Kritisk til Equinor-samarbeid
Studentparlamentet meiner samarbeidet mellom UiO og Equinor svekkjer universitetet si truverd i møte med klimakrisa. Rektor er ueinig.
– Vi vil ikkje akseptere at Equinor brukar universitetet til å framstå som klimavenlege utan reelle tiltak, seier Magnus Holger Obrestad Stenroos, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom. Han meiner Universitetet i Oslo (UiO) har eit ansvar for å vere kritiske til kven dei vel å samarbeide med.
I ein nyleg vedteke resolusjon peikar Studentparlamentet på UiO si rolle som kunnskapsinstitusjon og meiner universitetet har eit moralsk ansvar for å ta stilling til samarbeidspartnarar. Gjennom akademiaavtalen gir Equinor midlar til forsking på tema som klimarisiko og energisystem, noko studentane oppfattar som problematisk.
– Det er ironisk at UiO, som skal vere ei leiande kunnskapsinstitusjon, samarbeider med ein av verdas største fossile forureinarar, seier Stenroos.
Revurder avtalen
Parlamentet meiner at Equinor si marknadsføring som eit breitt energiselskap er ein del av ein grønvaskingsstrategi. Dei peikar på at investeringar i lågkarbonløysingar som karbonfangst og havvind, vert brukte for å legitimere vidare oljeutvinning.
– Dette er ikkje eit selskap som satsar på framtida. Equinor bind oss til fortida gjennom investeringar i fossil energi, seier Stenroos.
Studentane krev at UiO må revurdere samarbeidet med Equinor dersom selskapet ikkje viser konkrete framsteg i overgangen til fornybare energisystem. Dei ønskjer også at universitetet skal satse meir på utdanning og praksisplassar innanfor grøne næringar.
– Ikkje behov for å grønvaske seg
Equinor har anerkjent 1,5-gradersmålet, men studentane meiner selskapet manglar konkrete planar for å nå dette målet. Ifølgje ein rapport frå Greenpeace var berre 0,15 prosent av Equinor sin energiproduksjon i 2023 fornybar, medan 80 prosent av investeringane gjekk til fossile prosjekt.
Ellen Maria Skjelsbæk, pressetalsperson i Equinor, avviser kritikken.
– Vi har ikkje behov for å grønvaske oss eller framstille selskapet som noko anna enn det vi er. Tvert imot rapporterer vi jamleg om kor langt vi har kome i eigen omstilling, seier ho.
Skjelsbæk seier at Equinor produserer olje og gass med lågare utslepp enn verdsgjennomsnittet og jobbar for å redusere desse ytterlegare.
– Ambisjonen vår er 50 prosent utsleppskutt innan 2030 på eigenopererte felt. Innen same år skal halvparten av investeringane våre gå til fornybar energi, legg ho til.
Rektor forsvarar avtalen
Rektor ved UiO, Svein Stølen, forsvarar samarbeidet og peikar på universitetet sitt samfunnsansvar.
– UiO mottar nærmare 60 millionar kroner frå Equinor for å utføre viktig forsking knytt til fornybar energi, berekraftig energiomstilling og det grøne skiftet – forsking vi elles ikkje ville hatt høve til å finansiere, seier Stølen.
Han understrekar at avtalen legg til grunn fri og uavhengig forsking, og at resultata skal vere offentleg tilgjengelege. Midlane går til prosjekt innan mellom anna klimarisiko, fornybar energi, karbonlagring og rettslege og politiske aspekt ved energiomstilling.
Studentparlamentet meiner likevel at UiO må vere meir kritiske til korleis midlar vert mottatt og brukt. Dei peikar på at avtalen ikkje berre handlar om forsking, men også om kva signal UiO sender til samfunnet som ein kunnskapsinstitusjon.
– Vårt viktigaste bidrag som universitet er forsking som kan bidra til å nå måla i Parisavtalen. Det vil alltid vere viktig for UiO å styrke og vidareutvikle uavhengig, langsiktig og nyskapande grunnforsking, avsluttar Stølen.