SiO, SiO, lukk deg opp!

Det er noko rote hos Studentsamskipnaden.

Publisert Sist oppdatert

Me har mistenkt det lenge, men i det siste har det blitt meir tydeleg. Det er noko som ikkje stemmer hos SiO, og studentane får svi. Tvangsflytting i eksamenstida, skitne hyblar som manglar kaldt vatn og fungerande kjøleskåp, kantiner som blir bytta ut med automater – saman blir det teikna eit litt urovekkande bilete av studentane si velferd.

I nyheitene denne veka kan du lesa at SiO har fått ein større del av studentpengane, og Velferdstinget må klara seg med mindre. Det har vore ei vanskeleg sak å få fram, mest av alt fordi innsyn i kva SiO driv med ser ut til å vera like vanskeleg å få til som ei god auke i studiestøtta. At organisasjonen er så lite villig til open diskusjon, er ein stor del av problemet.

Me har sett fleire saker i løpet av semesteret der SiO får kritikk for tilbodet sitt, og slik har det vore ei stund. Men svaret er litt for ofte det same: «Me kommenterer ikkje enkeltsaker på prinsippielt grunnlag». Det er eit solid forsvar, og blir brukt med god grunn – SiO kan ikkje kommentera absolutt alt, heile tida. Men når [ei heil studentblokk på St. Hanshaugen er plaga av forfall og dårleg vedlikehald](3), er ikkje det ei enkeltsak. [Når studentane som bur i Sogn studentby må flyta nær eksamenstida](1), og føler at klaginga ikkje når fram, svarte SiO sin direktør for bustad, Trond Bakke, at det var betre om studentane klaga direkte til SiO, i staden for å diskutera på Facebook. Men det har studentane i Sogn Studentby prøvd, utan nytte. Når klagestormen frå studentar ikkje har nokon effekt, kan det vera snakk om forsømming av det som er SiO si viktigaste oppgåve: Velferden til studentane.

Det blir vanskelegare å akseptera dårlegare tilbod og merkelege løysingar når me ikkje veit kor knappe ressursane er, eller korleis SiO tek avgjersler

Ressursane er knappe, og har vore det lenge. Det blir fleire studentar, alt kostar meir, medan inntektene ikkje held følge. Det er, forståeleg nok, ei tung tid for SiO. Men det blir vanskelegare å akseptera dårlegare tilbod og merkelege løysingar når me ikkje veit kor knappe ressursane er, eller korleis SiO tek avgjersler. Er det for studentane sitt beste at oppussinga av Sogn Studentby startar i eksamenstida? Er det for studentane sitt beste at Audun Zeiner, som Universitas skreiv om i førre veke, [mistar jobben han har hatt i 24 år gruna nedbemanning](2), når SiO tilsette ein person i nesten same stilling kort tid før? Svaret er «kanskje», sidan SiO sine kommentarar i begge desse sakene har vore vage eller ikkje-eksisterande.

SiO sin manglande vilje til å kommentera er nok meir tydeleg for Universitas-redaksjonen, som går gjennom den tause prosessen med SiO veke etter veke. Men det er også eit problem for heile studentflokken. Når ein organisasjon som SiO nektar å ta debatten om tilbodet sitt alvorleg, har me inga forsikring om at ressursane blir brukt på best mogleg måte. Med ein lukka organisasjon er det faktisk grunn til å tru at det er noko som luktar rote i kontorlokala.

Eg trur SiO har endra seg dei siste åra, og ei lang rekke oppslag i Universitas er kanskje bevis nok. Som oftast er Studentsamskipnaden tause, og deira «openheitspolicy» går ut på å legga ut nokre få dokument – ei lita handfull så langt i år – på sine nettsider. Budsjett og avgjersler får me ikkje sjå noko av. Når ein så ser denne vekas sak om at SiO tek meir av studentane sine pengar til seg sjølv, er det verkeleg på tide å sei ifrå om at noko ikkje stemmer.

Eg ønskjer meg ein studentsamskipnad som spelar med opne kort. Eg ønskjer meg eit SiO som kan vedgå feila sine, og som er opne for nye idéar. Er det for mykje å be om? No er ballen hos dykk, SiO.

Powered by Labrador CMS