– Hip hop vert skeiva
«Alfa-hannar» som Kanye West kan vere på veg ut. Ein ny generasjon skeive hip hop-artistar revolusjonerer no sjangeren, meiner musikkforskar Stan Hawkins.
Kjønn og seksualitet har blitt mykje meir mangfaldig i dag. Popmusikken har gjort mykje for å endre dette.»
Stan Hawkins, professor ved Institutt for musikkvitenskap
Popmusikk er ein av dei viktigaste formidlarane av kjønn, og viser oss korleis kjønn og kjønnsnormer er konstruert,» seier Hawkins. Han er professor i populærmusikk ved Institutt for musikkvitskap på Universitetet i Oslo (UiO). I si nye bok «Queerness in Pop Music» undersøker Hawkins korleis popartistar utfordrar tradisjonelle kjønnsnormer gjennom ulike «skeive strategiar», både musikalsk og i visuelle uttrykk. Eit kapittel er via nyleg avdøde David Bowie.
– Strategien til Bowie var å stadig skifte identitet. Slik viste han alle at det er greitt å leike med identiteten sin. Bowie var den første postmoderne popartisten, seier Hawkins.
Musikkforskaren meiner «kjønnsleiken» til artistar som Bowie har element både av underhaldning og politikk. Slik har dei hatt stor innverknad på vår tids kultur.
– Kjønn og seksualitet har blitt mykje meir mangfaldig i dag. Popmusikken har gjort mykje for å endre dette, seier han.
Musikalsk opprør
Medan pop og rock har gitt artistar og publikum rom for leik og eksperimentering med kjønn, har andre sjangrar hengt etter. Ikkje minst har hip hop vore forbunde med ein sterk macho-kultur og eit negativt syn på kvinner og homofile.
Kanye West kom atter i hardt vêr for kvinnesynet sitt då han nyleg slepte albumet The Life of Pablo, der han til dømes rappar om Taylor Swift: I feel like me and Taylor might still have sex / I made that bitch famous.
Eit slikt trekk ved amerikansk rap meiner Hawkins vi må forstå i lys av at sjangeren oppstod som opprørsmusikk for unge, svarte menn. Samstundes er han begeistra for at ein ny generasjon rapartistar no endeleg «skeivar» sjangeren. I boka har Hawkins mellom anna analysert songar og musikkvideoar av Nicki Minaj, som har tatt identitetsleiken til popartistar som Bowie og Lady Gaga inn i hip hop.
– Minaj overdriv sin eigen femininitet og seksualitet til ein slik grad at det blir provokativt, også for den svarte mannen, seier Hawkins.
Skeiv utopi
Ein annan av artistane han har undersøkt, er den homofile New York-rapparen Le1f. Han blandar opprør mot kjønnsnormer med opprør mot den kvite majoriteten i ein leiken, skeiv estetikk.
– No skal de sjå noko ganske sjokkerande, seier Hawkins, og viser fram musikkvideoen til singelen «Wut».
I ein sekvens sit Le1f og rappar på fanget til ein kvit mann i bar, oljeglatt overkropp og Pikachu-maske.
– Den kvite mannen vert framstilt som kontrollert og rigid.
Forskinga til Hawkins viser korleis artistar som Minaj og Le1f utfordrar etablerte førestillingar om kva som er greitt innanfor hip hop, med leik, parodi og overdriving av klisjéar. Slik meiner musikkforskaren dei skeivar ein sjanger som vanlegvis har tatt seg sjølv veldig høgtideleg.
– Dette handlar sjølvsagt om underhaldning, men underhaldning handlar også om frigjering og å flukte frå ein undertrykkande røyndom. Skeiv pop løyser ikkje kjønnsproblematikken, men det viser ein veg ut, seier Hawkins.
Han meiner den skeive hip hopen er i ferd med å bryte inn i mainstream, og at dette vil skape bølgjer i heile sjangeren.
– Mange meiner no at macho-ideala i sjangeren er i ferd med å bryte saman. Dei som held fast på desse konstruksjonane kjem til å sjå meir og meir latterlege ut.