![Kristopher Schau reiste seg, skjelte ut forelesaren og gjekk](https://image.universitas.no/183751.webp?imageId=183751&width=960&height=540&format=jpg)
Kristopher Schau reiste seg, skjelte ut forelesaren og gjekk
Slik kan studietida til radiokjendisen oppsummerast. Men i dag er det ikkje heilt usannsynleg at han går tilbake til studiebenken.
Noahs Ark, Birkelunden. Der er Kristopher Schau på heimebane – han nektar til og med å gå inn døra først.
– Neinei, det er jo eg som er heime her, seier han. Ein hyggeleg fyr, kjend frå ei rekke radioprogram, som Karate og XL, og ei like lang rekke band.
Eg trudde pliktløpet var ferdig med vidaregåande, der eg kasta vekk så mykje tid på tullefag som gym. Så kom exphil. Køddar du med meg?
Kristopher Schau, musikar, forfattar og radiovert
Gartnerlosjen, Hurra Torpedo, The Cumshots og aktuelle The Dogs utmerkar seg.
Ein nasjonalskatt er han kanskje ikkje – men nesten alle har eit forhold til Kristopher Schau. Spesielt éin forelesar i exphil på Blindern vil nok hugsa ein ung Schau, frå andre forelesinga i semesteret.
– Eg skulle gå på universitetet, for det var noko eg ville studera. Eg hugsar ikkje kva det var, men eg kjende ikkje til at me måtte ha exphil. Det hadde ingenting med det eg skulle studera å gjera, så eg vart sjølvsagt sur, og følte meg snytt. I andre forelesing reiste eg meg opp og fortalde til han som heldt kurset kor dumt eg tykte det var, og så gjekk eg. Som om eg trudde det skulle forandra verda at ein kvisete 19-åring sa noko slikt, fortel Schau og ler.
Ei og ei halv forelesing er med andre ord heile studietida til Kristopher Schau. Men han angrar ikkje på at han ikkje studerte meir. I løpet av åra på radio og i eit godt utval band har han heller aldri fått bruk for utdanning – det har vore heilt irrelevant i radioprogram som XL, då Kristopher Schau ein gong budde i ein bil i ei veke.
– Medan du budde i den bilen, tenkte du ikkje at du kanskje berre skulle gått på BI eller noko i staden?
– Nei, akkurat då tenkte eg på kor glad eg var for at eg ikkje hadde kasta vekk tid på utdanning.
Eg kan ikkje forsvinna på kveldane no, i ein alder av 45 år, for å læra matte
Kristopher Schau, musikar, forfattar og radiovert
Problemet, ifølgje Schau sjølv, var at han var for motivert då han starta på Ex.phil. Han hadde eit mål, og visste kva han ville studera. Det var i alle fall ikkje filosofi.
– Eg hatar ting som ikkje er konkrete, så filosofi var ille. Eg trudde pliktløpet var ferdig med vidaregåande, der eg kasta vekk så mykje tid på tullefag som gym. Så kom exphil. Køddar du med meg? Eg ser litt annleis på det i dag, og skulle gjerne tatt eit kveldskurs i matematikk om eg fekk tid.
Men det måtte skjedd noko drastisk, som at kona mi hadde reist frå meg, for at eg skulle tatt det kurset. Eg kan ikkje forsvinna på kveldane no, i ein alder av 45 år, for å læra matte, seier Schau.
Schau er ein av dei irriterande folka som har klart seg kjempefint utan ei formell utdanning. Han meiner mykje handlar om flaks og tilfeldigheiter, som at han hamna i klasse med Egil Hegerberg, «Bare Egil», på vidaregåande.
Etter at han reiste seg og gjekk frå exphil jobba han i ein nærbutikk i eit halvt år, før siviltenesta. Då snubla han inn i radio, som informasjonsmedarbeidar for Blindeforbundet. Kort tid etter kom han inn i P3 som sommarvikar, med litt drahjelp frå Espen Thoresen – som Schau framleis jobbar med, i podcasten Alt du sier er feil, Espen
– Du er ikkje bitter for at du aldri fullførte utdanninga?
– Eg er ikkje det. Men det er godt å vita at det framleis er mogleg. At eg kan ta opp eit studielån dersom det skulle rasa saman på jobb, eller eg skulle kjeda meg.