Uheldig : Visepresident i Juristforbundet Katrine Bratteberg, meiner forslaget frå byrådet er uheldig. Eit kutt vil svekke retthjelpa, ifølgje ho.

Jussbuss og Jurk trues med kuttstøtte av kommunen:

Juristforbundet ber politikerne snu

Byrådet vil kutte i støtta til studentdriven rettshjelp. Organisasjonane svarte med opprop. No stiller Juristforbundet seg bak dei.

Publisert Sist oppdatert

Både Jurk (Juridisk rådgivning for kvinner) og Jussbuss tilbyr lavterskel rettshjelp. Studentar utgjer ein stor del av dei som tek kontakt. I budsjettforslaget for 2022 foreslår byrådet i Oslo å kutte støtta til Jussbuss med høvesvis 200 000 kroner, og Jurk med 80 000 kroner. Begge fekk ein million kvar i støtte i 2020.

No jobbar dei på spreng for å hindre at kuttforslaget vert vedteke. Jussbuss og Jurk har sendt eit opprop til styrande parti i Oslo der dei ber partia om å snu. Dei krev ei løyving som tilsvarer fjoråret si. Det var Avisa Oslo som fyrst omtalte saka.

Les også: Nedgangstider for studentpubane

Delte om behov

I ein e-post til Universitas trekk Byråd for arbeid, integrering og sosiale tenestar Rina Mariann Hansen fram at båe Jurk og Jussbuss fekk auka tilskot i 2021.

«Byrådet har ikke funnet rom til å øke tilskuddsrammen opp til bystyrets nivå i budsjettforslaget for 2022. Derfor vil flere av organisasjonene bli innstilt til mindre tilskudd enn det som ble vedtatt av bystyret i fjor», skriv ho.

Ho påpeikar òg at det er mange om beinet:

«Vi fordeler midler til 130 organisasjoner og tiltak og må gjøre prioriteringer.»

Hansen er likevel klar på at tilbodet om fri rettshjelp i Oslo er tilstrekkeleg.

«Byrådet innstiller på tilskudd til tre rettshjelpstiltak i Oslo med nesten 5,6 mill. I tillegg driver Oslo kommune sitt eget rettshjelpskontor, Fri rettshjelp. Tilgangen til kostnadsfrie rettshjelpstiltak i Oslo vurderes med dette som god.»

Visepresident i Juristforbundet Katrine Bratteberg er likevel ueinig med byråden. Ho viser til ein rapport fra 2020 som konkluderer med det motsette. Rapporten «Tilgang til tvisteløsning og rettshjelp» vart utarbeida i samarbeid mellom Juristforbundet og Institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Det juridiske fakultet på ved Universitetet i Oslo.

– Eg stiller meg litt uforståande til at ein meiner at det er godt nok når i alle fall vår rapport peikar på at det finst eit stort og udekka behov, seier ho til Universitas.

– Oppfordrar du Byrådet til å snu?

– Ja. Juristforbundet ønskjer jo å styrke rettshjelpa. Viss dette er med på å svekke ho, er det ei negativ utvikling som vi tenkjer er veldig uheldig.

– Burde dei heller auke støtta?

– Ja, heilt klart. Vi meiner jo at det må bli endå meir bygga ut. Då er ein avhengig av desse gratis tiltaka for folk flest, og særleg dei sårbare gruppene.

Ber om bråsnu: Dagleg leiar i JURK Bjørk Jonassen og dagleg leiar i Jussbuss Ole Martin Juul Slyngstadli er ikkje nøgd med byrådets budsjettforslag. Dei har begge signert eit opprop som ber byrådet snu.

Fryktar uføreseielegheit

Dagleg leiar i Jurk Bjørk Jonassen er sikker på at kutta vil påverke drifta, og er bekymra for uføreseielegheita forslaget fører til.

– Det viktigaste for oss er å ha ei føreseieleg drift. Det er det som er utfordrande når det vert foreslått kutt. Eg håper sjølvsagt at det ordnar seg, men det skaper ei usikkerheit og krev mykje ressursar som burde gått til andre ting, seier ho.

I 2020 var det cirka 200 studentar som vendte seg til Jurk, og dei handsama nesten 400 saker for studentar.

– Eg stiller meg litt uforståande til at ein meinar at det er godt nok

Katrine Bratteberg, visepresident i Juristforbundet

Jonassen peikar på at dei i verste fall vil måtte tilsette ein saksbehandlar mindre og nedskalere administrasjonen. Det vil òg få konsekvensar for oppsøkjande og utadretta verksemd, som brosjyrar og foredrag, som igjen kan føre til at færre får informasjon om organisasjonen.

Dagleg leiar i Jussbuss Ole Martin Juul Slyngstadli anslår at cirka 10 prosent av sakene dei får inn, kjem frå studentar. Av 4500 sakar i 2020, kom 7,7 prosent av dei frå medlemmar i SiO. Når studentar oppsøkjer hjelp, dreier det seg ofte om husleige.

