KRITISK: Dekan ved Kunstakademiet, George Morgenstern er oppgitt over upraktiske løysingar på Seilduken. Han håpar visningsrommet som er under oppbygging vil møte krava leiinga har satt til arkitektane.

Hard kritikk mot nye Seilduken

Etter éin månad i nye lokale er studentar og leiinga ved Kunstakademiet samde om at det er gjort store feilvurderingar i utbygginga av Seilduken.

Publisert Sist oppdatert
GALLERI UTAN VEGGPLASS: I det såkalla Søylegalleriet tar vindauge og søylar vegg- og golvplass. Til neste utstilling er ein blitt nøydd til å byggja eigne veggar for å kunne henga opp kunsten, og dekan Morgenstern er ikkje nøgd med situasjonen.
VILKÅRLEG: Masterstudent Markus Lie Stensrud synes det er merkeleg at tildeling av atelier ikkje skjedde på grunnlag av kva type arbeid dei ulike studentane driv med. -Ein som arbeidar med videokunst har heilt andre behov enn ein som jobbar med installasjonar.
OPE LANDSKAP: Dei nye ateliera er bygd opp som eit ope kontorlandskap. Ingen studentar Universitas var i kontakt med tykte dette var ei god løysing, og manglande abeidsro, inga plass til større arbeid og veggar det er vanskeleg å slå spiker i vart trekt fram som problem.

*Nye Seilduken:*

  • Etter 14 års planlegging er no alle kunstutdanningane knytt til Kunsthøgskulen i Oslo (KhiO) samla på Seilduksfabrikken på Grünerløkka. Det nye anlegget har fått namnet Seilduken, og opna dørene 30. august i år.
  • Med sine 40 000 kvadratmeter er Seilduken eit av dei største anlegga for kunst og design i Nord-Europa.
  • Restaurering og nybygg har ein prislapp på kring 800 millionar kroner.
  • Den samla KhiO har tre fakultet: Fakultet for design, Fakultet for scenekunst og Fakultet for visuell kunst.
  • Kunstakademiet er ein del av Fakultet for visuell kunst, og utdannar studentar innan billedkunst.

SEILDUKEN: I arbeidet med den nye Seilduken har Kunsthøgskolen i Oslo (KhiO) satsa tungt på nytt utstyr og store verkstader. Både studentar og leiinga reagerer no på det dei kallar ei upraktisk og dels uforståeleg utforming av arbeidsrom og utstillingsplass.

– Det verkar som dei ikkje har tenkt på at me skal arbeida her, seier leiar for Studentutvalget ved Kunstakademiet, Andreas Max Frey.

Store utfordringar

Frey trekk fram til uomsynsmessige løysingar for atelier, prosjektrom og utstillingslokale som hovudutfordringa for studentane i nybygget på Seilduken.

– Mange av ateliera har dårleg lys, dei er bygd opp av modulveggar utan tak eller dører, og det er forferdeleg lytt. I tillegg er vindauga låst heilt att, slik at ein ikkje har moglegheit til å lufta ut etter at ein tildømes har arbeida med olje- eller spraymåling.

Trass kraftige ventileringsanlegg fortel fleire studentar at det er umogleg for to personar å arbeida med slike teknikkar samstundes.

Eit anna stort problem er at det er nesten umogleg å setja inn teiknestiftar i veggane, og at teip preller av.

– Studentane har gjennom heile prosessen fremma sine behov, men desse er blitt fullstendig neglisjert, seier Mohamed Ali Fadlabi, masterstudent på Kunstakademiet.

Vilkårleg fordeling av atelier

Det er stor skilnad på studentane sine atelier: Medan fyrsteårsstudentar delar atelier, får studentar frå og med andre år på bachelor får eige. Nokre av desse er romslege og med godt dagslys, er andre med skråtak og utan ei einaste naturleg lyskjelde.

Markus Li Stensrud, på sitt andre år på masterstudiet, er godt nøgd med atelieret sitt, men tykkjer det er underleg at ein fordelte dei heilt vilkårleg mellom studentane.

