SOLIDARITET: Greta Thunberg og Francesca Albanese deltok på eit samtalemøte om Palestina-konflikten på Blindern.

Greta Thunberg: – Klimakrisa er ei menneskerettskrise

Måndag 10. februar besøkte miljøaktivitst Greta Thunberg til Universitetet i Oslo. – Ingen klimarettferd på okkupert land, seier ho. 

Publisert Sist oppdatert

– Korleis kan ein forvente av ei verd bryr seg om krima, når verda ikkje bryr seg om menneske, spør Greta Thunberg ein fullsett sal i Georg Sverdrups hus på Blindern. 

Ho er invitert for å snakke med FN-rapportør Francesca Albanese om menneskerettssituasjonen i Palestina måndag 10. februar.  

BAND: Salomé Fenber og Salomé Solizzi meiner det er tydelige band mellom klimakrisa og Palestina-konflikten.

Før kveldens arrangement pratar vi med studentar utafor inngangen som har kome for å sjå på. Salomé Solizzi meiner at klimakampen har fått mindre merksemd etter kvart som andre globale kriser har eskalert.

– Alt heng saman med kapitalisme og imperialisme. Klimakrisa har på mange måtar blitt sett til side, spesielt i samband med konflikten i Palestina.

Fleire studentar peikar på at Thunbergs støtte til Palestina har ført til kontroverser.

– Ho var svært populær i Tyskland, men då ho byrja å snakke om Palestina, endra det seg, seier Aisha Erdes (28) og legg til at ho ikkje er like mykje synleg i mediebiletet.

Alessia Marzano (37) frå Italia meiner det er eit tydeleg band mellom klimakrisa og konflikten i Palestina.

KONTROVERS: Alessia Marzano og Aisha Erdes meiner Thunberg blir oppfatta som meir kontroversiell etter at ho engasjerte seg for Palestina.

– Begge kampane handlar om rettferd og menneskerettar. Universitet er stader der aktivisme blir synleg og framtida blir forma, legg Erdes til.

Då vi støtta Ukraina, vart vi ikkje kalla antisemittar. Men når vi støttar Palestina, blir det plutseleg noko heilt anna

Greta Thunberg, klimaaktivist

– Ingen klimarettferd på okkupert land

På møtet kritiserte Thunberg militærindustrien si rolle i klimakrisa.

– Vi kan ikkje ha miljøvenlege bomber.

Thunberg trekker klare linjer mellom antiimperialisme og klimakamp: 

– Ingen klimarettferd på okkupert land, slår ho fast.

Ho peika også på forskjellar i vestlege reaksjonar på ulike konfliktar.

– Då vi støtta Ukraina, vart vi ikkje kalla antisemittar. Men når vi støttar Palestina, blir det plutseleg noko heilt anna.

Korleis kan ein stat anerkjenne folkeretten, samstundes som han investerer i brot på han?

Francesca Albanese, FN-rapportør

Kritiserer norsk hykleri

FN-rapportør Francesca Albanese kritiserte også vestlig dobbeltmoral.

– Verda sanksjonerte Russland umiddelbart, men etter fleire tiår med israelsk okkupasjon og apartheid, diskuterer vi framleis ansvarleggjering.

Ho peika også på at Israel tener økonomisk på militariseringa.

BESØK: Greta Thunberg og Francesca Albanese på besøk på Blindern måndag 10. februar.

– Israel testar våpen og overvakingsteknologi på palestinarar, og sel det deretter som «kamp-testa» til resten av verda.

Albanese tok også opp Noreg si rolle:

– Det norske oljefondet er blant dei største investorane i den israelske okkupasjonen. Korleis kan ein stat anerkjenne folkeretten, samstundes som han investerer i brot på han?

Uventa besøk

Studentaktivistar ved Universitetet i Oslo hadde jobba lenge for å få Albanese til å delta på arrangementet. Men at dei også fekk Greta Thunberg med på laget, var meir enn dei kunne håpe på.

– Vi tok initiativet til å få Albanese til Oslo fordi ho arbeider direkte med internasjonal rett og Palestina-spørsmålet. Då vi fekk vite at ho skulle kome til byen, tok vi kontakt, seier Marta Segone, ein av initiativtakarane bak arrangementet.

I forkant av samtalemøtet møtar Universitas Segone og medarrangør Jihad Ammar Al-Mahdi.

Deltakinga til Greta Thunberg var derimot ikkje venta.

ARRANGØRAR: Marta Segone og Jihad Ammar Al-Mahdi.

– Dei som organiserer Albaneses besøk, spurde oss kva planen vår var for arrangementet. Så fortalde dei at Thunberg skulle vere i Oslo samtidig, og at ho gjerne ville delta saman med Albanese. Dei spurde om vi var komfortable med det – så vi trong eigentleg aldri å kontakte Greta direkte, seier Segone og fortset: 

– Det var berre utruleg god timing.

Dei seier at målet med arrangementet er å informere studentar om internasjonal rett og situasjonen i Palestina frå eit fagleg perspektiv.

Sjølv om Thunberg hovudsakleg er kjend som klimaaktivist, meiner Al-Mahdi at hennar deltaking gjev arrangementet ekstra tyngde.

– Å vere pro-palestinsk handlar ikkje berre om Palestina, men om å stå opp mot urett uansett kvar ho skjer. Når Greta engasjerer seg i denne saka, viser det at dette er ei breiare rettferdsrørsle. Ho ser nok på dette som ein grunnleggande urett, og dersom vi ikkje kan løyse dette, kva kan vi då løyse?

Powered by Labrador CMS