– Spesielt ved semesterstart på hausten er det mange husleigesaker som kjem hit. Det er folk som har fått dårlege leilegheiter, som treng hjelp til anten å kome seg ut av kontrakten, få retta opp i feilen, eller få eit prisavslag dersom det skulle vere aktuelt, seier Slyngstadli.

Dei får også inn mange arbeidsrettssaker frå studentar, som ofte dreier seg om manglande lønn, usaklege oppseiingar eller permittering. Han trur mange studentar kan kjenne seg igjen i at dei ikkje har råd til gå til advokat, og trur Jussbuss kan sørgje for ein viktig forskjell for mange.

– Men det å ha noko som kan stå i ditt hjørne av bokseringen og hjelpe deg med saka di, trur eg er ganske avgjerande.

Les også: –⁠ Jeg tror ikke Trygve kommer til å ta denne, sier sittende minister Henrik Asheim

«Fattigmannsjuss»

Begge leiarane trekk fram at eit redusert budsjett kan bety færre tilsettingar. Dette vil føre til at færre personar får rettshjelp hos JURK og Jussbuss, men òg at eit mindre tal studentar får verdifull erfaring som tilsett.

– Kvart semester tilsett vi 12 nye jusstudentar. Dei får praksis og erfaring som dei ikkje får under jusstudiet elles. For Jurk sin del er det også viktig at dei lærar å ha eit kvinneperspektiv og får sjå korleis lovverket verkar ulikt for ulike grupper i samfunnet, seier Jonassen.

– Manglar dette på jussen?

– Ja, det vil eg påstå.

Kunnskap og erfaring

Slyngstadli fortel at arbeidet i Jussbuss også gir kunnskap som studentane ikkje får på studiet.

– Vi representerer eit svært viktig alternativt og praktisk retta tilbod for studentar. Her har ein ikkje lenger berre teoretiske saker på fakultetet, men hjelper faktiske menneske med faktiske problem.

Han fortsett med å forklare at studentane møter noko anna som tilsette i Jussbuss enn det som er på pensum på studiet.

– Det er klart at jussen ikkje alltid er retta mot dei som har minst, og dei sakene Jussbuss jobbar med er typisk «fattigmannsjuss» som det ikkje er så mykje pengar i. Og lat oss vere ærlege – jusstudentar er ofte ei ganske privilegert gruppe. Så å få dei perspektiva inn gjennom utdanninga trur eg er veldig viktig.

Juristforbundet sin Katrine Bratteberg er einig i at studenttiltaka gir jusstudentane viktig erfaring. Ho trekk frem det å møte klientar og sjå korleis rettshjelp i samfunnet fungerer.

– Det gir heilt sikkert også eit stort medvit kring udekka behov og mekanismar i samfunnet, som råkar folk skeivt. Det er veldig stor skilnad på det å ha rett og å få rett, mange er ikkje bevisst på det, seier ho.

– Så det er ei utruleg lærerik og verdifull erfaring for jusstudentane å ha inn i arbeidslivet. Heilt uavhengig av kor dei skal jobbe, legg ho til.

– Vi representerer eit svært viktig alternativt og praktisk retta tilbod for studentar. Her har ein ikkje lenger berre teoretiske sakar på fakultetet, men hjelper faktiske menneske med faktiske problem.

Ole Martin Juul Slyngstadli, daglig leiar i Jussbuss

Frivillig innsats

Begge organisasjonane baserer seg i stor grad på frivillig arbeid, og har lite rom for å kutte i lønnskostnader. Slyngstadli seier at dei tilsette i Jussbuss får betalt for 10 timar i veka, men jobbar 100 prosent. Dermed er 25 prosent lønna arbeid, mens resten er frivillig.

– Det er ikkje sånn at ein gjer dette for å få masse pengar til salt i grauten. Ein gjer dette fordi ein har lyst å utgjere ein forskjell, og å kutte i lønna til tilsette vil vere svært vanskeleg.

Bratteberg i Juristforbundet er tydeleg på at dei studentdrivne tiltaka er viktige.

– Dei gjer ein utruleg viktig jobb og fangar kanskje opp eit behov i landskapet rettshjelp som ikkje andre fangar opp. Så vi synest det er utruleg viktig å oppretthalde dei.

Ho forklarer at sårbare grupper kan oppleve terskelen for å oppsøkje advokat som høg.

– Då er desse tilboda heilt gull for å hjelpe. Det er heilt klart at dei må styrkjast og utviklast.

Visepresidenten trekk også fram behovet for mangfald og bredde i rettshjelpa.

– Tiltaka jobbar jo ikkje naudsynlegvis heilt likt og mot dei same gruppene. Du har jo Jurk, som jobbar mot kvinner, og Jussbuss veit eg har prosjekter inn mot innsette, til dømes. Ingen av tiltaka klarer å gjere alt åleine, så det er svært viktig at det er ulike tilbod til dei som er rettssøkjande.

Powered by Labrador CMS