USIKRE: Frå venstre: Sofie Rekkavik, Marte Morland, Rikke Skjørshammer Klafstad og Fredrik Riise er jusstudenter, men synst det er vanskeleg å komme med gode forklaringar på kvifor menn presterar betre på eksamen.

Gutta fiksa juss best

Sjølv om det er klart flest kvinner på jusstudiet ved Universitetet i Oslo (UiO), er det gutta som presterer best på eksamen. Universitas har brutt ned tala.

Publisert Sist oppdatert
Marte Morland
Fredrik Riise

I etterkant av vårens eksamener ved Det juridiske fakultet har UiO publisert statistikk over karakterfordelinga, og på dei fleste eksamenar, også kjønnsfordelinga. Her ser vi at menn presterer betre. Vi spurte studenter ved studiet kvifor det er slik.

Få kvinnelege idol

Jusstudentane Sofie Rekkavik, Marte Morland og Rikke Skjørshammer Klafstad trur menn som kjem inn på profesjonsstudiet i rettsvitenskap er meir motiverte enn kvinnene.

– Kvinner har særs få idol i arbeidslivet å sjå opp til, til skilnad frå det menn har. Kanskje vi rett og slett demotiverast av ein tanke om at vi aldri vil klare karriere på same måte som menn, undrast Rikke Skjørshammer Klafstad.

Flink pike

Jentene meiner også fram at kvinner har som vane å fort bli stressa, og gjerne ikkje sorterer ut det vesentlege i pensum.

– Gutar er kanskje flinkare til å konsentrere seg om éin ting om gongen, og dermed lettare plukkar med seg det aller viktigste, seier Marte Morland.

– Jenter føler kanskje i større grad at dei må prestere og skal vere flink pike, og nileser seg gjennom pensum. Gutar er gjerne meir ambisiøse og inspirerast av det, seier Sofie Rekkavik.

Fikk du med deg? En undersøkelse viser at gutter jukser klart mer enn kvinner: Møt mesterjukseren

Nei til kvotering

Dei er fullt klare over den skeive kjønnsbalansen på studiet, og trekker fram at nokre kvinner med gode karakterer gjerne vel utdanningar som juss og medisin fordi dei kan. Det betyr likevel ikkje at dei vil eller er sikre, og er gjerne mindre målretta i val av studie.

– Hadde det vore ein idé å innføre 50/50 kjønnskvotering for å motivere kvinner i større grad?

– Nei, eg har inga tru på at kvotering er løysinga på å få kvinner til å prestere betre. Guttane kjem inn på bakgrunn av hardt arbeid på vidaregåande, på lik linje med kvinnene, seier Marte Morland, som er på sitt fjerde år i studieløpet.

* Forsker gir jussutdanningen i Oslo skryt for å legge til rette for alenearbeid framfor obligatorisk gruppearbeid: Roser UiO for juss-individualisme

– Mest motiverte

Fjerdeårsstudent Fredrik Riise deler teorien om at gutta er meir målbevisste enn jentene.

– Kvinner får i snitt betre karakterar enn menn på vidaregåande, men blant dei menna som kjem inn på jusstudiet finn vi dei mest motiverte, avsluttar han. Han presiserar likevel at det er mange målbevisste og motiverte kvinner på studiet.

Overraska

Studiedekan Trygve Bergsåker ved Det juridiske fakultet seier han er overraska over karakterspriket.

– Eg trur ikkje karakterskilnaden mellom kvinnelege og mannlege studentar har vore eit samtaleemne her på fakultetet, seier han.

– Kva tykkjer du om funnet?

– Eg veit ikkje. Eg har ingen kommentar til tala nett no.

Eksamner våren 2015: I denne statistikken er berre eksamensresultata med kjønnsdifferensiering tatt med. Dette omfattar ti eksamenar og 1840 ­besvarelsar, der 633 er av menn og 1207 av kvinner. Av ­hensyn til skilnaden i storleiken på kjønnsgruppene vert resultatet vist i prosent.
Rettsøkonomi I høsten 2013 til våren 2015: I særleg éin av eksamenane presterte menn ein god del betre enn kvinnene, nemleg i Rettsøkonomi I. Her ser vi eksamensresultatet over fire semestere, der over 16 prosent av mennene fekk A, og 30 prosent fekk karakteren B. Til samanlikning fekk 9 prosent av kvinnene A, og 25 prosent B. Totalt i løpet av fire semestere tok 133 menn og 118 kvinner dette emnet.
Powered by Labrador CMS