OPPDAGET: Det vart funne legionellabakterier i vatnet på OsloMet førre veke. Handspylarane i oppvasken på Fyrhuset vart stengd ned.

Bakteriebesøk i Pilestredet

Dusjane og handspylerane på Oslomet vart stengt førre veke, etter at det vart oppdaga legionellabakterier i vatnet. Høgskulen innfører no nye rutinar for å unngå at det skjer igjen.

Publisert Sist oppdatert

Legionella

  • Legionella er ein slekt av bakterier som forårsakar lungesjukdommen legionærsjuke. 

  • Overførast ved luftsmitte, dvs. at bakterien trekkast ned i lungene gjennom å puste inn aerosoler som inneheld bakterien. Det kan og smittast via vatn som inneheld bakterien. 

Kjelde: FHI

– Det var veldig ekkelt og ubehageleg. Ein kan ha dusja der tidlegare, og blitt smitta utan å vite det, seier Guro Granåsen Petersen (20) student ved Oslomet. 

Legionellabakterier vart funne tysdag 29. Oktober i vatnet på eit te-kjøkken på universitetet. Legionella er ein bakterie som kan forårsake lungesjukdommen, legionærsjuken. Om den blir inhalert gjennom vassdamp. Oslomet handterer no konsekvensane av bakteriene som vart oppdaga. 

KLP Eiendom, som eig bygga universitet leiger i Pilestredet, identifiserte bakteriane etter å ha gjennomført vassprøver. Like etter vart femti dusjar, tilknytta Pilestredet 50 og 52, samt handspylarar til oppvaskmaskiner på Fyrhuset, stengt av. 

– Det er ikkje farleg å drikke vatnet, legionella blir spreidd gjennom damp. Derfor val me å stenge dusjane, til me fekk montert medisinske filter i bygg som hadde same vassinntak, skriver Vigdis By Kampenes, direktør for organisasjon og infrastruktur ved OsloMet i ein e-post til Universitas.

Det bidreg ikkje til at ein har noko meir lyst til å dusje der!

Guro Granåsen Petersen

Ho understrekar at det ikkje er snakk om eit utbrot, men påviste bakteriespor.

 

Lite innbydande 

Halvard Ivarjord (24) er masterstudent ved Oslomet. Han fortel at han vert overraska då han høyrde om bakteriane.

– Eg viste ikkje kva det var, men det høyrdest skummelt ut. Då vart eg litt redd. Eg drikk jo vatnet her og vaskar hendene, seier han. 

Men uroa gjekk over, då han skjønte korleis bakterien blir spreidd. 

Ergoterapistudenten Mari Svensgård (23) vart meir forsiktig og undra på om bakteriane kunne ha spreidd til andre plassar.

– Eg kjem nok til å tenkje meg om før eg tek fasilitetane i bruk, seier ho.

Granåsen Petersen tek lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag, med kroppsøving. Ho har tidlegare tatt i bruk dusjane. 

– Når ein høyrer at bakteriar har fått lov til å blomstre der, blir ein skeptisk. No er ikkje dusjane så veldig innbydande i seg sjølve, og denne situasjonen bidreg ikkje til at ein har noko meir lyst til å dusje der, seier studenten. 

Det høyrdest skummelt ut

Halvard Ivarjord

 

Klor og spyling 

Kort tid etter at bakterien vart påvist, fekk dei installert medisinske filter på alle dusjanlegg og handspylarar, fortel direktøren for organisasjon og infrastruktur. Anlegga har gradvis opna igjen dei siste dagane. Nokre dusjar er framleis nedstengd, då universitetet ventar på nye delar.

Oslomet har allereie vedlikehaldsprosedyrar på plass. Alle dusjhovud blir reingjort med klor to gonger i året. Men etter funnet av bakteriane, vil dei innføre meir-vedlikehald. 

– Me kjem til å innføre spyling av røyra, samt å stenge av dusjar som ikkje har vore i bruk på ein stund, skriv Kampenes, og legg vekt på at dette vil vera dei viktigaste tiltaka.

Ho seier og at det framover vil vera viktig å samarbeide med eigarane av bygget om å innføre regelmessig testing av vatnet. Både på Campus Pilestredet og Campus Kjeller. Det er ikkje registrert smittetilfeller. Universitetet forventar å opne alle dei ramma fasilitetane snart.

Powered by Labrador CMS