Her er UiOs nye nettsider
I dag får Juridisk fakultet nye nettsider, to veker etter plana. Innan eit år har heile Universitetet i Oslo nye sider, om ingenting uventa skjer.
– Vi skal no evaluere JUS, og så lage ei plan for resten av universitetet. Det finst ei tentativ plan, men den skal reviderast. Gjennomgangen skal vera gjort før jul, seier Elizabeth Melsom, hovudprosjektleiar for ny UiO-web.
Ho seier sidene for dei andre fakulteta og toppnivået vil vera klare i løpet av neste år, om ingenting uventa dukkar opp.
– Kva skulle dette vera?
– Det veit eg ikkje.
Studentane må vente
Den nye nettløysinga skal gjera universitetet meir publikumsvenleg.
– Det skal bli langt lettare å finne fram på sidene. Vi veit at sidene blir mykje brukt til personsøk, og har lagt vekt på dette, seier Melsom.
Melsom forklarar at det skal bli enklare å søke opp kven som forskar på kva, og at kompetansen som UiO sit med lettare skal koma til syne. Studentane må derimot vente ei stund før alt er på plass.
– Innhald som går direkte på studietilbod er i dag samla på toppnivå, og får ikkje ny form før våren 2010. Målet er april, seier prosjektleiaren.
Budsjettsprekk
Aftenposten meldte i september at arbeidet var forseinka på grunn av samarbeidsproblem i styringsgruppa. Men Melsom forsikrar at arbeidet no går som normalt.
– Det eksisterer ingen store problem lenger, seier ho.
– Sidene til jussen skulle ha vore ferdige 16.november. Har samarbeidsproblema medverka til forseinkinga?
– Absolutt ikkje. Men jussen er ein pilot, og to veker over tida er heilt akseptabelt.
Prosjektet «Ny UiO-web» har vore langvarig og kostbart. Det starta opp i januar 2007, med opphavleg budsjett på 24 millionar kroner. Universitetsstyret har no løyvd 2,8 millionar ekstra. Marina Tofting, assisterande kommunikasjonsdirektør ved UiO, meiner ikkje det er problematisk.
– Ingen visste heilt kva dette kom til å koste. Eg meiner dei traff godt da dei gjorde overslaget i 2006, seier ho.