

– På femmila fekk vi ekstremt tunge forhold. Eg trur dei fleste var glade berre for å komme seg i mål. Det var tungt frå første stund, vi fekk ikkje noko gratis. Men det var ein god erfaring, seier ho. 

24-åringen frå Kjelsås hadde sin VM-debut i Trondheim denne helga, og kom tre posisjonar bak Therese Johaug. Ho fortel at det er stort å kunne representere Noreg. 

Vanskeleg kombo’ 

Sanness er på femte året av medisinstudiet i Oslo og er godt van med å balansere studiekvardagen med livet som toppidrettsutøvar. Likevel medgir ho at det kan vere krevjande. 

– Det har vore mykje skirenn og lite skule på nyåret. Eg har eigentleg ikkje følt meg så mykje som student, seier ho. Overgangen frå ein hektisk konkurransesesong til ein meir stabil studiekvardag er ikkje alltid enkel, men ho set pris på å kunne kome tilbake til eit meir normalt liv etter å ha levd i ein anna verd under VM. 

– Den siste veka har eg vore i ein boble. Ein er veldig privilegert som får vere der, men eg såg veldig få menneske og ikkje mykje anna enn eit hotellrom på Lerkendal. Så det har vore veldig deilig å leve litt meir normalt igjen og vere litt ute blant folk, seier ho. 

Sanness legg ikkje skjul på at det krev god planlegging å kombinere to så tidkrevjande karrierevegar. 

– Eg har nok blitt betre på å planleggje, men det er framleis utfordrande. Dei første åra var det mykje skippertak. Heldigvis har sesongen ofte passa slik at vi er ferdige før eksamensperioden, fortel ho. 

Eg har eigentleg ikkje følt meg så mykje som student

Nora Sanness, Skiløpar

Obligatorisk undervisning og strenge fråværskrav kan vere ei utfordring, men ho gjer sitt beste for å fylgje opp begge delar. 

– Eg møter opp på det eg må, men eg merkar godt at det kostar meir å skulle kombinere studiet med langrenn, seier ho og legg til: 

– Då vi hadde eksamen før jul, var det ein medstudent som lurte på om eg fortsatt gjekk på kullet, fordi ho hadde sett så lite til meg. 

RASKEBRILLER: Nora Sanness fekk sjetteplass på Femmila på VM-debuten sin. Tre plassar bak Therese Johaug.

Toppidrettsmentalitet 

Sanness trekkjer fram fleire ting ho har teke med seg frå toppidretten inn i studiet. 

– Toppidrett er veldig gøy, men det medfører mykje press og nerver. Ein må lære seg å takle stress og krevjande situasjonar, noko eg trur er verdifullt i ein kvardag som medisinstudent og framtidig lege, fortel ho. 

Sanness legg til at når ein møter pasientar som slit mentalt, kan det vere nyttig å ha erfaring med liknande kjensler. 

Toppidrettsmentalitenen seier ho er nyttig å med seg i kvardagen, både som student og inn i arbeidslivet. Samtidig meiner ho at medisinstudiet har gitt henne nye perspektiv på eiga trening og helse. 

– Eg synest alt i kroppen er utruleg spennande, og eg har lært mykje som kan overførast til treningskvardagen. Men vi lærer lite om toppidrett på studiet, så det er ikkje like overførbart, seier ho med eit smil. 

Kva gir langsiktig karriere? 

Etter nokre hektiske år med dualkarriere vurderer Sanness å ta eit friår frå studiet for å satse fullt ut på langrenn. 

– Det siste året på medisinstudiet er ganske intenst. Ein kan ikkje berre ta eit halvår av gangen, ein må fullføre. Så eg vurderer sterkt å ta eit friår for å kunne satse skikkeleg på idretten, seier ho. 

Samtidig er ho takksam for at ho har studiet i botn og ser ikkje på det som noko press å fullføre raskast mogleg. 

– Eg gjer dette fordi eg tykkjer begge delar er gøy. Det er mange som brukar lang tid på å finne ut kva dei vil bli. Eg er heldig som har funne to ting eg elskar å gjere, seier ho. 

Eg er heldig som har funne to ting eg elskar å gjere

Nora Sanness, Skiløpar

Sanness peikar på at langrenn ikkje er noko ein kan leve av heile livet, medan legeyrket gir ei langsiktig karriere. 

– Ein langrennsløpar er eg berre ei avgrensa periode av livet, men lege kan eg bli når som helst, legg ho til. 

Men før nokon permisjon blir eit faktum, ventar fleire store konkurransar. Allereie til helga stiller ho til start i Holmenkollrennet, noko ho ser fram til med spenning. 

– Det blir stas med verdscup på heimebane. Eg håpar å vise god form, slik at eg får sjansen til å gå fleire renn i slutten av sesongen, seier ho. 

Med studiar, praksis og konkurransar er kvardagen til Nora Sanness fullpakka, men ho viser at det er mogleg å balansere to krevjande karrierar med nok disiplin og motivasjon.

Powered by Labrador CMS