Studentsolidaritet

Publisert

Denne veka gjennomførar Studentparlamentet sin årlege innsamlingsaksjon. I år, som i fjor, går pengane til den sør-afrikanske studentdrivne organisasjonen SHAWCO. SHAWCO har sidan organisjonen blei skipa i 1943, drive eit viktig og langsiktig arbeid i dei fattige områda kring Cape Town. Det frivillige arbeidet blir stort sett utført av studentar, som mellom anna tilbyr medisinsk hjelp og leksehjelp til skolebarn.

SHAWCO får ikkje nokon form for offentleg stønad til å drive verksemda si, og er difor heilt avhengige av donasjonar. Dette er bakgrunnen for at Studentparlamentet har vedteke at me i år ynskjer å stø organisasjonen gjennom innsamlingsaksjonen vår.

Varky Georg, som er direktør for SHAWCO, var på besøk i Noreg i fjor haust. Han kunne fortelje at pengane frå Studentparlamentet heilt konkret blei brukt til å kjøpe inn fleire nye pc-ar på senteret i Khayelitsha. Dette gjorde at endå fleire elevar fekk høve til å ta del i undervisninga. Varkey gav uttrykk for at SHAWCO sette enormt stor pris på donasjonen, og at dei vona at Studentparlamentet også i år ville stø dei.

Det blir sagt at ein av de beste måtane å skape utvikling på, er å utdanne folket. Føresetnaden er (sjølvsagt) at kompetansa blir i landa og at studentane ikkje flyttar til utlandet etter avslutta utdanning. Fleire land i Afrika har store problem med hjarneflukt, grunnen er at dei fleste med høgare utdanning vel å busetje seg i vestlege land. Det er difor viktig å støtte nettopp SHAWCO, fordi ein då støttar ein organisasjon som jobbar med å utdanne fleire, i eit samfunn som sårt treng utdanning og utvikling.

Det siste året har norske studentpolitikarar slåst for å auke studiestønaden og innføre pensjonspoeng for studiar. Sjølv om dei fleste norske studentane meiner dette er noko vi treng for å kunne studere, er det ingen tvil om at vi er usedvanleg priviligerte.

For mange norske studentar er det å kunne ta høgare utdanning eit krav vi kan stille til samfunnet – og det er langt på veg også eit krav samfunnet har til oss. Der vår utdanning blir finansiert av staten og vi får høve til å bli det vi sjølv ynskjer, er utdanning ein fjern drøm for mange barn og unge i fattigare deler av verden.

Retten til å avlegge eksamen, høve til anonyme eksamenar, høvet til å utelukkande bli vurdert på faglig grunnlag, eller for den saks skuld høvet til å i det heile studere, er rettar norske studentar tar for gitt, men som for mange studentar i fattigare land er å oppfatte som ein utopi. Vi meinar difor norske studentar har eit ansvar for å vise solidaritet med studentar i land, der utdanning og student- og menneskerettar langt ifrå er sjølvsagt. Vi oppfordrar difor alle studentar og tilsette ved UiO til å stø opp om aksjonen, og vere med på å bidra til at enda fleire får høve til å ta utdanning.

(Innlegget er forkortet. red.)

Powered by Labrador CMS