MILJØVENLEGE BOMBER: Greta Thunberg meiner at klimakrisa er uløyseleg utan å utfordre både fossilindustrien og militariseringa.

– Palestinakamp og klimakamp heng saman

Greta Thunberg vart kjend for klimakampen. No står no saman med den palestinske rørsla og meiner at hennar generasjon framleis er høgst levande, trass i kva Ola Svenneby seier.

Publisert

Greta Thunberg har vore mål for utallege konspirasjonsteoriar sidan ho starta skulestreikane for klimaet i ein alder av 15. Ho meiner dette er eit symptom på eit samfunn som heller vil angripe bodberaren enn å lytte til bodskapen. 

– Eg meiner, det har vel kome minst éi ny konspirasjonsteori om meg kvar einaste dag dei siste sju åra. Så eg har litt vanskeleg for å halde styr på det, må eg innrømme, seier Thunberg til et fullsatt auditorium i Georg Sverdrups hus på Blindern. Ho er invitert til UiO av studenter for Palestina, for ein samtale med Francesca Albanese, FNs spesialrapportør for dei okkuperte palestinske områdene. 

Thunberg meiner kritikken mot henne ikkje er basert på logikk, men snarare på spreidde falske påstandar. 

Uansett kva den generasjonen blir kalla, er han så visst ikkje død

Greta Thunberg

– Den eine dagen er eg ein ekstremkapitalist, tydelegvis tenande store pengar på å vere aktivist, og neste dag er eg ein ekstremkommunist, seier ho. 

– Den eine dagen blir eg kontrollert av ei jødisk elite, og så, av dei same folka – ofte dei heilt same individa – er eg plutseleg antisemitt dagen etterpå, fortset ho. 

Thunberg finn det ironisk at nokre av dei mektigaste personane i verda føler seg truga av unge menneske som jobbar for ei betre verd, og legg til: 

– Men det morosamaste er når svært mektige personar får raseriutbrot, og legg dei ut på sosiale medium, mot tenåringar som berre prøver å gjere verda til ein betre stad. Det er verkeleg komisk, for det viser at desse menneska faktisk føler seg truga av tenåringar, seier ho og ler. 

AKTIVIST?: Greta Thunberg seier at om du kallar deg ein klimaaktivist, men ikkje står opp for dei som blir koloniserte og marginaliserte, då bør du ikkje kunne kalle deg ein aktivist.

Greta Thunberg-generasjonen 

Etter arrangementet fekk Universitas prate med Thunberg. Vi spurte først om kva ho tenkjer om den norske ungdomspolitikaren Ola Svenneby (H) sin påstand i 2023 om at «Greta Thunberg-generasjonen er død». 

– Vel, personleg veit eg ikkje kva Greta Thunberg-generasjonen er, og eg trur unge menneske blir meir og meir informerte, og meir og meir medvitne om kva som skjer, og dei blir stadig meir rasande. 

Ho legg til at det då handlar om å rette den sinte energien mot dei rette folka – dei som faktisk set alt og alle vi er glade i i fare. 

– Uansett kva den generasjonen blir kalla, er han så visst ikkje død. Mediedekninga av Thunberg har endra seg mykje, og ho påstår at ho ikkje lenger er like synleg etter at ho blei aktivist for Palestina. Blant anna peikar ho på at det ikkje lenger er like mykje dekning av henne og arbeidet hennar i Tyskland. 

– Om ein berre ser på dei politiske og økonomiske interessene som styrer media, er det veldig lett å forstå kvifor dei ikkje likar det når folk seier visse ting, seier Thunberg og legg til: 

– Det er mykje lettare å støtte ei lita jente som seier at vi må redde planeten, enn å støtte nokon som seier at det systemet vi har i dag er grunnleggjande dårleg og fører til umenneskeleg mykje liding. 

Klimarettferd og Palestina 

Det siste året har Thunberg vore ein tydeleg forkjempar for Palestina, noko som har ført til spørsmål om korleis aktivismen hennar har endra seg. 

Ho svarar at ho ser klimakrisa som uløyseleg knytt til sosiale og politiske urettferder, inkludert situasjonen i Palestina. 