– Ingen omsyn til kva type arbeid ein driv med er teke – ateliera vart delt ut via loddtrekning, seier Stensrud.

LES OGSÅ: [Under samme tak](1)

Ikkje berre misnøye

Utover ateliera er det ei misnøye med det nye studentgalleriet, som Kunstakademiet delar med Kunstfag. Her er det knapt nok veggplass på grunn av store vindauge, og dei mange søylene som forstyrrar synsfeltet har gitt rommet namnet Søylegalleriet. Også ordninga med prosjektrom er lite tilfredsstillande, ifølgje Frey.

– Det er lagt opp til at me skal kunne arbeide med dei store prosjekta våre i eigne prosjektrom. Diverre er det for få av desse, seier han.

Frey understrekar at studentane ikkje berre ynskjer fokus på det negative ved nybygget, men at det er brei semje om kva som fungerer og kva som ikkje gjer det.

LES OGSÅ: [Vi på Seildugen](2)

Samd i kritikken

George Morgenstern, dekan ved Kunstakademiet, sluttar seg til kritikken som vert fremja av studentane.

– Me har alvorlege problem på Kunstakademiet, og desse er nøydd til å bli løyst, seier Morgenstern.

Plassproblematikken, det at studentane ikkje har rom for å eksperimentera med arbeid i stor skala, er for Morgenstern den mest presserande. Han seier leiinga no arbeider aktivt for å ta tak i dette.

– Det er konkrete planar om i alle fall to prosjektrom til. Dei me har no gjev ikkje studentane tilstrekkeleg arbeidsplass. Me arbeider òg med å finna eit eksternt galleri for Kunstakademiet, ettersom Søylegalleriet ikkje er eit tilfredsstillande visningsrom.

Påverkar læringsmiljøet

– Korleis pregar alle desse problema Kunstakademiet fagleg?

– Læringsmiljøet lir. Eg har fått meldingar på at enkelte har motivasjonsproblem, og at mange har vanskeleg for å finne arbeidsro i dei nye lokala, seier Morgenstern.

Han understrekar samstundes at det er svært ulikt korleis elevar har funne seg til rette, og at mange verkar nøgde med situasjonen.

Likevel er det tydeleg at studentar og leiinga ved Kunstakademiet i stor grad er samde om kva som ikkje fungerar med dei nye lokala. Kvifor har det då blitt slik?

– Samanslåinga av dei ulike kunstutdanningane og utbygginga av Seilduken har vore ein lang og forferdeleg krevjande prosess, seier Morgenstern.

Han seier at hovudårsaka til mistilhøvet mellom kva ein ynskjer seg og korleis det er blitt ligg hjå den gamle leiinga av KHiO, ikkje hjå arkitektane. Morgenstern konkluderer med at Kunstakademiet har fremja sine behov i fleire år, utan at desse vert gjenspegla i arkitekturen. Han er likevel imponert over korleis både studentar og tilsette taklar situasjonen.

– Kunstakademiet står ovanfor store utfordringar, og det er vårt ansvar å handtere dette på best mogleg måte. Men ingen bør vera sjokkert over at det er misnøye med situasjonen.

– Kritikken kjem for seint

Ståle Stenslie, tidlegare dekan for Kunstakademiet og medlem i styringsgruppa for nye Seilduken fram til 2007, seier han opplevde at tilsette ved Kunstakademiet var lite villige til å engasjera seg i arbeidet med nybygget, og at kritikken såleis kjem for seint.

– Det har vore ein vegring mot å delta i prosessen frå dei ansvarlege lærarane si side. Planlegginga av nye Seilduken har hatt ein svært ordna framdrift, men me opplevde at det var vanskeleg å få med seg personalet ved Kunstakademiet i dette arbeidet. For styringsgruppa var målet heile tida å gjera Seilduken til eit av dei teknisk beste lokala i Europa. Det er tre år sidan eg gjekk av som dekan, og eg reknar med at den nye KHiO-leiinga har sett på eventuelle feil som kan følgja med dei fleste nybygg.

Powered by Labrador CMS