AVMARSJ: Fritt Palestina ropar dei frammøtte medan dei går rundt Blindern.

I dag pakkar dei sammen

14. Oktober vart Palestinacampen på UiO lagt ned og hundrevis var samla på Blindern for ein siste demonstrasjon.

Publisert Sist oppdatert

Fleire hundre møtte opp på Frederikkeplassen for å demonstrere med aktivistane i Palestina-campen, som i kveld pakker ned teltene etter nesten eit halvt år. I denne perioden har mange engasjert seg i campen framfor Villa Eika på Blindern. 

– Frå telta vart satt opp til slutten av juni hadde vi kringom 50 buande per natt på campen. Den interne gruppa består av over 200 medlemmar, og vi får mykje besøkande heile tida, fortel Jihad Ammar Al-Mahdi og Helena Natvig Safi.

Al-Mahdi er leiar for Studenter for Palestina, og Safi er talsperson for Palestina-campen. Dei begge er palestinarar og har familie i dei ramma områda. 

Saknar meir støtte til palestinske studentar

INKLUDERANDE: Jihad Ammar Al-Mahdi og Helena Natvig Safi ynskjer at alle berørte skal få lik behandling av UiO.

Dei to aktivistane fortel at dei ikkje er nøgde med korleis universitetet har ivaretatt palestinske studenter.

– Når krigen i Ukraina starta, var universitetet tidlege med å gje ekstra støtte til ukrainske studentar. Det var først i mai at UiO tilbaud hjelp og rådgjeving til palestinske studentar, fortel Al Mahdi og meinar at dette var for seint.

– Kva med jødiske, eller studentar med tilknytting til Israel, skal dei få same behandling?

– Alle som er berørt skal bli tatt vare på, på lik måte. Det vi ser no er at libanesiske studentar ikkje får lik behandling som andre, fortel Al Mahdi.

Meiner førelesarar unngår temaet

– Temaet knytt Israel blir ikkje tatt opp i undervisning. Førelesningshaldarar vel å unngå det heilt framfor å diskutere det, svarar Safi og Al-Mahdi til spørsmålet om korleis studentane opplever at temaet blir addressert i undervisninga. 

Dei seier det finst ein usikkerheit for temaet blant undervisarar, som følgje av at det ikkje er nok etablert forskning knytt det. 

– Akademia blir usikkert når ein fryktar temaet, seier Safi. 

Studentparlamentet er samde om boikott

Studentparlamentet ved UiO har underteikna eit opprop om at UiO skal innføre akademisk boikott av Israel. 

– Når studentparlamentet støttar for aktiv boikott, og det framleis ikkje blir gjort noko, så undergrevaver leiinga studentdemokratiet. Vi studentar opplever å ikkje bli høyrdt, og vi mistar vår stemme, seier Al-Mahdi. 

Distanserar seg frå Antisemittisme

Antisemitiske haldningar aukar i Noreg, melder fleire nyheitshus. Mykje av det har skjedd etter sjuande oktober i fjor. Eit år etter seier Jonas Gahr Støre i Dagsnytt18, at dei har ein handlingsplan mot antisemittisme.

– Er Palestina-campen med på å spreie antisemittisme?

– Nei, seier dei begge.

– Vi er tydelege om at vi ikkje vil gjere jødiske studentar eller studentar med israelsk bakgrunn usikre eller redde. Vi tar sterk motstand frå antisemetisme, og vi har jobba for å inkludere jødiske stemmer hjå oss, fortel Safi.

Ho visar til at dei har hatt samarbeid med gruppa jødiske stemmer for rettferdig fred, der nokre av dei jødiske aktivistane også budde på campen. 

Påstanden om at dei er antisemittar meiner dei kjem frå uteståande grupper. Men det er ikkje det einaste kallenamnet dei har fått.

– Vi har og vorte kalla blant anna terroristar, antisemittar, idealistar og sauar. Det vi ser er at det ofte er kristne zionistar som gir oss desse kallenamna, seier Al-Mahdi og Safi. 

Plenen på campen er gjørmete, og bannera er tydeleg slitt. Dagens arrangement var den siste hendinga før campen vart teken ned same kveld. 

– Sjølv om vi no tek ned telta, så har vi planar om å vere aktive på andre måtar. Prosjektet vi planglegg er framleis i startfasen, men det blir ein ny måte for studentane å kunne bidra i kampen for eit fritt Palestina, fortel Safi.

Powered by Labrador CMS