– Først, om vi zoomar ut, ser vi at desse tidene blir definerte av globalisert vald, undertrykking og marginalisering. Aukande ulikskap er kriser som forsterkar kvarandre og skaper ubeskriveleg mykje liding. 

Ho kritiserer det ho ser på som vestlege dobbeltstandardar i solidaritetsuttrykk. 

– Når vi uttrykte solidaritet med Ukraina, blei vi ikkje kalla antisemittiske. Men då vi uttrykte solidaritet med Palestina, var det ein heilt annan historie. Kvifor? Fordi det handlar om rasisme. 

Thunberg argumenterer for at klimarettferd og kampen mot kolonialisme og undertrykking er uatskiljelege. 

– Det kan ikkje vere klimarettferd på okkupert land. Vi kjempar mot det same systemet som undertrykkjer marginaliserte menneske, det same systemet som destabiliserer heile planeten og biosfæren, dei livsvilkåra vi alle er avhengige av for å overleve, seier Thunberg og legg til: 

– Om du kallar deg klimarettferdsaktivist, men ikkje står opp for alle menneska som blir koloniserte og marginaliserte og lir i dag, då burde du ikkje kunne kalle deg ein klimarettferdsaktivist. 

Det kan ikkje vere klimarettferd på okkupert land

Greta Thunberg

Militærindustrien og klimadestruksjon 

Den militære industrien er for Thunberg ein stor bidragsytar til klimaendringane. 

– Kampen mot klimakrisa er like mykje ein kamp mot fossilindustrien som han er mot våpenindustrien og militarisering generelt – av openberre grunnar, seier ho. 

I møtet mellom henne og Albanese utfordrar Thunberg dei som ikkje ser samanhengen mellom krig og miljø. 

FN-RAPPORTØR: Francesca Albanese deltok i samtalemøtet med Thunberg om Palestina-konflikten.

– Folk er redde for å bli sett på som radikale eller politiske – men kvifor skulle ikkje klimakrisa vere politisk? 

– Folk er så redde for gransking, så redde for å bli angrepne i media, at dei let den frykta vege tyngre enn motstanden mot krig og folkemord. 

Ho oppmodar klimaaktivistar, fredsrørsler og avkoloniseringsrørsler til å stå saman. 

– Vi kan ikkje ha miljøvennlege bomber. 

Greta Thunberg har lenge vore kritisk til internasjonale klimaforhandlingar, som COP-møta (Conference of Parties). 

– COP-møta har no blitt eit grønvaskingssirkus der vi ikkje utfordrar noko som helst. Forhandlarane og verdsleiarane er framleis redde for å bruke F-ordet. 

F-ordet er meint som fossilt brensel. Ho meiner at desse forhandlingane har svikta i å levere reelle resultat, og hadde COP-møta faktisk fungert, ville vi ha sett reelle utsleppskutt no. 

– Vi bryt 1,5-gradersmålet og eskalerer endå meir inn i ei eksistensiell klimakrise. 

Aktivisme og ansvar 

Under samtalen med Francesca Albanese forsvarte ho ei svært kritisk haldning til aktivisme utan samvit. 

– Om du kallar deg ein klimarettferdigheitsaktivist, men ikkje står opp for alle dei som blir koloniserte, marginaliserte og lid i dag, då bør du ikkje kunne kalle deg ein klimaaktivist. 

Til slutt viste ho oss kvar hennar drivkraft som aktivist kjem frå. 

– Eg treng ikkje vakne kvar dag og kjempe for retten til å eksistere – det er eit privilegium. 

– Og med privilegium kjem ansvar, legg Thunberg til. 

Ho rettar særleg kritikk mot dei med plattformer som vel å vere tause trass i privilegiet sitt, og seier at ho aldri vil tilgi dei som har ei stemme, men vel å ikkje bruke henne. 

Sjølv om ho møter mykje kritikk, held Thunberg fast ved saka si. Når ho blir spurd om korleis ho held håpet oppe, svarer ho: 

– Håp er eit verb. Det er noko du må gjere deg fortent til. 

Thunberg seier vi må halde trykket oppe, vi må kjempe for kvar einaste tidels grad, for kven er vi til å gi opp? 

– Det står rett og slett for mykje på spel

Powered by Labrador CMS